Svensk rettssak vil kaste lys over det høgre­ekstreme trugs­målet

GJESTEKOMMENTAR: Denne veka startar ei rettssak mot ein høgreekstremist i Sverige. Saka fortener merksemd også her til lands.

Svensk politi fekk gjenoppretta ein video på pc-en til ein svensk høgreekstremist som viser prøveskyting med eit våpen som var lage med ein 3D-skrivar.
  • Øyvind Strømmen
    Øyvind Strømmen
    Forfattar og journalist
Publisert: Publisert:

I november i fjor slo Säkerhetspolisen, det svenske tilsvaret på PST, til mot bustaden til ein mann busett på bygda i nærleiken av småbyen Falköping. Der fann dei mellom anna delar til å laga bomber.

I tillegg fann dei manualar og bøker om bombeproduksjon, og dessutan nazistisk litteratur. På datamaskina til mannen vart det funne materiale om terroråtaket mot to moskéar i nyzealandske Christchurch i 2019, om åtaket mot ei synagoge i tyske Halle i 2019 og om det rasistisk motiverte åtaket på ein skule i Trollhättan i 2015. Det vart også funne det politiet meiner er eit starta manifest, ein tekst han skal ha arbeidd med berre dagar før han vart arrestert.

Avisa Expressen fortel – med utgangspunkt i ein gjennomgang gjort av ein psykolog på Totalförsvarets forskingsinstitut (FOI) – at det handlar om ein tekst som forfektar høgreekstrem ideologi. Teksten forsvarer mellom anna massemorda til den norske terroristen Anders Behring Breivik og Oklahoma City-bombaren Timothy McVeigh: «Att barn dör ogiltigförklarar inte de hjältemodiga uppoffringar som gjorts av Timothy McVeigh, Anders Breivik og deras likar.»

Ikkje tiltalt for terror

No er det teke ut tiltale mot mannen, for ei lang rekkje lovbrot. Han er blant anna tiltalt for å ha førebudd såkalla «allmänfarlig ödeläggelse», knytt til det påtalemyndigheitene meiner er eit planlagt bombeåtak. Tiltala inkluderer likevel ikkje brot på svensk terrorlovverk, då påtalemyndigheitene ikkje har lukkast i å finna bevis for kva mål mannen skal ha vald seg ut.

Regionavisa Skaraborg Läns Tidning skriv likevel at ein skule, ein spesifikk politisjef og kjernekraftverket Ringhals kan ha vore moglege mål for mannen.

Andre bevis kan det synast å vera mange av. Fleire svenske medium har trykt bilete frå politietterforskinga som mellom anna syner store mengder våpen og våpendelar som dei meiner mannen har laga med ein 3D-skrivar. Slike våpen er eit aukande trugsmål, som mellom anna har vorte sett søkjelys på av Martin van der Meij i det europeiske politisamarbeidet Europol under ein nyleg konferanse.

«Den einsame ulven» er
ein namngjeven strategi,
ein visjon for såkalla
leiarlaus motstand.
Den unge svensken var med i ein stor demonstrasjon som Nordiska motståndsrörelsen heldt i Falun 1. mai 2017.

Terrorkjedebrevet

Ei rettspsykriatisk undersøking har slått fast at den no tiltale mannen kan ha psykiske problem. Likevel bør saka vekka merksemd, også i Noreg, og det av fleire grunnar.

Aller fyrst kan det vera verdt å leggja merke til at den tiltalte mannen tidlegare har vore medlem av nynazistorganisasjonen Nordiska motståndsrörelsen (NMR), ein organisasjon som også har hatt aktivitet i Noreg. Dette er ein organisasjon som opent svermar for tidlegare tiders fascistleiarar. Vel så uroande er det kanskje at dei også har sverma for terrorgruppa The Order, som var aktiv i USA i ei periode på 1980-talet. Det vil ikkje vera til å undrast over dersom også andre medlemer av denne gruppa går inn i ein endå mørkare radikaliseringsprosess.

I dette tilfellet kan svensk politi ha avverja ein ny episode i ei serie av terroråtak utført av einsame ugjerningsmenn, i det som står fram som noko av eit terrorkjedebrev. Den høgreekstreme terroristen som slo til i Christchurch i 2019, Brenton Tarrant, har inspirert fleire slike, inklusive norske Philip Manshaus sitt åtak mot ein moské i Bærum seinare same år. Det siste dømet er eit rasistisk motivert terroråtak mot ein daglegvarehandel i amerikanske Buffalo i midten av mai i år. Tarrant hevda sjølv å vera inspirert av terroren 22. juli 2011.

Ugjerningsmennene bak desse åtaka vert gjerne framstilte som «einsame ulvar». Som eg tidlegare har skrive om i Aftenbladet, er dette omgrepet problematisk. Desse ugjerningsmennene høyrer nemleg til i ein mørk, høgreekstrem tradisjon, ein tradisjon der omgrepet «den einsame ulven» faktisk også er ein namngjeven strategi, ein visjon for såkalla leiarlaus motstand.

Heime hos mannen vart det funne mykje nazistisk og høgreekstrem litteratur.
Les også

Audhild Skoglund: «Terrorangrepet: Idéen om sivilisasjonskrig»

Akselerasjonisme

Dei siste åra har fleire av dei, inklusive nemnde Manshaus, peikt på «akselerasjonisme» som ei forklaring på udådane sine. Det er kort fortalt ein idé om at det å gjennomføra ekstreme valdshandlingar vil påskunda det eksisterande samfunnet sitt uunngåelege samanbrot, påskunda den komande rasekrigen, påskunda framveksten av det som skal koma etterpå. I si nyaste trugsmålsvurdering peiker PST konkret på akselerasjonisme som eit høgreekstremt trugsmål mot Noreg. «Vi forventer fortsatt tilfeller der høyreekstremister i Noreg vil bli radikalisert av akselerasjonist tankegods», skriv dei.

I høgreekstreme nettmiljø av denne typen er det ikkje uvanleg at terroristar vert hylla som heltar, eller til og med sett på som «helgenar». Det gjeld også massedrapsmannen Anders Behring Breivik.

Akselerasjonisme er så langt i liten grad omtalt i samband med saka i Sverige, men blant den nazistiske litteraturen funne hjå mannen er fleire bøker som har versert i akselerasjonistiske internettmiljø. Blant dei er ei bok av den amerikanske nynazistideologen som har vorte ein slags gudfar for rørsla, James Mason. Også innhald politiet har funne på mannens pc er knytt til akselerasjonisme.

Med andre ord: Saka i Sverige kan potensielt fortelja oss ein heil del om korleis trugsmålet frå høgreekstremismen ser ut i dag.

(Onsdag 1. juni 2022 kl. 10.15 vart artikkelen oppdatert med litt meir informasjon i nest siste avsnitt. Red.mrk.)


Les også: «Akselerasjonistar drøymer om rasekrig med ekstrem valdsbruk og hyllar både Timothy McVeigh og Anders Behring Breivik.»

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Hommersåk samles i sorg – igjen

  2. Det trengs et forbud mot bruk av robot­klippere om natten og strenge reguler­inger for bruk om dagen

  3. Marte (19) og Tor Martin (19) omkom i MC-ulykken i Gjesdal: – Dette er ufattelig og grusomt

  4. Før visste bare lokal­kjente om stølen. Så kom en «tur­fluenser»

  5. Tea Egenæs elsker 60-talls­huset i Stav­anger: – Alt tre­verket gir den gode atmos­færen og sær­preget

  6. 31 trafikk­drepte på samme tid i fjor – 60 nå: Kaller inn til krise­møte