Nullvisjon-landet

KOMMENTAR: Vi har nullvisjonar om trafikkdød, mobbing, sjølvmord og fråfall i skulen. Det er vanskeleg å vera imot. Men dei har alltid baksider.

Nullvisjonane våre skal fjerna, utlikna, løfta, hjelpa, gjera likt. Verna enkeltmennesket.
Publisert: Publisert:

«Ethvert menneske er unikt og uerstattelig. Vi kan ikke akseptere at et stort antall mennesker blir drept eller hardt skadd.»

Denne nullvisjonen for trafikkdød er den eldste vi har. Og den etiske grunnpilaren er sterk. Terje Moe Gustavsen (Ap) kom med forslaget då han var samferdselsminister i 2001. Seinare jobba han systematisk med den som vegdirektør, til han døydde i 2019. Kvar gong det skjedde ei dødsulykke, fekk vegdirektør Moe Gustavsen ein sms.

«Jeg tenker hver eneste gang jeg får et slikt varsel: Har vi skyld i denne ulykken? Hvorfor måtte noen miste livet? Så tenker jeg på det mennesket som brått er borte, og det grusomme budskapet for de nære og kjære. Det er jo den verste beskjeden de kan få», sa han til NRK i 2018.

Men kvar gong han fekk ein slik sms, gjekk det òg beskjed til ein «ulykkesundersøkjar», som så fort det lét seg gjera skulle dra til ulykkesstaden og prøva å kartleggja kva som hadde skjedd. Dei samla kunnskap, veldig konkret, og sette det i system. I 2020 mista vi, for første gong sidan 1947, færre enn 100 menneskeliv i trafikken. I den tida nullvisjonen har verka, har dødsulykkene blitt redusert med to tredelar. Nå skal det nemnast at det sjølvsagt ikkje er sikkert at alt kan skuldast nullvisjonen; bilparken har òg blitt nyare og sikrare, for eksempel.

Sterke ønske

Omtrent samtidig som nullvisjonen for trafikkdød kom, skreiv dåverande statsminister Kjell Magne Bondevik (KrF) under på mobbemanifestet. Der var målet å fjerna all mobbing i skulen i løpet av to år. Dette var i 2002, 100.000 elevar oppgav at dei hadde opplevd mobbing, 40.000 blei rekna som mobbeoffer.

«Mobbeproblemet er for meg et verdispørsmål som dreier seg om menneskeverd og likeverd», sa Bondevik den gongen. Dette er òg ein sterk, etisk grunnpilar. Som det er lett å seia seg einig i. Men mobbing blei ikkje borte frå skulen av den grunn. I 2017 blei kravet om nulltoleranse lovfesta i opplæringslova. Skulen skal ha nulltoleranse for krenking som mobbing, vald, diskriminering og trakassering. Skulen har plikt til å setja inn tiltak så lenge eleven sjølv ikkje opplever å ha eit trygt og godt skulemiljø. Den paragrafen er svært omdiskutert. Er det sikkert at ein blir mobba viss ein kjenner seg mobba? Kva rettar har den eller dei som skuldingane blir retta mot?

I 2015 vedtok fylkestinget i Rogaland ein nullvisjon for fråfall i vidaregåande skule. Målet er at ingen elevar skal falla ut.

Så, i 2020, kom Solberg-regjeringas handlingsplan for å førebyggja sjølvmord. Der var det òg ein etisk grunna nullvisjon: «Vi har ingen å miste.» Nei, sjølvsagt har vi ikkje det.

Blir nullvisjonane mange nok, kan vi bli ståande heilt stille.

Baksida

Drivkrafta bak alle nullvisjonane er eit sterkt ønske om å ta ansvar som storsamfunn. Dødsulykker, mobbing og sjølvmord er ikkje berre skrekkelege enkelthendingar. Og når elevar ramlar av, kan det vera fordi systemet sviktar, kanskje så konkret som at det ikkje finst nok læreplassar. Vi kan ta ansvar. Vi kan skaffa oss kunnskap, setja det i system, vi kan førebyggja og endra. Vi kan verna enkeltmennesket, vi kan stilla opp for dei som står i fare for å ramla utanfor. Sjå dei, stilla oss ved dei, strekka ut ein sterk og varm arm, få dei med oss vidare.

Nullvisjonane våre skal fjerna, utlikna, løfta, hjelpa, gjera likt. Det er vanskeleg å snakka om at dei skulle ha ei bakside. Men dei har jo det. Dei kan ta fridommen frå folk. Anten fordi ein meiner å kunne ta betre val for dei, eller fordi noko anna er viktigare. Noko større. Det hender at vi vil gå for langt. Det hender at styrken i armane slett ikkje står i forhold til faren for å falla. Det hender styrken i armane flyttar grensene for kva eit menneske får lov til å ha i fred, vera i fred med, sjølv bestemma. Det hender at storsamfunnets velvillige armar klemmer pusten ut av folk.

Kanskje som når dei på Undheim får påpakning for å ha bygd ein gang- og sykkelveg som ikkje er sikker nok. Dei har kome seg vekk frå den farlege vegen, men ikkje på riktig og sikker nok måte. Då blir det beste det godes fiende.

Eller når arbeidet mot dødsulykker i trafikken for enkelt blir samanlikna med korleis ein kan førebyggja sjølvmord. Det er heilt på sin plass å krevja at ein i psykisk helsevern samlar og systematiserer kunnskap. Men det er lett å sjå at det er komplekst og vanskeleg. Og at spørsmål som tvangsbruk og overvaking er etisk vanskelegare enn spørsmåla om fartsgrenser, midtdelarar og bilbeltebruk.

Slingringsmonnen

Når målet er null, er det lite slingringsmonn, for å seia det forsiktig. Og viss null er oppnåeleg, så er vel alt anna uheldige avvik. Blir nullvisjonane mange nok, kan vi bli ståande heilt stille, både som samfunn og som enkeltmenneske. Det er koronarestriksjonane brutale og innvikla eksempel på. Sjølv utan ein nullvisjon.

Men det kan òg tenkjast at det er bra at nokon nektar å gå meir på skule etter ti år, men finn seg andre vegar inn i arbeidslivet. Det kan vera at eleven som opplevde seg mobba av læraren, berre blei sett på plass. Det kan vera at helsearbeidarar i psykisk helsevern blir så redde for å gjera feil at dei gjer for lite.

Det kan vera vi ikkje kan fjerna så mykje av risikoen og det som er usikkert og annleis i livet, utan at vi blir ståande stille.

Og det kan vera at vi snakkar usant om livet viss vi gir uttrykk for at null utslag i nokon andre retningar enn den som går beint fram, er standarden.

Publisert: