Oljeparadokset − frå økonomisk velstand til risiko for landet
GJESTEKOMMENTAR: Norsk olje trygga velferda i mange tiår. I framtida kan olje bli ein risiko for velferda.
- Bård Vegar SolhjellGeneralsekretær, WWF Verdens Naturfond


Lille julaftan 1969 fekk Noreg ei gåve som blei livsendrande for det vesle landet vårt. Ekofisk-feltet, lengst sør i den norske delen av Nordsjøen, blei erklært drivverdig. Det verkar kan hende ikkje så lenge sidan, men dette var året vi fekk niårig grunnskole, Neil Armstrong og Buzz Aldrin gjekk på månen og The Beatles heldt den siste konserten sin – på taket av Apple Records-bygninga i London.
Oljeverksemda blei raskt dominerande i norsk økonomi og er i dag den største næringa vår målt i verdiskaping, statlege inntekter, investeringar og eksportverdi. Men det var ikkje olja i seg sjølv som skapte velferda. Avgjerande for at vi i dag sit med eit oljefond verdt meir enn åtte tusen milliardar kroner, var utdanning, kompetanse og teknologi til å hente olja opp og selje ho, samt etablering av ein stor leverandørindustri på land. Og ikkje minst regelverk og institusjonar som skulle sørgje for ansvarleg forvalting av dei enorme verdiane og ei fornuftig investering av overskotet.
Reklameplakatane frå den fyrste tida var prega av pionerand og bruk av framtidsoptimistiske formuleringar som «Norges nye milliardbedrift» og «Vi fortsetter!». Og, ja, det var grunn til å vere nøgd: Vi brukte vinnarloddet vårt til beste for fellesskapet med stor dyktigheit. Vi trygga velferda – det er sant. Men det siste året har ei rekkje saker vist at vi no byggjer ut olje- og gassprosjekt som slett ikkje er sikre gullgruver for staten.
Bård Vegar Solhjell: «Vi kan ikkje leve på ønskebrønnar»
Kostbare ynskjebrunnar
Eit WWF-notat viser at staten vil trengje ein varig høg oljepris for å unngå milliardtap på Goliat-prosjektet. Ved ein varig oljepris på 50 dollar fatet, vil tapet vere på ti milliardar kroner. Det skandaleprega feltet Yme har òg allereie påført staten store tap.
Og det stansar ikkje der. WWF-berekningar har avdekka at gassfeltet Aasta Hansteen med stort sannsyn blir eit tapsprosjekt for staten, medan oljeselskapa tener gode pengar. Om gassprisen framover blir lik oppnådd pris i 2016 – 1,62 kr per standard kubikkmeter – vil staten tape 8,4 milliardar kroner, medan selskapa sit att med 880 millionar kroner, etter skatt. Prisen på gass som må til for at staten skal tene på feltet, ligg ifølgje WWF sine berekningar på 1,88 kroner per standard kubikkmeter gass, medan selskapa berre treng ein gasspris på 1,52 kroner per kubikkmeter.
Eit tredje eksempel: Polarled, gassrøyret i Norskehavet som kan koste staten så mykje som ti milliardar kroner, ifølgje WWF sitt reknestykke. Den 480 kilometer lange leidninga går frå gassfeltet Aasta Hansteen til Nyhamna i Møre og Romsdal. Rekninga etter utbygginga er på nesten 24 milliardar kroner, og staten har dekka store deler gjennom skattesystemet. No ser vi at mengda gass som går gjennom røyret førebels er langt unna å dekkje kostnadane ved prosjektet.
Ei verd i sterk endring
I sommar har vi mange stader i verda opplevd farleg høge temperaturar, tørke, massive skogbrannar og store tap av avlingar. Heller ikkje Noreg har gått fri. Den viktigaste årsaka til dei menneskeskapte klimaendringane er utslepp frå fossil energi. Kol, olje og gass. Difor er også den viktigaste komponenten i løysinga å erstatte fossil energi med fornybar.
Inntektene frå funn som vert gjorde i dag, vil ikkje vise seg før om 10−15 år, og då kjem verda, etterspurnaden og lønsemda til å vere annleis. Årsaka er klimaendringane, Paris-avtalen og endringar i energimarknadene globalt. I den gamle verda var oljefelta store, prisane og prisforventingane høge, og klimaproblemet lågt prioritert. Det som gjaldt var å få opp olja, fort! Difor har vi i dag det finanskretsar kallar eit «investeringsvennleg skatteregime» for olje- og gassektoren.
Staten tek inn 78 prosent skatt frå oljeselskapa. Men staten tek òg 88 prosent av risikoen ved nye oljeinvesteringar. Det fungerte før, då det var pengar å tene for alle. Funna i dag er i snitt mindre, prisane og forventingane er lågare, og klimaproblemet massivt. No er det akutt behov for å la olja liggje. Då blir det desto meir fortvilande at selskapa tar liten risiko og kan tene oljepengar, medan samfunnet tapar. Det er både dårleg klimapolitikk og dårleg økonomi.
Difor bør vi endre oljeskattregimet. Særleg bør vi fjerne friinntekta, som er eit gunstig skattefrådrag for oljeselskapa. Vi må òg la meir olje bli liggjande urørt, slik ti økonomar – blant dei fem professorar ved Universitetet i Oslo og to seniorforskarar i Statistisk sentralbyrå – har teke til orde for. Felt som skal i produksjon frå 2030 er ikkje foreinleg med klimamåla frå Paris, seier til dømes klimaforskar Tore Furevik frå Bjerknessenteret. Ikkje minst må vi satse massivt på fornybar energi, som no er konkurransedyktig i stadig fleire delar av verda. Vi har alle naturgitte moglegheiter og teknisk kompetanse for å kunne lukkast med det.
Equinor satser 625 millioner kr på solenergi i Argentina
Equinor og partnere satser 6,3 milliarder kr på leterettigheter i Brasil
Ingen veg attende
Vi kan ikkje gå attende. Vi kan ikkje late som om klimaendringane ikkje allereie påverkar samfunnet på nye måtar som vi er nøydd til å takle. Gullalderen med stabilt høge olje- og gassprisar i ei uoverskodeleg, rosakanta framtid kjem aldri att.
For meg er det opplagt kva som må til no. Vi skal gjere det same med nye, grøne næringar som vi gjorde med olje og gass den gongen på syttitalet: Styrke relevant utdanning, skape arbeidsplassar og etablere institusjonar og ordningar som kan drive eit berekraftig Noreg vidare.
Twitter: @bardvegar
- Dei siste gjestekommentarane i Aftenbladet finn du her
- Bård Vegar Solhjells gjestekommentarar og artiklar om han finn du her