Jarl Wåge: Nullvisjon Norge

GJESTEKOMMENTAR: Den pengegriske predikanten Jan Hanvold og tv-kanalen Visjon Norge likar ikkje kritikk. Utskjelling («jævla drittsekk») og fjerning av en kritikar frå Twitter er mellom reaksjonane. Det siste var eit tveegga sverd.

Publisert: Publisert:

Ikkje lite, du! Predikanten Jan Hanvold bind «Mammons demoner», direkte på fjernsyn, slik at sjåarane til Visjon Norge kan frigjerast frå Satans grep og gje han endå meir pengar. Foto: Skjermdump fra Visjon Norge

  • Jarl Wåge
    Lærar og skribent
iconDenne artikkelen er over tre år gammel

«De er jammen meg pengegriske der i NRK», seier Jan Hanvold i tv-kanalen Visjon Norge i ein videosnutt som er lagt ut på Twitter. Dermed sette han ein alle tiders uslåeleg verdsrekord i mangel på sjølvinnsikt. Han har ikkje ein bjelke i eige auge, men ein heil redwood-trestamme. For dette er mannen som i dei seinare åra har gjennomført ein gullkalvdans så heidundrande at ein aldri har sett maken her på berget.

«Gjerrige folk, de kommer ikke inn i Himmelen, det er garantert, altså. De går til Helvetet, for gjerrighet er det verste Gud veit.»

Fekk sletta kontoen

@smultringer, som var «Helene Harepus» sin Twitter-konto, er vekke.

Vi som har følgt «Helene Harepus» på Twitter, har hatt tilgang til ei rekkje latter- og gruoppvekkjande videosnuttar frå Visjon Norge som ho har delt med oss. Dette fall i så dårleg jord hos Hanvold at det blei sendt inn klage. Resultatet var at kontoen blei stengt.

Det var ikkje akkurat eit sjakktrekk, skulle det vise seg. Spontant dukka det opp #FreeHeleneHarepus-grupper som fører «arbeidet» hennar vidare. Dermed florerer det med nye snuttar frå tv-selskapet med måpe- og «du-trur-det-ikkje-før-du-får-sjå-det»-faktor høgare en Mount Everest.

Som når Hanvold vier ein heil sekvens til femtilappen; denne foraktelege pengesetelen som enkelte er så freidige å leggje i kollektbøssa. «De formeleg krøster lappen i handa før de slepper den oppi», fnyser han. Og legg til at Gud formeleg hatar gjerrigskap. At det der mykje betre å ikkje leggje i pengar enn å vere gniar. «Gjerrige folk, de kommer ikke inn i Himmelen. Det er garantert, altså, de går til Helvetet, for gjerrighet er det verste Gud veit», seier han.

I ein videosnutt opererer Hanvold med «Guds finansengler» som skal inspirere til å la det flyte pengar inn på kontoen hans.

Pengar, pengar, pengar

Ein annan gong oppfordrar han folk som ikkje har pengar, til å ta opp lån for å yte sin skjerv. Sikkert det lettaste som finst no som låneinstitusjonar kastar dyre kredittlån etter oss. Visjon Norge tilbyr òg vegleiing i å setje opp testament for dei som etter kvart skal forlate denne verda. Her er det ikkje berre ein bukk, men heile geiteflokken som tilbyr seg å passe havresekken.

I ein videosnutt opererer Hanvold med «Guds finansengler» som skal inspirere til å la det flyte pengar inn på kontoen hans. «I Jesu navn.» Motsatsen er Satan sine «mammonenglar» som prøver å hindre at dette skjer. Plutseleg bryt han ut i song: «Løs opp lommeboka di mann, la det flyte inn med peng, lukk opp kontoen din søster.» Kanskje er det slik at Gud sender finansenglar hans veg, men han kan pinadø vere glad for at Jesus ikkje vandrar her på jorda. Han hadde kjeppjaga pengepugaren og bede han om å ikkje gjere Guds hus om til ei krambu.

Plutseleg slår det meg at Hanvold truleg bare har slankande speglar heime hos seg sjølv.

Muslimen Barack Obama

No er det ikkje berre gjerrigskap den hanvoldske designguden hatar. Han og Hanvold er faktisk ganske så fulle av hat og forakt. Mot homofili til dømes. Og andre religionar. «Halleluja!» «Islam er krig og terror, og alle må underkaste seg denne ørkenguden», som han kallar han. I ein snutt slår han kategorisk fast at Barack Obama er muslim. Han kan fortelje at han innførte bønn i Det kvite hus, vendt mot Mekka, fem gonger om dagen, og at det då måtte vere heilt stille der.

