Mars-barometer: SV er på veg opp, Solfrid Lerbrekk kan gjerne smila

SV hadde si sterkaste snittmåling sidan stortingsvalet 2013 i mars.

Publisert: Publisert:

Solfrid Lerbrekk er førstekandidat for SV ved valet til hausten. Ho kan vona på utjamningsmandat dersom gallup-framgangen for partiet nasjonalt held fram til valdagen. Foto: Pål Christensen

  • Jarle Natland
    journalist
iconDenne artikkelen er over tre år gammel

I alt ti nasjonale meiningsmålingar vart publisert i mars 2017.

Nokre tydelege tendensar: Den borgarlege, eventuelt ikkje-sosialistiske, konstellasjonen frå Nydalen er i tydeleg mindretal.

Les også

Februar-barometer: Sp er alt anna enn oversett og overkjørt

I mars hadde Nydalen-partia (Høgre, Frp, Venstre og KrF) no 78 mandat, sju mindre enn det som krevst for å ha fleirtal på Stortinget.

Dei raud-grøne (Ap, Sp og Sp) har fleirtal for femte månaden på rad.

Vinn eller forsvinn

Grunnen til at skilnaden vert så stor sist månad er at Venstre hamnar så vidt under sperregrensa i snitt. Det vert tydelegare og tydelegare at eit ikkje-sosialistisk fleirtal heng på at Venstre karrar seg over grensa på 4,0 prosentpoeng.

Den aller svakaste Venstre-målinga kom som ei helsing frå kristenfolket i Vårt Land ved opninga av landsmøtet: 2,7 prosent.

Venstre kan naturlegvis vona på røyster frå borgarlege som tenker taktisk. Men den openlyse regjeringskrangelen og uvissa om kvar Venstre går etter valet kan fort redusera talet på taktiske røyster.

Samstundes har Venstre låg lojalitet blant veljarane.

Bladet Forskerforum presenterte måndag faretrugande tal i så måte som viser at Venstre har mista kvar tredje veljar i Forskarforbundet, ei gruppe der utdanningspartiet Venstre tradisjonelt har stått sterkt: Heile 11,4 prosent av medlemene i Forskarforbundet røysta Venstre i 2013, viser undersøkinga.

Les også

Januar-barometer: No går mykje Trygves veg

Allereie 1. april kom det elles ei god måling for Venstre (Dagbladet/Sentio), same helga som partiet hadde landsmøte. Nye meiningsmålingar vil visa om landsmøtet til Norges eldste parti har same positive effekt som mellom Høgre og SV har opplevd.

Venstre blankpussa den ideologiske og idealistiske fana sist helg. Det vil visa seg kor stor appell blankpussinga har.

SV ligg over grensa igjen

Der Venstre fell under, krabbar SV over og sikrar seg viktige utjamningsmandat. Dersom desse tala hadde vore val, ville Iselin Nybø ha mista utjamningsmandatet i Rogaland. SVs Solfrid Lerbrekk ville ha gått inn.

Iselin Nybø. Foto: Aasland, Jarle

Den nye Venstre-gruppa ville ha vore på tre personar totalt, mot ni i dag.
SV-leiar Audun Lysbakken stilte fire ultimatum for å kunne gå i regjering med Ap og Senterpartiet, men ingen ultimatum for å fella den blå-blå regjeringa.

Den tøffe kravlista frå Lysbakken og SV-landsmøtet ser ikkje ut til å ha svekka partiet – som hentar røyster særleg frå Ap.

Senterpartiet siglar fram på gallupane og pustar Frp i nakken som Norges tredje største parti.

Også Senterpartiet hadde landsmøte i mars. Ein einaste lang fest på Lerkendal der det vart spøkt med at største kampsaka var kampvotering om femte vara til studieforbundet.

Stel frå alle

Senterpartiet stel røyster frå omtrent alle andre parti, inkludert Ap.

Som Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum fastslo på Lerkendal: Partiet har ikkje snudd kappa etter vinden, det er vinden som har snudd. Sp har alltid vore mot EU (EF/EEC) og sentralisering, for distrikta og "heile nasjonen".

Les også

Kommentar: All grunn til å ropa ulv, ulv, Varg Vedum

Dessutan er Senterpartiet minst like innstilt på streng innvandringspolitikk og nikab-kontroll som Frp. Helsepolitisk barometer sist veke viste at innvandrings- og integreringspolitikk er viktigaste tema for veljarane i 2017.

Mens Sp-framgangen og SV over sperregrensa sikrar det største raud-grøne fleirtalet på fem månader, ser Arbeidarpartiet ut til å vera på ein liten nedtur. Oktober i fjor var eit høgdepunkt for Jonas Gahr Støre med drygt 36 prosent.

Sidan har det gått nedover.

Dersom me brukar valprogrammet Celius og reknar ut Rogalands-benken frå snittet av nasjonale meiningsmålingar korrigert mot kva me røysta i Rogaland i 2013, ser me at Senterpartiet er nærast å mista eit mandat. Kristeleg Folkeparti er nærast å vinna tilbake andremandatet.

Publisert:

Les også

  1. Desember-barometer 2016: Kan SV koma inn frå Rogaland?

  2. November-barometer i budsjett-kaosets tid: Raud-grønt fleirtal er tilbake

  3. Barometer for september: Sp i siget

Mest lest akkurat nå

  1. Etterlyser stjålet BMW i3 som kjøres av ruset 16-åring

  2. Hvis du ikke holder tunga i rett munn, ender du fort i feil seng

  3. På vei til byen på hjemmelaget flåte

  4. Trafikk­ulykke på E 39 i Kvinesdal – seks personer til sykehus

  5. Rekdal har fått ny trenerjobb: – En naturlig utfordring

  6. Trolljeger­prøven 2020 er annerledes, men innsatsen er like stor

  1. Politisk barometer
  2. Trygve Slagsvold Vedum
  3. Audun Lysbakken
  4. Jonas Gahr Støre
  5. Kristelig Folkeparti (KrF)