Når Aftenposten skal forstå folket

KOMMENTAR: Viss bare eliten møter bermen med meir toleranse, vil alt bli bra, trur kulturredaktøren i Aftenposten.

Å overføra ein teori frå det himmelropande skakke klassesamfunnet i Storbritannia til Norge, gir knapt meining. Foto: Kirsty Wigglesworth / TT / NTB Scanpix

  • Solveig G. Sandelson
    Solveig G. Sandelson
    Debattredaktør
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over to år gammel

Briten David Goodhart meiner det hjelper oss om vi deler folk i to grupper. Han kallar dei «anywheres» og «somewheres». «Anywheres» - «eg-kan-bu-kor-som-helst’ane» - har høg utdanning og høg grad av sosial mobilitet. Dei har kunnskapen sin med seg som sin sterkaste verdi. Internasjonalisering og kulturelt mangfald gir dei bare større spelerom og fleire muligheiter. «Somewheres», derimot, - «eg-blir-her’ane» -, slit med alt dette. Dei er stadbundne, har låg utdanning og dårlegare økonomi, dei kjenner seg truga av internasjonalisering og innvandring, og dei er redde for kva det gjer med jobbane og lønningane deira.

Kulturredaktør Sarah Sørheim i Aftenposten overfører dette glatt til Norge, plasserer seg sjølv og alle sine nærmaste kollegar i den første gruppa, Sylvi Listhaug sine kjerneveljarar i den andre, og oppfordrar sine eigne til å utvisa meir toleranse i møte med Listhaug sine.

Som Sørheim ikkje så mykje som i eit komma snakkar til gjennom heile kommentaren sin om temaet. Dei er bare med som «dei andre.» Ho slår fast kven dei er og kva verdiar dei har, men krev ingenting av dei. Ikkje ein gong diskusjon. Alt er opp til eliten. Som i tillegg «representerer utvilsomt verdier vi har grunn til å være stolte av: demokrati, mangfold, en progressiv, liberal og kunnskapsbasert livsanskuelse.»

Skulle vi bli roligare nå?

Eller skal vi i det minste ta eit sveip innom Storbritannia først?

Må bli

Britane ligg på bånn blant vestlege land når det kjem til sosial mobilitet. Altså kor stor sjanse landet ditt gir deg til å bli kva du vil, uavhengig av kva foreldra dine er. Den sjansen er omtrent like liten for ein arbeidarklassebrite som den er for ein fabrikkarbeidande kinesar.

I Storbritannia arvar du mange stader sosialhjelp, arbeidsløyse og mangelfull utdanning i generasjonar. Du bli der du er. Og motsatt, dersom vegen fram til utdanning og jobb er som eit hinderløp, får britane frå dei øvste samfunnslaga halve løpet i forsprang og resten utan hinder alt ved fødselen.

Vil bli

I Norge har vi på langt nær så mange som må bli der dei er. Men vi har mange som vil bli der dei er.

Vi har ikkje adel, bøndene eig sine eigne gardar, folk eig sine eigne hus, statens lånekasse finansierer høgare utdanning for kven som helst, bare du har gode nok karakterar til å koma inn. Og vel er det for stor forskjell på skulane i Oslo og i Finnmark, men likevel, det er verkeleg ennå sånn at du kan bli nesten kva du vil, uavhengig av kor du er fødd.

Heller ikkje «anywheres», «kor-som-helst’ane» kan utan vidare finnast igjen i norske forhold. Det kan ikkje finnast ein einaste kommentator eller redaktør igjen i norske aviser som ikkje har kjent Google og Facebook truga levebrødet vårt dei siste fem åra. Og for oss som har skriving som levebrød og norsk som førstespråk, er det ikkje heilt sånn at Europa ligg opent for våre føter. Det er nok litt annleis om du er frå London, har engelsk som førstespråk og utdanning frå Oxford.

Dei aller fleste Sørheim plasserer som «kor-som-helst’ar» i Norge, må ha familie som er eller har vore bønder, fiskarar og arbeidarar frå kor som helst i landet. Det verkar difor smått utruleg når ho påstår at det krev mykje empati å klara å forstå ein stadbunden landsmann.

Men, men, når du deler Norge inn i to grupper, sjølv erklærer at du og dine høyrer til i den elitistiske gruppa med dei riktige verdiane, som også tar seg rett til å dela folket inn på den måten, før du oppfordrar dine eigne til å visa toleranse for den gruppa du har skilt ut frå deg og dine, så tyder jo det på at det stemmer, det der med manglande empati og forståing.

Bittelitt lettvint

Å overføra ein teori frå det himmelropande skakke klassesamfunnet i Storbritannia til Norge, gir knapt meining.

I Norge har vi eit sterkt sivilsamfunn, vi har tradisjon for opprør mot makta gjennom sære ting som nynorsk, fråhaldsbevegelse og lekmannskristendom. Vi har sterke fagforeiningar og bønder i sterke samvirke, vi har små lønnsforskjellar, vi har frivillige som bruker påska til å hjelpa folk i fare eller med forstua anklar, og vi har ennå ganske stor tillit mellom folk.

Då blir det kanskje bittelitt lettvint å forklara Sylvi Listhaugs appell her i landet på same måte som ein forklarar Brexit på andre sida av Nordsjøen og Trump over Atlanterhavet.

Sjølv om vi veit at forskjellane aukar her også, sjølv om vi veit at velferdsstaten er under press. Sjølv om fleire av oss må inn i arbeidslivet, fleire av oss må jobba både meir og lenger, og særleg må mange fleire innvandrarar det. Sjølv om innvandring også her er det mest brennbare spørsmålet for veljarane. Sjølv om alt for mange har fått for seg at viss dei bare meiner noko sterkt nok, treng det ikkje vera sant for å ha tyngde.

Bittelitt toleranse

Den erkebritiske teorien Sørheim ukritisk bruker på oss, kan bare bidra til å forsterka den politiske uroa ho søkjer å forstå.

For ingenting av det Sørheim sine står for skal rokkast ved, ingenting av det «dei andre» står for skal ein gong vurderast som politiske saker ein bør gjera noko med. Nei. Polariseringa i Norge skuldast ein verdikamp. Dei som har rett, Sørheim sine, deler folk inn i to grupper for å illustrera kva dei sjølv meiner, klistrar den fordelaktige merkelappen på seg sjølv, og den andre merkelappen på dei andre. Den siste gruppa er då skilt ut, og treng verken å snakkast med eller stillast krav til.

Alt som trengst, er at eliten - altså Sørheim og dei - er bittelitt meir tolerante mot dei utskilte, og ser at dei er i ein vanskeleg situasjon.

Hjelpe meg. Meinte du å roa ting ned med dette, Sørheim?

Les også

  1. Sandelson: Også vi, når det blir krevet

  2. Sandelson: Bare ei Facebook-setning?

  3. Sandelson– Eg trudde aldri eg skulle ønskja meg danske tilstandar i norsk innvandringspolitikk. Men nå gjer eg det

Publisert:

Kommentator Solveig G. Sandelson

  1. Heile livet ditt er slett ikkje avhengig av at du vel riktig akkurat nå

  2. – Bønn til Stor­tinget: Vedta rus­reforma!

  3. «Bør unge fram i vaksinekøen? Sjekk det!»

  4. Pakka vi alt som smerta ved 22. juli heilt ned i roser?

  5. «Styrings­iveren til Høgre kan stykka eit barn opp i små­bitar»

  6. «Du skal ikke tro du kan lære oss noe». I alle fall ikkje om alkohol.

  1. Kommentator Solveig G. Sandelson
  2. Storbritannia
  3. Innvandring
  4. Brexit
  5. Politikk