Inga skam å snu. Men kor går vegen nå?

KOMMENTAR: Etter eit uvanleg dårleg stykke politisk arbeid, droppa Stavangers nye raudgrøne fleirtal til slutt dei fleste kutta i kulturfeltet. I sitt endelege budsjett røper dei sin langsiktige ambisjon for kulturpolitikken i Stavanger: Å få ned kostnadene.

Publisert: Publisert:

Stavanger har lenge vore den norske storbyen som bruker mest pengar på kultur per innbyggjar. Her legg dåverande ordførar Leif Johan Sevland (H) ned grunnsteinen til det nye konserthuset på Stavanger 2008s siste dag. Foto: Kenneth Bjerga

Stavangers nye posisjon har ikkje kome veldig godt ut av sitt første forsøk på å laga kulturbudsjett. Då fleirtalspartia la fram sitt budsjettforslag i slutten av november, fanst «kultur» bare som ein innsparingspost. Det skulle kuttast to ekstra millionar kroner til Sølvberget, 300.000 kroner til Kunsthall Stavanger og 900.000 kroner til det frie feltet - sjølv om posisjonen to stader skreiv at det frie feltet skulle skjermast. Nå er alt dette reversert.

Politikarane skjøna tilsynelatande lite av korleis kutta ville ramma eller korleis dette skulle gjennomførast i praksis. Ei mildt sagt overraska leiing på Sølvberget skulle til dømes i løpet av nokre få førjulsveker finna ein måte å spara inn to ekstra millionar kroner. Før dei plutseleg, nokre få timar før årets siste styremøte torsdag ettermiddag, fekk beskjed - via Aftenbladet - om at dei ikkje skulle kutta desse pengane likevel.

Det var ikkje bare styreleiar Hilde Karlsen (H) som var lite imponert over den prosessen.

Les også

Stavangers nye fleirtal kuttar millionar i kulturbudsjettet

Les også

Frå vondt til verre for Sølvberget

Les også

Snur om kuttene til Sølvberget - Madla bibliotek kan være reddet

Det frie feltet

Politikarane hadde tydelegvis heller ikkje sett seg inn kva dei to postane dei skulle kutta 900.000 kroner frå faktisk blei brukt til, nemleg det frie feltet. Nå viser fasiten det fleire har påpeikt, nemleg at reknestykket ikkje går opp: Du kan ikkje både seia at du skal skjerma ein million til det frie feltet og samtidig kutta 900.000 kroner til det frie feltet.

I det endelege budsjettet kompenserer posisjonen kuttet med opprettinga av eit fond på 1 million kroner for det frie feltet «hvor de kan søke midler for utøvelse av kunsten», som det står. Kva denne potten skal rettast mot som dei ni eksisterande kommunale ordningane ikkje allereie dekkar, er foreløpig uklart.

Les også

Skal me tru det politikarane seier eller det dei kuttar?

Kritiske spørsmål

Det har også vore interessant å sjå korleis Stavangers nye fleirtal har handtert dei kritiske spørsmåla som dukka opp i etterkant av framlegget til budsjett - spørsmål dei burde visst at ville koma, om dei hadde forstått noko av kulturlivet og journalistikken. I staden for å stå for, forsvara, forklara eller argumentera for kutta, blei det framfor alt veldig stille frå dei fleste. I den grad nokon har svart, har det gått mykje i «God dag mann, økseskaft.» Eller piggane har stått rett ut. Det er neppe å ta i å hevda at saklegheitsnivået i debatten har variert.

Alt dette har kome overraskande på fleire enn meg. Sjølv om dette er dei raudgrønes første budsjett, er dei ikkje noviser i politikken. Kvifor gjorde dei ikkje grundigare analysearbeid i forkant av kutta? Kva var kommunikasjonsstrategien deira i etterkant?

Les også

Blåmåndag for raude kulturfolk

Hovudgrepet består

I det endelege budsjettdokumentet er «kultur» heldigvis med. Posisjonen skriv at «Nye Stavanger skal fortsatt tilby et rikt, variert og godt tilgjengelig kunst- og kulturtilbud til alle våre innbyggere. Vi bygger våre hovedsatsinger på sist vedtatte Kommunedelplan for kunst og kultur 2018-2025». Dei fører, med andre ord, vidare hovudgrepa i kulturpolitikken frå det førre regimet - ein politikk det i stor grad har vore konsensus om i stavangerpolitikken.

Eg har tidlegare etterlyst om dei raudgrøne har nokon eigne idear eller ambisjonar i kulturpolitikken. Og i punkt 8.3 i budsjettdokumentet dukkar det endeleg opp heilt nye tonar - som eg er usikker på korleis vil klinga i kulturfeltet. Her står det: «Samarbeidspartiene registrerer at kostnadsnivået på de fleste områder i kommunen er betydelig høyere enn sammenlignbare kommuner. Dette gjelder spesielt innenfor helse og omsorg, og kultur og idrett. (...) Kommunedirektøren bes utrede årsaken til at differansen er så stor, og hvilke tiltak kommunen kan iverksette over en lengre periode for å minske gapet.»

Opp med handa den som trur dette betyr auking i kulturbudsjettet framover.

Men Stavangers nye, raudgrøne fleirtal skal ha ros for at dei har lytta til motargumenta dei har fått, for evna til å snu. Eg er heilt einig i at det ikkje er noko skam, heller tvert om.

Men det skal bli interessant å sjå kor vegen etter alle U-svingane nå går.

Publisert: