I dårleg familie med ekstremisme og konspirasjons­teoriar

GJESTEKOMMENTAR: I situasjonar der folk opplever ikkje å ha kontroll over sin eigen kvar­dag, brer konspirasjons­teoriar lettare om seg.

Fra demonstrasjonen mot vaksinepass i Bergen laurdag. Igjen møtte nazistar, høgreekstreme og konspiratørar òg opp.
  • Øyvind Strømmen
    Øyvind Strømmen
    Forfattar og journalist
Publisert: Publisert:

«Mi kjære syster og bror, mine næraste venar for tida.» Slik vart Are Hegrand og sambuaren Kiri Rainha presenterte då dei kom på scena under ein demonstrasjon mot smitteverntiltak i Bergen på laurdag.

«Eg er så glad i dei, og i bloggen deira, og i alt dei har gjort for å føra folk saman,» sa mannen som ynskte dei velkomen. «Det er så mange som kjenner seg åleine for tida, og då er det godt å finna ein ny familie, og det er det me gjer no, det er det me vert no.»

Det var regn i Bergen, men likevel hadde kanskje eit par hundre menneske møtt opp på Torgalmenningen for å demonstrera mot koronapass og smitteverntiltak. Blant dei mange paraplyane er det norske plagg og eit banner som snakkar om «New World Order». På ein plakat står det at det no er vanlege folk sin tur […] til å demonstrera. «Koronapass er ei krigserklæring», står det på ein annan, over eit forbodsskilt med hakekrossen i.

I eigne auge er dei frammøtte i kamp mot det totalitære. «Lag parallellsamfunn til denne tyranniske staten», sa Hegrand.

«Det er Vatikanet»

Hegrand etterlyste mot. Han har gjort det før. For om lag eitt år sidan, i februar 2021, stod han på talarstolen under eit liknande arrangement, den gongen i Oslo, framfor Stortinget. Han peika bak seg, på stortingsbygningen. «Bak meg», sa han, «så har de den katolske kyrkja. Roma sin forlenga arm ser dykk der. Det er ingen der inne som jobbar for folket.»

Og så etterlyste han mot frå politiet: «Er de for folket, eller de for dei galningane som jobbar der inne?»

På Hegrand og sambuaren sin blogg kan ein lesa at PCR-testen er humbug, at me alle er offer for «stadig tiltagende medisinsk fascisme», og at «oppvasken etter Sirkus Korona» vil innebera at både politikarar, lækjarar, journalistar og andre risikert å verta stilte for retten, etter «tidenes forbrytelse mot menneskeheten».

Og i fall du lurer: Bloggen har også formidla QAnon-idéar på norsk.

Det er ein litt pussig familie, denne samlinga av smittevernkritikarar. Den neste appellanten på talarstolen i Bergen var Roger Dyrøy, nestleiar i fylkeslaget til Partiet Dei Kristne i Vestland. Han retta gjentekne gonger skytset mot det han kalla Oslo-eliten. Han snakka også om Dyrets merke. «Eg veit ikkje om det såkalla koronasertifikatet har noko med det å gjera, men det er mykje som tyder på at eit slikt system ikkje er av det gode.» Dyrøy gav dessutan uttrykk for at koronatiltaka minna om okkupasjonsåra under andre verdskrigen.

Det tok meg kort tid å finna innlegg som forfektar rein antisemittisme.

Eit internasjonalt fenomen

Medan eg står der i regnet, trippelvaksinert, og høyrer på appellantane, kjem ein kar gåande forbi. Han vender seg til meg på engelsk og undrar på kva det er for slags arrangement, om det er ein konsert kanskje? Eg fortel at det er ein demonstrasjon mot smitteverntiltak.

Eg veit ikkje kva han tenkjer, men det verkar som han sukkar litt oppgitt. Han fortel at han har sett det same i fleire land, sist i Luxemburg, tek eit bilete, tuslar vidare i eit regntung Bergen.

Og han har jo rett. Arrangementet i Bergen er eit av mange slike arrangement Europa over, mange av dei større. I Oslo dukka det også denne gongen, som tidlegare, opp aktivistar frå den muslimfiendtlege gruppa Sian, frå det rabiate ytre høgre-partiet Alliansen og jamvel personar med band til den nynazistiske organisasjonen som er freidig nok til å kalla seg Den Nordiske Motstandsbevegelsen. I Stockholm hang banneret til den same organisasjonen rett bak talarane, og dei delte òg ut flygeblad. Ytre høgre veit å fiska i rørt vatn. Det gjer aller ytste høgre også.

I Bergen fekk eg også stukke eit flygeblad i handa. Det fortel at dei kjempar for fridom, og gjev meg ei lenkje til demonstrasjon si gruppe på chatteappen Telegram, eit sosialt medium prega av færre reglar enn Facebook og Twitter. Eg tittar innom gruppa. Det tok meg kort tid å finna innlegg som forfektar rein antisemittisme – ei lenkje til ein video som hevdar at koronavaksinen er eit biologisk våpen, men forma ut slik at det er ufarleg for jødar.

Ikkje at eg hadde trengt å gå inn der for å treffa på klassiske konspirasjonsteoriar. Den siste appellanten i Bergen snakka om korleis tv og aviser driv med «vondsinna propaganda», og om korleis «desse frimurarane innbiller seg at dei kan byggja ei digital verd etter sitt forvrengde bilete».

Les også

Øyvind Strømmen: «Ytre høgre lurer i skuggen av koronaen»

Les også

Øyvind Strømmen: «Kjærleik og forakt hand i hand»

Mørket

Arrangementet i Bergen vert avslutta med musikk. Det er ljose tonar, men eg går frå Torgalmenningen mørk til sinns. Det er to årsaker til det. Den eine er at demonstrasjonen stadfestar noko velkjend frå forskinga på konspirasjonsteoriar: I situasjonar der folk opplever ikkje å ha kontroll over sin eigen kvardag, brer konspirasjonsteoriar lettare om seg. Tenk over det, i møtet med smittevernreglar og munnbind.

Det andre? Det er gode grunnar til å diskutera smittevernreglar, og til å ha innvendingar mot tiltak som koronapass og vaksinetvang, tiltak som er på plass i andre land. Men konspirasjonsteoriane sitt nærvær gjer det vanskelegare, ikkje lettare, å ta viktige debattar.

Publisert:

Siste om koronaviruset

  1. Nasjonal krise i Nord-Korea etter første koronatilfelle

  2. Vi må aldri igjen stenge ned reiselivet

  3. Kraftig nedgang i nye sykmeldte med koronarelaterte diagnoser

  4. Jonas og Erna har systematisk sviktet barn og unge i pandemien – både demokratisk og psykologisk

  5. Skulle du en gang i frem­tiden trenge bevis på at du har vært korona­syk? Da kan du få prob­lemer

  6. Long covid – langt igjen for mange

  1. Siste om koronaviruset
  2. Gjestekommentar
  3. Øyvind Strømmen
  4. Høyreekstremisme
  5. Qanon