Prisutdeling på tv er kjedeleg

KOMMENTAR: Rekordfå såg årets Oscar-utdeling. Det forstår eg godt.

«Nomadland» vann pris for beste film, beste regi og beste kvinnelege hovudrolle på årets Oscar-utdeling.
  • Jan Zahl
    Jan Zahl
    Kulturjournalist
Publisert: Publisert:

Såg du årets Oscar-utdeling? Ikkje eg heller.

Ikkje at eg nokosinne har vagla meg i sofaen natt til ein måndag for å sjå Hollywood feira seg sjølv. Knapt nokon nordmann har gjort det.

Men verre for Hollywood, filmindustrien, tv-selskapet ABC og annonsørane som betalte to millionar dollar for halvminuttlange reklamesnuttar, er det at så få amerikanarar såg tv-sendinga. Fjorårets utdeling – tidenes første Oscar med koronatiltak – hadde rekordlåge sjåartal, med 23,6 millionar. I år raste tala ned 58 prosent, til under ti millionar. For den attraktive aldersgruppa 18–49 år er fallet endå djupare, med 64 prosent, skriv New York Times.

Oscars nedtur

Det er liten tvil om at koronaen er ein del av forklaringa. Éin ting er at kinoane har vore stengde og det knapt har kome nye (stor) filmar i løpet av koronatida. Som igjen hadde konsekvensar for glamour- og stjernefaktoren på årets utdeling.

Ein annan ting er at fleire enn meg nok er møkka leie av nedskalerte, smitteverntilpassa og reserveløysingsprega tv – og digitale møte. Store show treng energien som ligg i eit levande publikum, samhandling og kontakt mellom sal og scene, på same måte som konsertar, teater og debattar (og møte). Koronavennlege, digitale løysingar er og blir buss for tog.

Men om Oscar-utdelinga i år fekk seg ein ekstra bratt knekk på grunn av koronaen, føyer fallet seg samtidig inn i ein meir langsiktig trend: Sjåartala for Oscar har gått nedover heilt sidan 1998. Då såg over 57 millionar showet, då «Titanic» vann prisen for beste film. Kor mange av dykk har sett – eller høyrt om – «Titanic»?

I år vann «Nomadland» prisen både for beste film og regi – mens «Mank» på førehand hadde flest nominasjonar. Kor mange av dykk har sett – eller høyrt om – «Nomadland» og «Mank»?

For å seia det på ein annan måte: Det er ikkje lenger slik at dei filmane folk ser og snakkar om er dei filmane Oscars handlar om. Marvel-universet samlar store publikum, men blir aldri nokon Oscar-grossist.

Falmande stjerner

Dermed funklar heller ikkje Hollywood-stjernene heilt som i gullalderen. Frances McDormand (63) er ein fantastisk skodespelar og vann ein velfortent Oscar for beste kvinnelege skodespelar for rolla si i lågbudsjettfilmen «Nomadland». Men blant unge er nok Charli D’Amelio og Kylie Jenner langt meir kjende og større stjerner. D’Amelio (blir 17 år på laurdag) er verdas største på Tiktok (114 millionar følgjarar), mens Jenner (23) er nummer fem på Instagram, med 225 millionar følgjarar.

Det er, som kjent, dei unge som skal arva landet.

Fallande appell

Oscar-showet er ikkje den einaste prisutdelinga som slit på tv. Også Grammy, Emmy og Golden Globe opplevde historisk dårlege tal i år.

Dei tv-sende prisutdelinganes fallande appell er heller ikkje isolert til å gjelda USA. Også her i landet har det i mange år vore diskusjonar og redningsforsøk av tidlegare flaggskip som både Spellemannprisen og Amandashowet – etter at Brageprisen (litteratur) forsvann frå tv-skjermane for årevis sidan. Heddaprisen (teater) strøymer si utdeling på Facebook.

I fjor var Amanda tilbake på NRK for første gong sidan 2005, etter ein kort og uglamorøs strøymetur innom VGTV etter at TV2 droppa tv-showet i 2018. Då NRK tok Amanda tilbake, plasserte dei likevel ikkje prisutdelinga i gullrekkja på NRK1, men på kanalane for spesielt interessert: NRK2 og P2.

Nye medievanar

Mykje av prisutdelinganes fallande popularitet skuldast sjølvsagt nye sjåarvanar. I eit uendeleg tilbod av strøyming er det knapt nokon under 50 år som ser lineært tv lenger. Leirbål-effekten der «alle» ser og snakkar om det same (NRK-) programmet, fordi det berre fanst éin eller to kanalar, er borte for alltid.

Men i tillegg er det jo ikkje til å stikka under ein stol at prisutdelingar på tv er kjedeleg. Eigentleg er det internarrangement. Misforstå meg rett: Eg er hundre prosent for internarrangement, for at ulike bransjar feirar seg sjølv og sitt eige handverk. Men du skal vera ganske langt over snittet interessert i film – eller i slekt med dei nominerte – for å sitja ytst på sofakanten heime i stova, i spenning over kven som vinn Amanda for beste klipp eller lyddesign.

Det er forresten heller ikkje toppen på underhaldning når prisvinnarane stolte og rørte går fram til mikrofonen, stotrar og stammar og takkar ein haug folk du aldri før har høyrt namnet på. Og så sprenger dei alle tidsrammene dei har fått streng beskjed om å halda seg innanfor. Til å jobba med stram regi og brei underhaldning til dagleg, viser filmfolket seg å vera forbløffande vanlege når det handlar om dei sjølv.

I staden for å gråta veldig salte tårer over at folket ser ut til å forlata dei store prisutdelingane, syns eg me skal la dei ulike kulturbransjane feira seg sjølv i fred, fritt for tv-kamera og krav om å vera så fordømt underhaldande på årets mest nervøse kveld.

Så kan me andre heller konsentrera oss om alt det fine desse menneska lagar av filmar, musikk, bøker og teater.

Publisert:

Kommentator Jan Zahl

  1. Det smilande makt­skiftet

  2. Blant dei som har stått fremst i kjefte­køen, er dei som nå skal ta over makta

  3. «Mangfald» er det nye moteordet – også i kulturlivet. Men korleis får ein det til utan å enda i den reine parodien?

  4. «Er det verkeleg val­kampen som får deg til å bestemma kven du skal stemma på?»

  5. Kulturjobbar er visst ikkje som andre jobbar

  6. «Såg du årets Oscar-utdeling? Ikkje eg heller»

  1. Kommentator Jan Zahl
  2. Kommentar
  3. Prisutdeling
  4. Hollywood
  5. Oscar