Og Buddha, mine damer og herrar! «Buddha-statuer er direkte vemmelege. Denne feite mannen med den digre vomma.» Han forstår ikkje at nokon kan tilbe denne feite grisen. Plutseleg slår det meg at Hanvold truleg bare har slankande speglar heime hos seg sjølv.

Minst like ille er det med hinduismen. «I India tilber de rotter. Mange sier vi skal respektere andre religioner. Jeg gjør ikke det. Jeg føler forakt. I Jesu navn!»

«Journalistar er tjukke i hue hele gjengen, går i tog og har null kontakt med grasrota.» Det fall han nok tungt for brystet at NRK Brennpunkt avslørte kreativ og akrobatisk bokføring i Visjon Norge. Det gjekk i alle fall viralt då han på ikkje akkurat Jesu vende-andre-kinnet-til-vis fortalt ein NRK-journalist at han var ein «jævla drittsekk!».

  • Sjå NRK Brennpunkt-dokumentaren

«Homoløgnene»

I eit innslag har han med seg ein gjest i studio som skal avsløre dei fire «homoløgnene»:

  1. At det er medfødt. Denne gjesten veit at det er ein erverva skavank.
  2. At ein ikkje kan bli kvitt det. Berre tull. Ein kan lett bli hetero igjen. Litt djevleutdriving, og vips, så er ein frisk att. Eller har fått tilbakefall, som enkelte vil kalle det.
  3. At dei er så mange. Det er bare tull. Her bles ein visst berre opp tala.
  4. Oops! Den kom ikkje homoløgn-eksperten på i farten.

Hanvold uttaler seg og med stor autoritet om det tredje kjønn. Det finst ganske enkelt ikkje. «Hen» er noko intellektuelle har funne på. Sosionomar og psykologar, og dei er jo bare dei dummaste. Han dunkar peikefingeren mot tinningen for å understreke dumskapen. Det er bare å sende dei til han, så skal nok han drive «hen-demonane» ut av dei.

Når Oslo Symposium i Visjon Norge-regi igjen går av stabelen, kan vi vere sikre på at den «kristne» makteliten kjem zummande som kveps til ei honningkrukke.

Sentrale politikarar på laget

I tre tiår har ei rekkje nyhetsmedium rive den fromme maska av predikanten Jan Hanvold og vist han som den kyniske spekulanten i naud og fortviling han er. Men i stemmefiske er ikkje noko heilag, då kjem politikarene. Sylvi Listhaug er mellom dei framståande av dei som fleire gonger har vore gjest hos Visjon Norge og Jan Hanvold. Foto: Frode Hansen, VG/Scanpix

Visjon Norge har mektige vennar. Då kanalen nyleg fylte 14 år, fekk dei hyllingsvideoar frå blant andre Listhaug i Frp og Hareide og Syvertsen i KrF. Ikkje eitt kritisk ord, ikkje eitt spørsmål. Berre gratulerer og celebrerer.

Når Oslo Symposium i Visjon Norge-regi igjen går av stabelen, kan vi vere sikre på at den «kristne» makteliten kjem zummande som kveps til ei honningkrukke. Ikkje eit kritisk ord då heller. Dei kastar ut dei lekraste slukar og agn. For det leikar veljarar ned i kavet, og dei stemmane vil dei skal bite på.

Om #heleneharepus nokon gong slepp fri, veit eg ikkje. Men sjølv om «kristne» maktpersonar ikkje hengjer seg på, har ho sett i gong ei grasrotrørsle mot nullvisjonen til Hanvold som han truleg aldri såg føre seg då han sende inn klage på profilen hennar.

Publisert:

Les også

  1. Sven Egil Omdal: «En Gud skapt i Hanvolds bilde»

  2. Debatt: «Når man har tatt plass i setet, begynner taksameteret å løpe»

Mest lest akkurat nå

  1. – Muligens en eller to flere som er positive

  2. Vasker du kjøkkenbenken før eller etter at du lager mat? Det har noe å si

  3. «Alle prestasjonene er hans egne, men vi har gjort det veldig lett for ham»

  4. Trump tar kraftig innpå Biden

  5. Stavanger-lege dømt for bedrageri og underslag

  6. Forbrukerrådet mistenker at Lyse driv prisjuks

  1. Gjestekommentar
  2. Jarl Wåge
  3. Homofili
  4. Religion
  5. Twitter