Kor mange byrå­kratar trengst? Eigentleg?

KOMMENTAR: Neste veke er statsbudsjettet her. Då må sjukehuset anten få meir pengar, eller klar beskjed om kva dei skal kutta ut.

Helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol (Ap) besøkte nye SUS i juni.
Publisert: Publisert:
iconKommentar
Dette er en kommentar. Kommentarer skrives av Aftenbladets kommentatorer, redaktører og gjestekommentatorer, og gir uttrykk for deres egne meninger og analyser.

«Vi driv jo ikkje med vekst, vi», sa ho. Ei av dei som hadde fått meg opp frå ei sjukehusseng, ut på golvet, lært meg å gå utan støtte, klara meg sjølv, flytta heim, sykla, køyra bil. Ha omsorg for barna mine. Koma tilbake i jobb. Ha inntekt, betala skatt. Ha ansvaret for eige liv og eigne dagar. Barnas liv og barnas dagar.

Altomfattande for meg. Og heilt absurd at ikkje det skulle vera å driva med vekst. Men eg forstår det jo. Den offentlege helsesektoren skapar ikkje inntekter for staten. Dei driv på statens rekning.

Langt bak budsjett

Sjukehuset vårt, SUS, ligg 187 millionar bak sitt eige budsjett. Dei har fått inn fleire og dårlegare pasientar, dei har høgare utgifter til overtid, innleige og ekstravakter, og dei har hatt høgare sjukefråvær. Og dei har ikkje fått opp aktiviteten. Ikkje nok. Aktiviteten er stort sett dei planlagde operasjonane. Det er der dei kan klara å tena pengar. Det gjer dei viss dei klarer å driva meir effektivt enn standarden. Klemma inn ein operasjon ekstra. Ein slags akkord, altså. Men driv dei for effektivt, blir det stramma inn på kva som er standard. Slingringsmonnet er på ingen måte uendeleg.

Den andre måten å laga større avstand mellom inntekter og utgifter på er sjølvsagt å få ned utgiftene. Jobba smartare, kutta fleire hjørne, få dei som kjem inn på akutten fort ut igjen viss det berre er litt samanlapping som trengst, så ikkje pasientar på vent hopar seg opp i den store ventesalen. Då kjem personalet til kort, fleire må inn, og kostnadene stig igjen.

Og snart kjem statsbudsjettet. Neste torsdag. Der alle pengane til sjukehusa ligg. Kjem det meir pengar nå? Til det nye halve sjukehuset vårt, der den delen dei held på med nå blei knapt ein halv milliard dyrare enn rekna med, på grunn av krig og høgare kostnader? I det reviderte statsbudsjettet i vår viste regjeringa omsorg for sitt eige bygg, som hadde det på same måten, og sende over ekstra pengar. Men ikkje til oss. Det bør dei gjera nå. Meir er det ikkje å seia om det.

Men drifta?

Når sjukehuset vårt er så tynt for pengar, sjølv om dei finn lurare måtar å springa på og kjappare måtar å få pasientane ut igjen på, sjølv om dei alt er ganske gode på slikt, så bør det vel også koma meir pengar inn i systemet?

Eg trur det må det nå.

Sjølv om det aldri vil bli nok. Vi blir eldre, vi blir sjukare, vi blir grenselaust kravstore når hjelpa er gratis. Budsjettet til Helse- og omsorgsdepartementet har det med å leggja på seg, år etter år etter år. Vi ligg på topp blant OECD-landa i kor mange legar og sjukepleiarar vi har per innbyggjar. Vi slår Sveits, til og med.

Det kloke i den ganske utskjelte føretaksmodellen vi held oss med er tanken om at sjukehusa sjølv skal ha hendene på rattet. Om det er ny MR-maskin som trengst mest, eller utstyr til intensiven. Det kan vera praktisk å halda seg utanfor det som ville blitt ein lang kø av trengjande i Oslo, der dei som skal ordna køen, til dagleg sit langt borte frå våre problem.

Det dumme i modellen er at folka som jobbar ved sjukehusa, kan kjenna seg som vandrande utgiftspostar. Som på ingen måte driv med vekst. Og dette rattet ein har hendene på kan jo berre svingast litt. Ein kan operera litt meir. Finna ein litt betre måte å jobba på. Men så må ein over på å stoppa innleige av eksterne folk, knipa igjen på alle avdelingar. Viss ein går heim kveld etter kveld og kjenner at ein ikkje fekk gjort jobben, ikkje nådde rundt, viss ein måtte skriva ut pasientar i psykiatrien som ein veit ville hatt utbytte av lenger behandling, viss ein for lenge har kjent hjarta i halsen for at fleire ting skulle skje samtidig på akutten – eller for at for mange på føden føder samtidig. Viss ein ikkje kan vita om ein når å henta barna sine på SFO i dag heller. Så er det vanskeleg for sjukehuset å halda på folka sine. Og å få tak i nok gode folk. Det tener ingen.

Kjerkol har så langt svart på uløyste helseflokar med å oppretta det eine utvalet etter det andre.

Flokene

Dei offentlege sjukehusa våre er navet i heile systemet. Det er dei som garanterer for lik helsehjelp, dei utdannar spesialistar og tar over når ein operasjon i private føretak ikkje gjekk etter planen. Dei kan ikkje berre driva med det som er lettast å få gjennom.

Viss sjukehusa ikkje skal få meir pengar inn i systemet nå, så må dei få klare føringar på kva dei skal kutta heilt ut. Kva dei ikkje skal driva med, rett og slett. Og får dei meir pengar, så kan nok helseminister Ingvild Kjerkol (Ap) finna andre stader å kutta. For eg forstår jo det at dei kan ikkje veksa inn i himmelen, utgiftene til helse.

Det er alt varsla at Folkehelseinstituttet kan måtta nedbemanna med 245 stillingar. Dei skal tilbake til nivået før pandemien. Det er fornuftig.

Men elles har Kjerkol så langt svart på uløyste helseflokar med å oppretta det eine utvalet etter det andre. Over hundre sannsynlegvis gode folk jobbar i ulike utval med ulike bitar av helsevesenet. I tillegg har ho byråkratane i eige departement å spela på. Og dessutan heile Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet å be om råd i ulike typar flokeløysing.

Sjukehusa har hatt hendene på rattet sjølv i tjue år, gjennom føretak som Helse Vest. Ein kunne tru at det også ville ta bort behovet for ein del helsebyråkratar i Oslo? At ein snart kunne kutta litt?

Det kjem nok ikkje klare svar på det. Heller det motsette. Kjerkol har nemleg også oppretta eit prosjekt som skal gå gjennom roller og ansvar og effektivitet i sentral helseforvaltning. Det blir det neppe færre byråkratar av.

Publisert: