Historia som minne – vil nåtida finnast neste år?

GJESTEKOMMENTAR: Har måten me forstår historia på nokon innverknad på korleis me handlar som individ, og som kollektiv? Blir nåtida ein del av framtida viss ho ikkje minnast?

Me går framover, tenkjer me, ved kvart nyttår. Me er på veg mot noko nytt, på strak veg inn i framtida. Men hugsar me på å minnast? Å vaka over det som var?
  • Eirik Magnus Fuglestad
    Eirik Magnus Fuglestad
    Forskar ved Ruralis – Institutt for rural og regional forsking; PhD i sosiologi og master i nasjonalismestudiar
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over tre år gammel

Når mørkret den siste kvelden i året sig fram frå skogar og hav, er det passande med nokre refleksjonar om sjølve tida, om den menneskelege historia.

Den tyske filosofen Herman Lotze (1817–1881) skriv ein stad at eit av dei mest interessante særtrekka ved menneska, er at dei i ei kvar «nåtid» kjenner lite eller inga misunning ovanfor framtida. Med grunnlag i dette reflekterte den tysk-jødiske tenkjaren Walter Benjamin (1892–1940) kring korleis me menneske oppfattar lukke, og korleis dette gjeld for historia vår også. Benjamin skriv (i mi omsetting):

«[…] biletet vårt av lukke er grundig farga av den tida livet har tildelt oss. Lukka som kunne vekka misunning i oss, finst berre i lufta me har pusta, i menneske me kunne ha snakka med, i kvinner me kunne ha fått. Med andre ord, vår forståing av lukke er uløyseleg knytt til biletet av forløysing. Dette gjeld også vårt syn på fortida, som er historia om historia.»

Tid på ein annan måte

Basert på dette set Benjamin fram ein historiefilosofi som har det å minnast som kjerne. Dette sette han som ein motsats til den rådande måten å tenkja historie på, historie som tom, mekanisk tid som går og går, lik ei klokke som aldri stoppar – som er det tidsbiletet som dominerer i dag.

På nyttårskvelden har me det ofte med å tenkja framover og meina at ting går framover frå det som var til det som skal bli, i ein monoton dur. Me ser kvart nye år som eit nytt tilskott på perlesnora av år som blir lengre og lengre. Me går framover, tenkjer me, ved kvart nyttår. Me er på veg mot noko nytt, på strak veg inn i framtida. Så lagar me nyttårsforsett og tenkjer kan hende på alt det me skal gjera i det nye året.

Men hugsar me på å minnast? Å vaka over det som var?

Men korleis går det?

Også som samfunn tenkjer me slik at historia går og går, som ei klokke frå dag til dag, frå år til år, slik minutt vert til timar på klokka. Frå steinalder til dataalder ser me ei rett, oppstigande linje av framsteg. Framtida kan me knapt venta på, økonomar og politikarar boblar over av glede av kor mykje me skal veksa det neste året, det neste kvartalet. Over all rikdommen og framsteget som kjem. Alt skal gå framover.

Og korleis går det? Jau, kvart nye år pumpar me klimagassar ut i atmosfæren, øydelegg planeten på alle måtar me kan. Kvart år blir dei rikare endå rikare, medan «dei veike lid det dei må», for å låna eit utrykk frå den gamle grekaren Thukydid (460–400 f.Kr.).

Dette synet på tida får også konsekvensar for korleis me forstår samfunnsutvikling. Når me ser fattigdom og vald i samfunnet, når me ser ting som ikkje går som det skal, blir me forundra. Og me lurer på korleis noko slikt kan skje i det hypermoderne tjueførste hundreåret – me som er komne så langt, som har ein økonomi som har vakse med 2,7 prosent siste halvåret, som har ein teknologi som overgår alt anna: Korleis kunne me, i vår tid, bli vitne til 22. juli 2011, dei gule vestane i Paris og elles i Frankrike den siste tida, og at den amerikanske presidenten peikar ut den frie pressa til folkefiende nummer ein?

Snur vi oss ikkje nok?

Gløymer me kanskje, som Benjamin seier, at det som verkeleg er forunderlig, er at me har gløymt å minnast, at historia ikkje handlar om rørsle framover i tid, men om minne.

Kan det vera slik at vår manglande evne til å stoppa opp, til verkeleg å gjera noko med dei store spørsmåla i tida vår, som klimaendringar og økonomiske ulikskapar, kjem frå vårt syn på framtida, på historia? Historia er så mangfaldig at me menneske aldri kan koma i nærleiken av å få eit fullt bilete av ho. Difor er det biletet me har av fortida ei forteljing om framgang forma av sigerherrane opp gjennom historia. Det som til ei kvar tid ikkje passar inn i denne forteljinga, blir utelate.

Dersom me i staden har historie som minnast og reddar att fortida som håp – alt det som var gløymt, men som kunne bli – så kan me få eit syn på nåtida som gjer ho meiningsfull, og full av kraft til å endra både eigne liv og samfunnet. Då vil me skjøna at «den krisa me nå lever, ikkje er unntaket, men regelen», som Benjamin skriv.

Lukka me måtte førestilla oss...

Heilt til slutt i historiefilosofien sin skriv Benjamin at for dei gamle jødane var det forbode å gå til spåkvinner som kunne sjå inn i framtida. Dette gjorde, seier Benjamin, at framtida for jødane verken var tom eller mekanisk, men i staden hadde buande i seg, i kvart eit sekund, den tronge porten som Messias kunne koma gjennom.

På nyttårskvelden i kveld skal me gjerne sjå framover mot året som kjem. Men samstundes skal me hugsa at lukka me måtte førestilla oss, kjem frå gårsdagens luft, frå dei menneska me har møtt, – og at den nåtida me i dag kjenner, ikkje vil vera del av framtida dersom ingen minnast ho.

Les også

  1. «Vindu mod gadå» – den siste av Sven Egil Omdals 30 artikler om Aftenbladets forhold til samfunnet rundt seg – og omvendt – i 125 år

  2. Han var jøde, men trodde han var trygg på Ogna

  3. 2018 slik fotograf Jarle Aasland så det

Publisert:
  1. Historie
  2. Gjestekommentar
  3. Eirik Magnus Fuglestad

Mest lest akkurat nå

  1. Mann siktet for drapsforsøk etter knivstikking på Tasta – skal ha klaget på høy musikk

  2. Breivik begjærer seg fortsatt prøveløslatt

  3. - Den mest kunn­skaps­rike vi kjente

  4. Avviser at kroppsbyggere er mer skeptiske til vaksinen: – Det er heller motsatt

  5. Grønt nivå i skoler og barne­hager i flere kommuner

  6. Kraftig økning: 754 nye smittede på Nord-Jæren