Med hovudet i sanden – medan olje og gass truar naturmangfaldet

GJESTEKOMMENTAR: Olje- og gassaktivitet er ikkje berre i strid med klimaomsyn, det trugar stadig oftare sårbar og viktig norsk natur.

Publisert: Publisert:

Viktigaste grunnen til at lundefuglen er trua av utrydding? Svaret er truleg mangel på mat, det vil seie tobis. Før skuldast det overfiske, no er olje- og gassleiting i aukande grad årsaka. Foto: NTB scanpix

  • Bård Vegar Solhjell
    Generalsekretær, WWF Verdens Naturfond
iconDenne artikkelen er over ett år gammel

Tobis. Aldri høyrd om? Vel, han er ein av våre viktigaste fiskeartar. Ikkje som matfisk for menneske, men som føde for andre artar: fisk, sjøpattedyr og sjøfugl. Denne vesle, torpedoliknande fisken er sjølve matfatet for mange andre, og han spelar slik ei avgjerande rolle for artsmangfaldet i sitt økosystem. Kor viktig han er for det store marine puslespelet blir tydeleg når vi veit at nedgangen i tobisbestanden kan vere ei av årsakene til at lundefuglen er ein utsett artden norske raudlista. Han har ikkje hatt nok tobis å ete.

Og slik er tobis eitt av mange døme på ein enkelt art som i seg sjølv kan verke ubetydeleg, men som er ein sentral del av det store biletet.

To viktige rapportar

På seinhausten i fjor kom det to skjelsetjande publikasjonar:

Rapporten til FN sitt klimapanel, som slo fast at vi må halvere utsleppa våre fram mot 2030 om vi skal halde oss under 1,5 graders oppvarming.

WWF sin Living Planet Report, som viser at dyrebestandane i verda er blitt reduserte med gjennomsnittlig 60 prosent sidan 1970. Nesten 40 prosent av mengda liv i havet er gått tapt i same periode. Klimaendringar er ein av drivarane bak den skremmande utviklinga.

Trass dette har regjeringa vald å lyse ut ei rekordhøg mengde olje- og gasslisensar. Og ikkje berre det: Heile 25 av 83 lisensar ligg innanfor det som blir definert som sårbare og viktige naturområde, mellom anna i Mørebankane. Dette er eit av dei viktigaste fiskerifelta i Noreg, så viktig at det faktisk står i regjeringserklæringa at ikkje noko oljeaktivitet skal gå føre seg her! Regjeringa har også vald å gjennomføre utlysing av olje- og gasslisensar i både dei nordlege og sørlege tobisfelta i Nordsjøen. Her held, som namna tilseier, tobisen til.

Les også

Bård Vegar Solhjell: «Det store sjansespelet med naturen»

Dei fleste av oss har aldri fiska tobis, og truleg heller ikkje sett han. Men han er viktig for fiskeria, – men endå viktigare for økologien i havet, og vidare òg. Foto: Thomas Førde

Nei til fiske, ja til olje og gass

Tobisen gyter frå Vikingbanken til danskekysten, på Doggerbank, samt utanfor Storbritannia og ved Shetland. Gytefelta i norske farvatn har vore freda for fiske sidan 2009 fordi tobisbestanden slit. Årsaka den gongen var overfiske. No er det seismikk og olje- og gassboring som truar tobisen. Difor var det ikkje merkeleg at det blei bråk både frå miljørørsla og fiskerinæringa då Statoil i 2017 fekk lisens for olje- og gassaktivitet i Vikingbanken – trass i at det lenge hadde vore fiskeforbod der av omsyn til tobisen. Tillatinga innebar òg tommelen opp for utslepp av mellom anna borekaks, knuste steinmassar frå avgrensingsbrønnen saman med vatnbasert borevæske.

Kjell Ingebrigtsen, leiar i Noregs Fiskarlag, uttalte følgjande til Dagsavisen den gongen: «Fiskeflåten har måttet holde seg borte fra dette feltet i åtte-ni år fordi det er et viktig gyteområde for tobisbestanden, men så snart oljeindustrien trenger å få tilgang, får den det.»

Ei næring som får ture fram

Eg forstår Ingebrigtsen. Petroleumsnæringa har vore, og er, ekstremt viktig for Noreg, men er no utfordra av fornybar energi og omsynet til klimaet. Like fullt pressar næringa på for å kome inn i nye farvatn, sjølv om desse er definerte som særleg viktige og sårbare naturområde. Det problematiske er at regjering og stortingsfleirtal lar dei halde fram. Det er djupt problematisk av to grunnar:

Klima: Det internasjonale energibyrået (IEA) var tidleg ute med å peike på at om lag to tredelar av dei fossile ressursane i verda må bli liggjande i bakken om vi skal stagge klimaendringane. Det er ikkje ei sanning med modifikasjonar, det er tvert om eit konservativt anslag. Dersom vi vil ha stor sjanse for å nå 1.5-gradersmålet, må etter alt å dømme langt meir av dei fossile ressursane bli liggjande. Då verkar det opplagt å halde igjen der risikoen er høg og motargumenta er sterke.

Natur: Dei viktigaste naturområda må få være i fred for drønnande leiteoperasjonar og boring som aukar risiko for utslepp og forureining. Desse naturrikdommane må bli tekne hand om nennsamt om vi skal ha glede av dei også i komande generasjonar. I komplekse, marine økosystem kan ein art som tobis vere ein nøkkel til at naturen fungerer som han skal.

Vi gjer som tobisen

Tobisen grev seg ned på havbotnen om natta for å beskytte seg. Om vinteren blir han like godt liggjande der heile tida, i ein slags dvale, lunt og behageleg. Med hovudet i sanden. Det er freistande å samanlikne med ei regjering som ikkje i tilstrekkeleg grad vil ta innover seg kva klimaendringane og det globale tapet av natur krev.

For det krev politikarar som tør å ta dei tøffe avgjerdene. Då handlar det altså ikkje om avgjerder som best kan halde firepartiregjeringa saman, eller som primært blir fatta for å vinne neste val, men om avgjerder som set miljø og klima framfor andre omsyn.

Twitter: @bardvegar

Publisert:

Les også

  1. Bård Vegar Solhjell: Oljeparadokset − frå økonomisk velstand til risiko for landet»

  2. Bård Vegar Solhjell: «Den vakraste og viktigaste livsforsikringa»

  3. Hilde Øvrebekk: «Klimakrisen kunne kanskje ha vært unngått dersom vi hadde lyttet til William Nordhaus»

  1. Klimaendringer
  2. Global oppvarming
  3. Olje og gass
  4. Seismikk
  5. WWF