Vil me tilbake til den permanente økologiske og økonomiske krisa?

GJESTEKOMMENTAR: Koronakrisa viser oss at me har levd i ei permanent, dobbel krise heile vegen, ei økologisk og ei økonomisk. No kan vendepunktet koma.

Publisert: Publisert:

Før og under koronakrisa: Til venstre viser korsvandringne i Polen langfredag i 2020 og 2015 kor stille samfunna våre no står; til høgre viser ein aveny i New Dehli kor mykje større luftforureininga var i oktober i fjor samanlikna med april 2020. Foto: Reuters/NTB scanpix

  • Eirik Magnus Fuglestad
    Forskar ved Ruralis – Institutt for rural og regional forsking; PhD i sosiologi og master i nasjonalismestudiar
iconDenne artikkelen er 118 dager gammel

Informasjonen i artikkelen kan være utdatert. Gå til vårt direktestudio for siste nytt om korona-utbruddet.

-> Gå til direktestudio

Ordet krise skriv seg frå gresk og vart ofte brukt i medisinsk tyding – om vendepunktet som avgjorde om pasienten skulle byrja på ein uunngåeleg veg mot døden, eller slå om og bli frisk.

Men krise hadde òg ei anna og større tyding i den antikke verda. Krisa blei kopla til den bibelske apokalypsen og fekk ei sterk kopling til historias ende og verdas undergang. Dette verkar òg relevant i dag.

I moderne tid vart kriseomgrepet tidleg samanvove med den politiske revolusjonen. Samfunnet var i krise, og revolusjon vart sett opp som medisinen. I den moderne revolusjonære tradisjonen er tilstanden «permanent revolusjon» vanleg, mellom anna brukt av bolsjeviken Lev Trotskij. Men spegelbiletet av behovet for permanent revolusjon er synet på verda som i konstant krise – eit anna gjennomgåande tema i moderniteten.

Ein av dei som har sett denne kriseforståinga inn i eit tankesystem, er Walter Benjamin (som eg likar å sitera). Benjamin skreiv på 1930-talet og var oppteken av kampen mot den då mektige europeiske fascismen. Krisa som fascismen representerte, skreiv Benjamin, var ikkje det historiske unntaket, men regelen. Me må skaffa oss eit historiesyn som korresponderer med dette, skriv han vidare: «Då vil det bli klart for oss at oppgåva som ligg framføre oss er å avdekka denne verkelege konstante krisa.» Først då kan menneska endra verda til det betre.

Ideologien om evig vekst

Korona-krisa som no er over oss, er eit glimrande høve til å fatta at det nettopp er krisa som er regelen, og ikkje unntaket. Me har levd i ei permanent krise i mange, mange tiår no, me har berre ikkje villa innsjå det. Denne krisesituasjonen er ei dobbel krise: Den eine delen er økologisk, den andre er økonomisk, – og dei er kopla saman og drive fram av ideologien om evig vekst.

Tolegrense på tolegrense blir overskriden. Allereie i juli har me samla sett brukt opp alle jordas ressursar for dette året, dersom me skulle ha brukt dei berekraftig. Denne datoen kjem tidlegare kvart år. Det biologiske mangfaldet stuper i rakettfart, polane smeltar og heile kontinent står i brann.

Samstundes med dette aukar den økonomiske ulikskapen i verda. Dei rikaste 62 personane i verda eig like mykje som ein halvdel av heile jordas befolkning. Store delar av verda manglar både mat og reint vatn og heilt grunnleggande helsetenester. Ideologien om evigvarande vekst kjem ikkje desse til gode, men blir skeivt fordelt. Også i Noreg viser tal frå SSB at ulikskapen i formue har auka mykje. Alt dette veit me og har visst lenge, – dette er den permanente krisa i skuggen av bevisstheita vår.

Når folk, og kanskje særleg politikarar, seier at dei vil tilbake til normalen, så er det altså denne konstante krisa dei vil tilbake til. Det er også overmåte sannsynleg at det var nett denne normalen som førte til korona-krisa i utgangspunktet: Dersom me ikkje hadde pressa naturen si tolegrense for å produsera varer og pengar så billeg som mogleg over heile verda til gagn for nokre få, så ville denne pandemien truleg ikkje ha kome til.

