Berre ei Facebook-setning?

KOMMENTAR: Det er ikkje krenka kjensler i Ap som gjer Listhaug-saka alvorleg. Det er sjølve handlinga hennar.

Publisert:
Solveig G. Sandelson
Debattredaktør

Sylvi Listhaug beklaga og beklaga. Likevel klarte ho ikkje unngå mistillitsforslag mot seg i Stortinget. Foto: Kallestad, Gorm / NTB scanpix

«Ap mener terroristenes rettigheter er viktigere enn nasjonens sikkerhet. Lik og del». Denne påstanden la landets justisminister ut på si Facebookside sist fredag. Over eit heller skremmande bilde av uniformerte og maskekledde terroristar.
Sida har 146 368 følgjarar. Og det ein statsråd legg ut offisielt, er regjeringas syn. Sånn er det.

Men denne påstanden var ikkje sann. Likevel tok det seks dagar før justisministeren beklaga den overfor Stortinget. Fire gonger måtte ho opp for å gjera klart kva det var ho beklaga. Ho greidde ikkje overbevisa, i staden fekk vinglinga Ap, SV og MDG til å stilla seg bak Rødts mistillitsforslag.

Les også

Ap stemmer for mistillitsforslaget mot Listhaug

Saka

Bak Listhaugs Facebook-påstand låg ein viktig, politisk diskusjon. Den gjeld balansen mellom å beskytta landet mot terrorisme, og å beskytta enkeltmennesket mot overgrep frå styresmaktene. Tredelinga av makt, som er nedfelt i Grunnlova, seier at Stortinget skal gi lovane, regjeringa skal utøva dei, og Domstolen skal dømma etter dei. Tredelinga er gitt for at ikkje ein part, eitt parti, ein sterk leiar, skal kunna få for stor makt.
Det kan truga tryggleiken og fridommen til alle som bur i landet.
Denne gongen gjaldt det korleis ein kan stoppa mulege terroristar som har dobbelt statsborgarskap.

Dette gjeld sjølvsagt ikkje mange. Men vi veit altfor godt at terroristar ikkje treng vera mange for å gjera uboteleg skade, dersom dei får gå under radaren. Så er også fleirtalet på Stortinget, inklusive Ap, einige om at det er nok å ha «utvist fremferd sterkt til skade for Norges vitale interesser» for å bli fråtatt statsborgarskapet.

Men Høgre og Frp føreslår at ein kan gjera dette utan å gå om domstolane. Fleirtalet, inklusive Ap, meiner det skal innom domstolane.
At nokon av partia som har landa på eit anna standpunkt enn Høgre og Frp, skulle vera meir opptekne av terroristanes rettigheitar enn av rikets sikkerheit, er rett og slett ikkje sant.
Det er ein grov og uriktig påstand.

Les også

Retorikk-ekspert mener Listhaugs «terrorist-anklage» er dypt problematisk

Tryggleiken

I tillegg skriv denne påstanden som regjeringa let stå i fleire dagar seg inn i det same meiningsuniverset som utløyste det alvorlegaste terrorangrepet på norsk jord. Då Anders Behring Breivik 22. juli i 2011 sprengde bomba si i regjeringskvartalet, køyrde vidare til Utøya og skaut og drap 69 norske barn og ungdommar frå heile landet på politisk sommarleir i AUF, var den drepande drivkrafta hans ei oppfatning av at Ap utsette landet for fare og stod saman med utanlandske, muslimske krefter.

Når ein representant for den sitjande, lovleg valde regjeringa i Norge litt over seks år seinare framset ein liknande - og klart uriktig - påstand som udiskutabel sanning, ja, så godkjenner ein tankegods som dette som sant.

At dette tankegodset er livsfarleg og kan utløysa terrorangrep mot folk i Norge, er ikkje ein hysterisk påstand frå naive, venstresidepolitikarar som er ute etter å «ta» Sylvi Listhaug.
Det er, i motsetning til Listhaugs påstand, faktisk sant.
Det har skjedd.

Naivt

22. juli er ikkje eit slags offerkort Ap kan dra med jamne mellomrom for å prøva å vinna sympati eller gjera seg uangripelege. 22. juli var terror og død. Det var verkeleg. Det ramma heile landet. Vi stoppa. Vi mista 77 av våre, mange hundre blei skadd. Vi blei som land hardt såra.
Handlingar, også skrekkelege handlingar, har utspring i haldningar.
Å tru noko anna, er skrekkeleg naivt. Og haldningar om at Ap vil leggja landet opent for kva som helst, veltar fram i kommentarfelta etter justisministerens utspel.
«Trygghet for folk flest» står det øvst på sida til justisministeren.

Kva nå?

Først torsdag, seks dagar etter utspelet på Facebook, unnskyldte ho seg overfor Stortinget.

Les også

KrF holder trolig hånden over Listhaug

Så kva står vi igjen med nå?
Ap, SV og MDG har stilt seg bak Rødts mistillitsforslag mot ministeren. Det kjem opp på tysdag. Sp og KrF trengst også, skal forslaget få fleirtal. Men truleg meiner KrF det er nok at ein samla opposisjon torsdag vedtar den sterkaste kritikken dei kan mot Listhaug, utan å stilla mistillitsforslag.

Statsministeren har beklaga på vegne av regjeringa. Også det tok veldig mange dagar og sat langt inne.

Ein hissig følgjarskare rundt justisministeren synes uansett å meina at ho gjer rett, at påstanden hennar er rett, og at ho har rett. Alle protestar blir forklarte som hat og hemn mot justisministeren. At folk blir opprørte over påstanden hennar, stadfestar berre at den var rett, meiner følgjarskaren.

Alvoret

Eit mistillitsforslag frå Stortinget er alvorleg, også om det ikkje får fleirtal. Men det mest alvorlege er dette: Det skal eit jordskjelv til før statsministeren opent kritiserer justisminister Sylvi Listhaug. Det same gjeld Frps partileiar, Siv Jensen, som igjen sit heilt stille i båten. Det var ikkje nok med ein openbart uriktig påstand, som i tillegg lener seg mot dei same haldningane som utløyste eit terrorangrep. Unnskyldningane sat altfor langt inne, og kjem altfor seint.

Vågar verken statsminister eller partileiaren i Frp å røra ved Sylvi Listhaug? Betyr det at ho står så sterkt og har så mange med seg at dei er redde for kva ho kan få til på eiga hand? At ei Listhaug utanfor regjeringa vil bety ei oppblomstring av eit sterkt og farleg høgrepopulistisk parti, langt til høgre for Frp? Eller at ho kuppar Frp?

Frp fekk 15 prosent av stemmene sist stortingsval. Dei er det tredje største partiet i Stortinget. Men det er ikkje sannsynleg at alle i Frp støttar Listhaug. Og 85 prosent av dei som stemte i Norge, stemte på andre parti.

Er ikkje dei moderate stemmene på høgresida sterke nok til å stå i mot dette?

Eller såg ikkje regjeringa at Listhaugs uriktige påstandar denne gongen legitimerte dei same haldningane som utløyste terrorangrepet på norsk jord i 2011?

Eg veit ikkje kva som er verst. Men alvorleg, det er det.

Les også

«Kvifor, kvifor i all verda, reiser de dykk ikkje opp, Bent Høie, Ketil Solvik-Olsen eller Solveig Horne?»

Publisert: