Kva som skjer når dei rike blir rikare og forskjellane aukar

GJESTEKOMMENTAR: Forskjellane mellom folk aukar i Noreg, Europa og elles i verda. Kvifor protesterer ikkje dei økonomiske taparane meir høglydt?

Forskjellane mellom rike og fattige aukar overalt, men politisk er det lite motstand mot denne utviklinga. Det er det hovudsakleg fire grunnar til. Foto: Shutterstock/NTB Scanpix

  • Svein Erik Tuastad
    Svein Erik Tuastad
    Statsvitar og dr. polit., Universitetet i Stavanger
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over to år gammel

Éin prosent av innbyggjarane eig 25 prosent av formuane i Noreg. No er det 308 norske milliardærar, 38 fleire enn siste året. Sidan 1980-talet har ulikskapen vakse på brei front, i Noreg og i endå større grad elles i Europa og verda. Når vi ser på ulikskapsstatistikken over tid, er det på 1980-talet kurvene igjen byrjar å gå i feil retning. Statistikk over ulikskap målt som samla inntektsulikskap (Gini-skalaen), del av samla inntekt til dei aller rikaste eller formue-ulikskap, viser det same: Ulikskapen aukar.

Fire grunnar

Som politisk sak har økonomisk ulikskap endra karakter. Vi kunne ha forventa at dei som står på dei lågare trinna på samfunnsstigen, mobiliserte politisk mot han. Her er fire grunnar til at det ikkje skjer.

1. Individualisering av samfunnsproblem

Eit kjerneproblem i den politiske tenkinga er at løysingar som burde vore definerte som politiske fellesskapssaker, har vorte individualiserte, ifølgje den nederlandske historikaren Geert Mak. Mak er ein akademikar som viser att i ei europeisk offentligheit etter bok- og TV-suksessen hans «Europa – En reise i det 20. århundret». Nylig vitja han Kapittel, den mangfaldige litteraturfestivalen til Sølvberget i Stavanger.

Når ein syrisk flyktningar søkjer naudhamn hos oss, eller ein arbeidar i ein småby mistar jobben, representerer det ikkje lenger eit moralsk problem for samfunnet, men individuelle problem. For Mak er privatisering av samfunnsproblem ei europeisk hovudutfordring.

2. Frå synlege til usynlege skilnader

Samstundes er det ein del av det same syndromet at det skjer ei forskuving frå synleg til usynleg ulikskap. Min eigen oppvekst på Husnes illustrerer korleis. På Husnes, som i andre industristader som til dømes Sauda eller Ålvik, budde arbeidarane på 1970-talet i ein del av småbyen, medan funksjonærane og industrileiarane budde i ein annan del. Då var ulikskapen synleg og klasseskilnaden openberr.

På Husnes kom det utover på 1980-talet nye bustadstrok med store, fine einebustader med hage. I dei nye einebustadane budde arbeidarar, funksjonærar, lærarar og butikkmedarbeidarar side om side. Dei synlege klasseskilnadane forsvann.

Dette kunne vore eit bilete på sosialdemokratiets triumf. Men ulikskapen bestod – han fekk berre ei usynlegheitskappe over seg.

Les også

17 rogalendinger eier 55 milliarder

3. Venstresida sviktar

For å få bukt med ulikskap lyt den politiske verktøykassa internasjonaliserast, men her feilar venstrepartia. Eit venstreparti som seier dei vil sørgje for meir likskap utan å få økonomien samla til å fungere, er ikkje mykje verdt. Europeiske venstreparti har mista tillit som økonomisk ansvarlege styringsparti – truleg med ein viss grunn.

Utviklinga i Frankrike illustrerer problemet. François Mitterrand var sosialisten som sat som president i Frankrike frå 1981 til 1995. Han starta ut med ein svært radikal politikk som enda som ein økonomisk fiasko. Politikken måtte reverserast totalt. Med François Hollande, ein ny sosialist, i presidentstolen frå 2012 til 2017 gjentok soga seg. Ved valet i 2017 var dei franske veljarane nådelause, og sosialistgruppa vert redusert frå 300 til 30 i det franske parlamentet.

Sosialdemokratiet elles i Europa famlar, trekker inn mot sentrum og får ein uklar, utvatna profil. Dermed har europeisk politikk hamna i eit paradoks. Ulikskapen veks, men venstrepartia taper. Den franske stjerneøkonomen Thomas Piketty har nylig vist korleis sambandslinjene mellom dei med låg utdanning og venstrepartia er brotne. Han meiner det i stor grad forklarer kvifor ulikskapen får vekse.

4. Innvandrarar som nye syndebukkar

I tomrommet som oppstår, skaper identitetspolitikk og innvandringsmotstand eit nytt mobiliseringsgrunnlag, særleg for høgrepopulistane. Dermed vert sambandet mellom klasse og parti endå meir uthola. Identitetspolitikken tappar kraft frå fordelingspolitikken. Ved valet i Sverige nylig raste støtta til sosialdemokratane blant LO-medlemmer, medan ein fjerdedel av dei røysta på det høgrepopulistiske Sverigedemokratane.

Les også

Sven Egil Omdal: «Frykten bakenfor fremmedfrykten»

Norsk unntak?

I norsk politikk er det ein brei konsensus om «den norske modellen» med ein universell velferdsstat og eit trepartssamarbeid mellom stat, arbeidstakarar og arbeidsgjevarar. Dette samfunnssystemet inkluderer alle i dei same fellesordningane. Det held den grøvste ulikskapen i sjakk, og då raknar ikkje det samhaldet som er så verdifullt.

I det store europeiske biletet kjenner mange veljarar ei otte for ein globalisert økonomi utan å vere trygge på at styresmaktene tar vare på interessene deira. Refleksen, som vi kjenner att i Skandinavia, er økonomisk proteksjonisme og høgrepopulisme. Det tener knappast interessene deira på sikt.

Resultatet vert ein cocktail med ustabilitet. Det vi som nasjonale borgarar og europearar hadde hatt bruk for i staden, var meir forpliktande samarbeid, omfordeling både innanfor og mellom land − og mest av alt: politisk handlekraft.

  • Tidlegare gjestekommentarar av Svein Erik Tuastad, og artiklar om han, finn du her
  • Andre gjestekommentarar finn du her

Les også

  1. – Følelsen av forskjell i Stavanger

  2. Boligområdet påvirker barn og unges sjanser til å lykkes i livet

  3. Leder: «Den farlige ulikheten»

  4. – Fattigdomslykke? Verkeleg?

  5. – Fattigdomslykke? Ja – virkelig!

Publisert:
  1. Politikk
  2. Gjestekommentar
  3. Svein Erik Tuastad
  4. Økonomisk politikk
  5. Statsbudsjettet 2019

Mest lest akkurat nå

  1. Se målene: Haaland scoret to og ble cup­mester i Tyskland

  2. En person skadd i løfteulykke på Johan Sverdrup-feltet

  3. – En kollektiv kollaps, nå må vi gå i oss selv

  4. Sørlandsbanen stengt fredag etter brann i Agder

  5. Aarbakke kler Bryne og Nærbø i grønt av en helt spesiell grunn

  6. Strid om nytt opp­dretts­anlegg: – Enorm risiko