Eit pluss for planeten

Me bør bruka lærdommane frå korona-krisa til å skapa ein ny normal etter krisa. For korona-krisa har vist så altfor tydeleg for oss den krisa me verkeleg har levd under.

Me har sett korleis planeten no får eit pusterom, korleis luftforureining og CO₂-utslepp har gått ned. Men me har òg sett kor avhengig det økonomiske systemet vårt er av uhemma, evig vekst og forbruk. Så snart folk sluttar å stadig kjøpa ting dei ikkje treng, så er økonomien i ferd med å kollapsa totalt. Det tok ikkje meir enn eit par dagar – eit par dagar utan at folk kjøpte ting dei ikkje trong og ikkje reiste til stader dei ikkje måtte til før hele det mektige kapitalistiske systemet vårt knelte.

Redninga vart sjølvsagt staten, som vanleg. Den kan når den vil, den kan sprøyta inn millionar og milliardar i konkurstruga selskap og krisepakkar. Men kor var alle desse milliardane av når skulestreikande ungdom bad om krisehjelp til klimakrisa? Kor er alle desse milliardane for alle dei fattige? Slik kan ei dåre spørje. Men eg spør likevel, eg.

Les også

UiS-forskere: «Myndighetenes app for å overvåke smittespredningen er et skritt på veien til et samfunn ingen ønsker»

Les også

Aftenbladet mener: «Vær på vakt mot overvåking»

Ja, det finst alternativ

Dette bør bli eit vendepunkt der me byrjar å bevega oss mot eit system som ikkje bygger på vekst for vekstens eigen skuld. Den økonomiske veksten me til no har levd for og dyrka som ein avgud, er til berre for seg sjølv og eksisterer berre i ein slags pervers paringsdans med seg sjølv. Denne veksten er som eit ibsensk troll, med riss i det eine auget og seg sølv nok. Den spør ikkje for kven veksten skal vera, og den spør heller ikkje kor mykje økosystema, planeten og menneska toler.

Det eg snakkar om er ingen utopi. Det er ikkje så lenge sidan dei fleste menneska, i alle fall i Noreg, levde utanfor ein slik vekstlogikk og utan det evige konsumet. «Me hadde stort sett alt frå garden, og berre sjeldan reiste me til butikken», har gamlekaren på nabogarden sagt til meg om barndommen sin. Det er ikkje så lenge sidan. No skal eg ikkje idealisera fortida heller, poenget er at det er mogleg å leva gode liv også utan å stadig forbruka og kjøpa ting. Ja, det er faktisk mogleg å bygga eit økonomisk system på det.

Nyleg høyrde eg antropologen Thomas Hylland Eriksen på Lindmo på NRK. Han trudde at me om ti år kom til å sjå tilbake på denne tida og tenkja kor tåpelege me hadde vore: Då vil me sitja med ein drink i handa i husa våre i klede som var gjenbrukte, og tenkja at dette funkar jo helt fint. Og sjølv om me ikkje sat i Kampala eller New York i dei gjenbrukte kleda våre, så ville me tenkja at det var i grunn like fint å sitja framfor peisen heime.

Eg vonar han får rett. Om han får det, kjem an på om me gjer dei rette vala for pasienten som no ligg på sjukeleie, og har nådd krisestadiet.

Publisert:

Korona-viruset

  1. Nordmenn på reise fikk karantene-sms

  2. Utradisjonelle munnbind i vinden: – Viktig at de ser bra ut

  3. Knusende rapport om forholdene på konsert i Egersund lørdag

  4. Bartender smittet i Haugesund – kommunen etterlyser pubgjester

  5. Vgs-elever kan få utsatt skoledag for å unngå rush på kollektivtrafikken

  6. Nedslående beskjed fra Raja til idretten

  1. Korona-viruset
  2. Gjestekommentar
  3. Eirik Magnus Fuglestad
  4. Økologi
  5. Økonomi