Lolita og røyndomskrimen

GJESTEKOMMENTAR: True crime-sjangeren kan vera opplysande, jamvel om skjønnlitteratur. Men han bør ikkje gjerast til underhaldande påskekrim.

Publisert:
Øyvind Strømmen
Forfattar og journalist

«The Real Lolita kan forsterka ambivalensen ved lesing av Lolita,» skriv Øyvind Strømmen. Her Jeremy Irons og Dominique Swain i ei scene frå filmen etter den berømte romanen. Foto: PETER SOREL / SHOWTIME

Den såkalla true crime-bølgja er stadig over oss, sjølv om ho nok vert overdriven: krimstoff er knapt nok nytt i journalistikken, og publikum si interesse for stoffet er like gamal som journalistikken sjølv. Det gjeld også interessa for grufulle og morbide detaljar, om det no er fordi det vekker eit kikkarinstinkt eller av andre årsaker.

Samstundes er det liten tvil om at fleire media i dag satsar på djuptgåande krimstoff, gjerne med utgangspunkt i gamle saker, i saker som aldri vart løyste, i saker der det finst lause trådar å spinna vidare på. Me ser det i bøker, me ser det i aviser, me ser det i tv-seriar og i form av podcasts. Ein del av det som dukkar opp i sjangeren er glitrande journalistikk, av ein type eg i blant har sakna blant raske nyhende og masete kjendisstoff. Dessutan, skal eg vedgå, let eg meg også fascinera.

«At der er troll i mennesker, vet enhver som har litt øye for den slags», skreiv Jonas Lie, og kanskje er det trolla i menneska som gjev fascinasjonen, eller kanskje er det trollet i meg.

Ubehaget

Samstundes vert denne fascinasjonen i blant blanda med ein dårleg smak i munnen. Slik var det då eg opna Netflix og fekk opp reklame for dokumentarserien Conversations with a Killer, som omhandlar seriedrapsmannen og seksualforbrytaren Ted Bundy. Vert verkeleg kriminalitet med verkelege offer gjort om til underhaldningsstoff? Er verkelege brotsverk ein del av tv-kvelden, saman med drakene i Game of Thrones? Før påske dukka det jamvel opp tilrådingar av «påskekrim fra virkeligheten». I Dagens Næringsliv fekk me før påsken presentert «tre nye sakprosautgivelser som vil sette deg i gruvekkende høytidsstemning». Og biblioteket hjelper oss også. På Sølvberget sine heimesider kunne me lesa at «virkelighetens krig» ofte er skumlare enn noko anna: «Vil du bli skremt, fylt av angst og beven, eller bare glede deg over at det ikke var deg det skjedde med?».

På lista over tilrådde bøker finn ein både Dødsranet – David Toska og veien til NOKAS av Rolf J. Widerøe og Jeg velger å leve, ei bok skrive av Sabine Dardenne, som vart kidnappa og halde til fange av den pedoseksuelle drapsmannen Marc Dutroux. Den siste boka har eg lese. Den franske tittelen på boka er betre. Den tittelen fortel at ho var tolv år gamal, og at ho var på veg til skulen på sykkel. Eg finn det litt ubehageleg å sjå boka omtala som påskekrim.

Dobbel ambivalens

Denne påsken har eg lese ei anna bok, som på sett og vis syner fram både noko av det beste og noko av det verste med true crime-sjangeren. Også den handlar om ei ung jente som vart bortført: Sally Horner. I 1948 var ho elleve år gamal, då ho stal ei billig notisblokk frå ein butikk i Camden i New Jersey. Det var utypisk for henne, ho gjorde det for å imponera ein jentegjeng ho vona skulle ta henne inn i varmen. Men ho vart avslørt av ein 50 år gamal mekanikar kalla Frank La Salle, som fortalte henne at han var FBI-agent, trua henne med å få henne sendt til ein spesialskule og seinare utnytta bløffen til å bortføra henne. Horner forsvann i nesten to år. Sjansen er stor for at du aldri har høyrd om henne, eller om gjerningsmannen.

Men du kan ha gjort det. Dei dukkar nemleg opp ein referanse til saka i romanen Lolita, i ein parentes i tankane til bokas forteljarstemme, overgriparen Humbert Humbert: «Kanskje jeg hadde gjort det same med Dolly som det Frank Lasalle, en femti år gammel mekaniker, hadde gjort med elleve år gamle Sally Horner i 1948?».

I boka The Real Lolita ser journalisten Sarah Weinman nærare på den aktuelle saka. Weinman, som også er skjønnlitterær krimredaktør, finn ei rekkje parallellar mellom Horner-saka og den oppdikta historia i Vladimir Nabokovs vidgjetne roman. Og det er ei lærerik bok ho har skrive, om både Nabokovs roman, om kidnappingssaka frå røyndomen og om amerikansk historie.

Slik sett er det true crime på sitt beste, i tillegg til at ho legg grunnlag for ei nylesning av Nabokov sitt kontroversielle mesterverk. Samstundes nyttar Weinman seg flittig av litterære verkemiddel som kanskje passar betre i ein krimroman enn i ei bok som dette. The Real Lolita kan forsterka ambivalensen ved lesing av Lolita, ein ambivalens som ikkje er gjort mindre etter at boka fyrst sjokkerte publikum, ikkje minst fordi den i populærkulturen har fått tolkingar som står seg svært dårleg i møte med #metoo, sjølv om romanen står seg betre. Slik sett hadde Weinman si bok fortent meir plass enn ho fekk i Lolita-debatten som oppstod i litteratur-Noreg i fjor haust.

Samstundes er også Weinman si bok ei bok eg les med ambivalens, all den tid Weinman utvilsamt tek i bruk litterære verkemiddel som ville passa i ein krimroman. Det gjer boka meir lesverdig, meir som ein roman og mindre som tørr sakprosa, sjølv om det i blant kan vera noko klisjefylt. Men det heile gjev også ei kjensle av uro, ei kjensle av at Weinman kan ha trakka over nokre grenser, og av at dei ikkje nødvendigvis er synlege for lesarane.

Problemet med true crime?

Er det kanskje også eit problem med true crime som sjanger? At den, for å bruka Bernhard Ellefsen i Morgenbladet sine ord, har «forsynt seg glupsk av fiksjonens verktøykasse»?

Eg er tilhengar av at journalistikken lærer av skjønnlitteraturen når det gjeld forteljargrep. Det vert ofte betre journalistikk av det. Slik sett burde eg kanskje ikkje klaga. Men det er eit tema som er verdt å drøfta i møte med krim frå røyndomen. Og når det gjeld påskekrim føretrekk eg fiksjon.

Les også

Slangen ved brystet – kva hatet og hetsen i sosiale medium kan føra til

Les også

Livsløgna i norsk politikk

Les også

Hva med IS-terroristenes barn når de kommer hjem til Europa?

Publisert: