Gud er ingen garantist for det gode

KOMMENTAR: Misjonssambandets Espen Ottosen lurer på om det går an å vera god utan Gud. Det gjer det. Slik det også går an å vera alt frå veldig snill til litt slem til heilt grusom med Gud.

Publisert: Publisert:

Folk kan finna på å ta Gud til inntekt for nesten kva som helst. Foto: Pål Christensen

  • Solveig G. Sandelson
    Debattredaktør
iconDenne artikkelen er over to år gammel

Eg burde sikkert la det liggja. Eg burde sikkert la vera å bli sint og oppgitt, og gå rett og roleg inn på det filosofiske spørsmålet Misjonssambandets Espen Ottosen reiste i Aftenposten: Går det an å vera god utan Gud?

Utan å røska i premissa for spørsmålet – at det er lettare å vera god med Gud enn utan Gud.

I Guds namn

Det får eg ikkje til. For folk har gått til krig i Guds namn. Dei har drive med heksebrenning og blodige korstog i Guds namn. Menneske har blitt rakka ned på, utstøytte og isolerte i Guds namn. Barn har blitt slått av foreldra sine i Guds namn, kvinner banka opp av mennene sine. Folk har fått høyra at alvorleg sjukdom hos dei sjølve, eller barna deira er straff frå Gud for syndene deira. I Ottosens eigen organisasjon, Misjonssambandet, hadde ikkje kvinnene stemmerett inntil for svært få år sidan. Også det grunngitt med Guds ord. Og slike restriksjonar som rammar ei gruppe menneske, blir påfallande ofte haldne oppe av dei som ikkje sjølv blir ramma.

Mange har fått sjølvbildet sitt knust i Guds namn. Også i vår region.

Dei andre

Viljen til å ta Guds ord på alvor synest stor når restriksjonane det måtte medføra gjeld andre enn deg sjølv. Anten det er ei nidkjær haldning til å leva etter Guds ord som ligg bak, eller rein eigeninteresse i å oppretthalda eiga makt og eigne maktposisjonar.

Den som er oppvaksen i utkanten av sterkt kristne miljø, kan også ha kjent på at du er litt mindre verd enn andre viss du ikkje er personleg kristen. eller viss ikkje heile familien din i fleire generasjonar er personleg kristne nok på den rette måten. Du kunne til og med skitna til dei kristne eller barna deira litt med alt du hadde med deg av verdslege farar for dei som gjekk på den smale veg.

Mange sit igjen med sår etter å ha vore i nærleiken av miljø der Ottosens organisasjon har stått sterkt. Mange har fått sjølvbildet sitt knust i Guds namn. Også i vår region.

At det skulle vera lettare å vera god med Gud enn utan, blir umuleg å ta for god fisk.

Kimen til det autoritære

At det skulle vera lettare å vera god med Gud enn utan, blir umuleg å ta for god fisk.

For alle store ideologiar og religionar som hevdar å sitja inne med sjølve sanninga, ber også kimen til det autoritære og undertrykkande i seg.

Og når det gjeld Gud, kan menneska få seg til å ta han til inntekt for nær sagt kva handling som helst.

Det er nok å visa til kva Trump driv med. Alt som ikkje passar inn i hans eige bilde av seg sjølv, kallar han usant.

For lett

Det er jo ikkje dette Ottosen vil ha fram. Han er redd ingenting blir ståande som alltid gjeldande, dersom Gud ikkje styrer det moralske, innvendige kompasset. At alt blir relativt. At det eine blir like godt som det andre. At det som tener meg best akkurat nå, for lett kan forsvarast som den rette handlinga. At irriterande innvendingar og motførestillingar lett kan avvisast som ikkje gyldige for meg.

Denne uroa for kva som skjer når alt kan gjerast like gyldig, deler han med mange, truande eller ikkje.

Postmodernismen og internett har gjort dette muleg. Gjort det muleg å bryta ut av fastfrosne maktstrukturar og knusa etablerte sanningar. Gjort det muleg for dei mange enkeltstemmene å sleppa til, gjort det vanskeleg for makta, religiøs eller ikkje, å halda på posisjonane sine. Folk har blitt sette fri. Dei har fått andre rom å ropa i enn bare rett ut i skogen.

Men slik ideologiar og religionar som hevdar å sitja på den overordna sanninga alltid ber kimen til det autoritære med seg, vil denne normoppløysinga alltid bera med seg ein kime til bare å dyrka seg sjølv. Ingen korreksjonar treng gjelda. Det kan bli altfor lett. Det kan gjera vaksne til store barn.

Det er nok å visa til kva Trump driv med. Alt som ikkje passar inn i hans eige bilde av seg sjølv, kallar han usant. Eller til debattane om barnevaksinar eller om klimaet, der enkeltstemmer utan fagleg bakgrunn eller kunnskap blir gjort like gyldige som tung forsking og generasjonar med kunnskap.

Fellesskapet

Eg trur det er ansvaret for fellesskapet Ottosen meiner står på spel. Og reint nøkternt – vi klarer oss dårleg utan eit ansvarleg fellesskap. Mennesket er eit flokkdyr. Blir livsvilkåra til mange nok av menneska rundt deg truga, trugar det snart dine kår også.

Svaret er i alle fall ikkje at det blir lettare viss bare menneska meiner dei har Gud til stades i livet sitt. Heller ikkje er det sikkert det blir bra om alle gir Gud på båten. Når Human-Etisk Forbund for nokre år sidan meinte deira konfirmasjon var den nøytrale, i motsetning til kyrkjas, inngir ikkje det noko særleg støre tillit. Det er også å innta ein suveren posisjon.

Det er vanskeleg å sjå noko anna enn ei alltid vakande uro som svar.

Store spørsmål

Kor stort fellesskap skal vi ta ansvar for? Kor langt fram klarer vi tenkja? Når blir fellesskapet lammande, når gjer det oss passive eller undertrykte, når er handlingane våre av det gode, og når rammar dei andre på smerteleg vis?

Når er bakgrunnen for handlingane våre eigentleg bare eit påskot til å oppretthalda eigen posisjon?

Det er vanskeleg å sjå noko anna enn ei alltid vakande uro som svar. Over eigen og andres agenda. Og uavhengig av om Gud står på agendaen eller ikkje.

Om eg dermed meiner norske kristne, som Espen Ottosen i Misjonssambandet, alltid bør uroa seg over kva Gud kan bli tatt til inntekt for, også i eigne miljø?

Ja. Det meiner eg faktisk.

  • Tidlegare kommentarar av Solveig G. Sandelson finn du her
Publisert:

Les også

  1. Psykisk sjukdom er ikkje tabu å vera open om når ein er frisk. Men det er det jo ikkje alltid ein er.

  2. Ja, eg veit det singlar i glashus nå. Men likevel

  3. Muhammed-karikaturane: Farleg enkelt

Mest lest akkurat nå

  1. Da viruset kom til Norge, tok Ingeborg (47) grep. Personer med fedme rammes hardere av korona, viser ny forskning.

  2. Pizzabakerens hemmelighet

  3. Perioden er over og her har det vært full fart fra første dropp!

  4. Er god for nesten 3 milli­arder: Sørlendingen har tredoblet formuen

  5. Millionsalg og global interesse for norsk koronatest

  6. Aktivitetspark åpnet i vind og blåst

  1. Religion
  2. Kristendom
  3. Livssyn
  4. Solveig G. Sandelson