Eit splitta Tsjekkia

I helga var det val i Tsjekkia. Valresultatet fortel fleire historier.

Publisert: Publisert:

«Milliardæren Andrej Babiš har blitt samanlikna med Trump. Han ligg nå an til å bli statsminister i Tsjekkia,» skriv Øyvind Strømmen. Foto: NTB Scanpix

  • Øyvind Strømmen
    Forfattar og journalist
iconDenne artikkelen er over to år gammel

Den fyrste historia handlar om Andrej Babiš, grunnleggjar og leiar av partiet som vann valet, ANO. Det vil seia: Babiš vil helst sjå på ANO som ei rørsle av misnøgde borgarar, slik partinamnet Akce nespokojených občanů også røper.

Løftet

Då den søkkrike slovakiskfødde forretningsmannen grunnla ANO – forkortinga tyder elles «ja» – i 2011 var det med eit løfte om å kjempa mot korrupsjon og mot folkevalde sin juridiske immunitet. To år seinare segla protestpartiet inn i parlamentet som landets nest største, berre slått av det sosialdemokratiske ČSSD. Valsigeren førte også ANO inn i regjering saman med med sosialdemokratane og kristendemokratane, og Andrej Babiš vart finansminister. Tidlegare i år vart han sparka frå regjeringa, etter skuldingar om å ha unndratt skatt.

Milliardæren Babiš har lukkast i å etablera seg som ein annleis politikar i tsjekkisk politikk, med ein politisk stil som underbyggjer biletet av han som ein outsider som skal rydda opp, sjølv om han neppe kan omtalast som anna enn elite.

I 2015 – då Babiš var finansminister – omtalte sjølvaste Foreign Policy han som Babisconi, ein referanse til Berlusconi. Det skjedde under ei overskrift som sa at også Tsjekkia hadde fått eit oligarkproblem. Ifølgje tidsskriftet representerer Babiš ein ny era i tsjekkisk politikk, ein era der «forretningsinteresser er viktigare enn å verna om demokratiet». Han truga med å saksøkja tidsskriftet, men det skjedde ikkje.

Djupt splittande figur

Babiš har også vorte samanlikna med Trump. Medan også den samanlikninga nok er noko misvisande er fellestrekka klåre nok: Milliardæren Babiš har lukkast i å etablera seg som ein annleis politikar i tsjekkisk politikk, med ein politisk stil som underbyggjer biletet av han som ein outsider som skal rydda opp, sjølv om han neppe kan omtalast som anna enn elite. No ligg han an til å bli statsminister. Samstundes er han ein djupt splittande figur, og det er ikkje reint få kontroverser rundt Babiš.

Han har vorte skulda for å ha hatt koplingar til kommunisttida sitt hemmelege politi StB, skuldingar som har ført til fleire rettssaker. Han har vorte skulda for å stå Putin nær. Han har òg vorte skulda for å blanda seg inn i dei redaksjonelle vurderingane til landets neststørste avis, Mladá fronta Dnes, som han sjølv eig via mediaselskapet MAFRA. Han hamna også i bråk då han omtalte konsentrasjonsleira i Lety – der sigøynarar vart internert under andre verdskrigen – som ein arbeidsleir.

At Tsjekkia er splitta i synet på sin neste statsminister er også tydeleg ut frå ei undersøking publisert av nettavisa Novinky: Godt over halvparten av veljarane er misnøgde med valresultatet.

Den andre historia

I tillegg til ANO er det særleg to parti som har grunn til å vera nøgde. Dette er den andre historia om det tsjekkiske valet. Sjølv om det liberalkonservative partiet ODS gjekk fram og vart landets nest største er det meir interesse for to parti som braut sperregrensa og som båe fekk over ti prosent av røystene. Det eine er Piratpartiet. Det andre er Fridom og Direkte Demokrati, eit parti som kan minna om franske Marine Le Pens parti Front National og som vert leia av den halvt japanske forretningsmannen Tomio Okamura, ein politikar som samanliknar islam med nazisme. «Ingen islam, ingen terrorisme», seier partiet sine valplakatar. Der Babiš er euroskeptikar er Okamura beinhard i sin motstand mot EU, som han omtaler som eit diktatur.

Ei anna historie

Den tredje historia frå det tsjekkiske valet er ei historie om endå eit sosialdemokratisk nederlag. I 2013 var sosialdemokratiske ČSSD det største partiet, med over 20 prosent av røystene. I dette valet fekk dei berre litt over sju prosent av røystene, og måtte sjølv sjå seg slått av ein annan av valets taparar, kommunistpartiet KSČM, arvtakar etter det tsjekkoslovakiske kommunistpartiet.

Saman fortel desse tre historiene om det tsjekkiske valet også ei anna historie. Det er ei historie om etablerte parti som slit, og om tillitskriser som opnar opp for nye politiske krefter – både ein Babiš og ein Okamura, men også for Piratpartiet. Men fyrst og fremst er det kanskje endå ein bit i historia om eit Europa som ikkje lenger veit heilt kvar det vil, eit Europa der etablerte politikarar slit med å tilby veljarane gode svar, og eit Europa der både populistisk anti-politikk og rein skjær framandfrykt er i vekst.

Publisert:

Les også

  1. Øyvind Strømmen: La det ikke være noen tvil: Dette er en farlig organisasjon.

  2. Øyvind Strømmen: Heltar eller terroristar?

  3. Øyvind Strømmen: Framtidas flyktningkrise, valkamptemaet det var stille om

  1. Politikk
  2. Andrej Babiš
  3. Tsjekkia