Demokratiet under press i verda, kan vi miste gnisten hos oss også?

GJESTEKOMMENTAR: I det globale biletet liknar Nord-Europa stadig meir eit kuriøst unntak med sine vellukka liberale demokrati. Kva seier underliggande trendar om framtida?

Publisert: Publisert:

«Ein ting er det globale demokrati-tilbakeslaget i Asia, Afrika og Latin-Amerika. Men kva skjer med demokratiet i Aust-Europa og USA – og med oss?» skriv Svein Erik Tuastad. Foto: Shutterstock/NTB scanpix

  • Svein Erik Tuastad
    Statsvitar og dr. polit., Universitetet i Stavanger
iconDenne artikkelen er over ett år gammel

For 25 år sidan såg det ut som om det liberale demokratiet stod att på verdsscena som ideologisk og realpolitisk sigerherre; autoritære sjarlatanar var plasserte i skammekroken til historia. No er demokratiet i krise, ifølgje ei rekkje demokrati-indeksar. Situasjonen har ikkje vore like alvorleg sidan 1930-talet, ifølgje Ronald Inglehart, ein av dei leiande demokratiforskarane i verda dei siste tiåra. Inglehart har vore drivkrafta bak den globale og unike verdiundersøkinga WVS. Tala eg straks presenterer, er frå denne.

Kan demokratiet miste gnisten her heime også? Ein ting er det globale demokrati-tilbakeslaget i Asia, Afrika og Latin-Amerika – slik den pålitelege forskingsstiftinga Freedom House slår fast. Men kva skjer med demokratiet i Aust-Europa og USA – og med oss?

Aust-Europa: Demokratiet er ikkje solid

Utviklinga i dei austeuropeiske EU-landa vil kunne få konsekvensar hjå oss også, etter som europeiske land vert tettare vovne saman. I land som Polen og Ungarn har demokratiet slått inn på ein illiberal retning der leiarane i større grad vernar om sine eigne og bruker tvilsame metodar for å få media og domstolar til å stø eigen politisk retning.

Les også

Øyvind Strømmen: «Den illiberale lengselen på ytre høyre»

Går vi inn og studerer den store globale verdiundersøkinga WVS, finn vi at det er dramatiske skilnader mellom land som til dømes Polen og Romania på den eine sida og nord-europeiske land på den andre i haldningane til likestilling og rettane til innvandrarar og til homofile. Veljarane aust i Europa stør i mindre grad enn hos oss opp om individuelle fridomsverdiar. Og som den tysk-amerikanske statsvitaren Yascha Mounk slår fast, no veks det illiberale demokratiet som manglar dei liberale kjenneteikna – individuelle rettar og institusjonell maktbinding – og mange har sans for det.

I land som Polen og Romania vert demokratiet i større grad sett på som eit middel for å bli rikare. Om ein verdset demokratiet berre ut frå kva ein sjølv får att for det, vert støtta vilkårleg. Då får demagogar lett vind i segla.

Vi kan med andre ord ikkje vere trygge på at demokratia i dei tidlegare kommunist-statane er rotfesta.

Les også

Øyvind Strømmen: «Brannstifterne i Europa»

Det amerikanske tilbakeslaget

Ein tredel av amerikanarane meiner det vil vere ein god ting med ein sterk leiar som ikkje treng bry seg så mykje med parlamentet, viser verdiundersøkinga WVS. Talet har dei siste tiåra vore stigande og er klårt høgare i USA enn land som Nederland og Sverige.

I motsetnad til i eit land som Sverige, meiner faktisk eit fleirtal av amerikanarane at større innslag av ekspertstyre er ein god idé. Og medan over 95 prosent av borgarane i til dømes Nederland og Sverige gir full tilslutnad til demokratiet som styreform, gjer berre 80 prosent av amerikanarane det. I USA er det på same vis ein klårt mindre del av veljarane som meiner landet er demokratisk samanlikna med andre typiske vestlege land. 16 prosent meiner eit militærstyre vil vere bra, langt fleire enn i land som Sverige og Nederland.

På denne måten er demokrati-oppbyggjelege haldningar i det amerikanske samfunnet ikkje like sterke som i Nord-Europa. Dessutan er ulikskapen i samfunnet stor, og det er ugunstig for demokratiet.

Det er ikkje det same som at USA går i antidemokratisk retning. Men dei som kjenner ei viss uro, er ikkje skuggeredde alarmistar.

Les også

«Sterke menns nye oppskrift for sikre seg eneveldig makt»

Bak populismen

Populisme oppstår ikkje tilfeldig. Walter M. Mead, amerikansk statsvitar og utanrikspolitisk ekspert, ber oss løfte blikket for å setje dei omskiftelege tidene vi lever i inn i ein historisk samanheng. Også i overgangen til den industrielle revolusjonen var dei sosiale voksesmertene sterke, peiker han på, og det tok lang tid før politikken fekk korrigert dei. Men USA «failed its way» til suksess, ifølgje Mead; han meiner vi i dag kan lære av det som skjedde då.

For heller ikkje under den store samfunnsomforminga vi står oppe i, når informasjonssamfunnet avløyser industrisamfunnet, vil politikken straks komme i vater. Det tar tid å etablere den politiske arkitekturen for å handtere transnasjonale utfordringar og å integrere nye innvandrargrupper.

Ronald Inglehart på si side uroar seg sterkt over overgangen til informasjonssamfunn med påfølgjande massiv automatisering. Kva om dei som den nye teknologien gjer overflødige, vert varig ekskluderte, slik ein del tyder på? spør han. Inglehart åtvarer mot at store grupper ikkje kjem med i den nye økonomien. Økonomiske tilbakeslag gir folk ei eksistensiell uro – som ofte kan provosere fram autoritære refleksar, meiner han.

Enno fredeleg i nord

Lite tyder på at demokratiet er i tilbakegang hos oss, nord i Nord-Europa. Men restar av orkanar i USA når stundom fram til oss også, om enn i mildare form.

Populistane, med Trump i spissen, demonterer tillitsbasert internasjonalt samarbeid og skaper meir uro og konflikt. Så når klokkene ringer, ringer dei for oss også. Kampen mot høgare murar er også vår kamp.


Kåkå-debatt om demokrati-svikt

Tema: «Kvifor og korleis forvitrar demokratiet?»

  • Tid og stad: Tysdag 12.2.19, kl. 19, Kåkå Kverulantkatedralen.
  • Innleiar: Siri Gloppen, professor ved Institutt for sammenlignende politikk, Universitetet i Bergen.
  • I panelet: Bent Sofus Tranøy, professor i politisk økonomi ved Høyskolen Kristiania; Svein Erik Tuastad, førsteamanuensis ved Det samfunnsvitenskapelige fakultet, Universitetet i Stavanger; Bård Larsen, historikar i tankesmia Civita.
  • Progamleiar: Tom Hetland, tidlegare sjefredaktør i Aftenbladet.
Publisert:

Les også

Mest lest akkurat nå

  1. Signalbygget på Forus skal rives. Her er de nye planene

  2. Rødt legger lokk på saken. Slik forklarer Stavanger-politikeren hvorfor hun bryter ut

  3. Elbiler må betale mer

  4. Koronasmitten øker - men ikke i Sverige

  5. Elg skutt ved Sandvedparken

  6. Folk valfarter til Helleland for å se på det som kan bli et gruveeventyr

  1. Demokrati
  2. Svein Erik Tuastad
  3. Gjestekommentar
  4. Populisme