– Behandla menneske fint, Tix?

KOMMENTAR: – Når ein ser noko galt skje, så hev stemma og sei ifrå, sa artisten Tix til VGTV her i vinter. Fint, eg har ein ting eller to å ta opp.

Det kan vera vanskeleg å heva stemma. Særleg viss du må bryta stemninga i eit fellesskap. Foto: Heiko Junge

  • Solveig G. Sandelson
    Solveig G. Sandelson
    Debattredaktør
Publisert: Publisert:

Det var etter Debatten på NRK han sa det der med å heva stemma. Og behandla menneske fint. Det var den debatten der musikkmeldar Anders Grønneberg måtte eta pannebandet til Tix, sidan han i ein ganske klønete kritikk av låta «Ut av mørket» hadde gjort seg høg og mørk og lova å gjera akkurat det, viss Tix vann den norske Grand Prix-finalen. Det gjorde han jo. Men grunnen til at Tix sjølv reagerte og heva stemma, var Grønnebergs sleivspark «Hva med å grine litt på Lindmo?» i kritikken av ei anna låt, den til Ane Finstad.

Tix gjorde det hos Lindmo. Mens han snakka om å kjenna seg einsam, om tvangsliding, om sjølvmordstankar. Han skal ha for å prøva å gjera psykisk helse og psykiske lidingar lettare å snakka om, ikkje minst for unge menn. Han gjer heilt rett i å visa kva mobbing kan gjera med eit menneske, og dra grenser for kor sleivsparka til ein musikkmeldar får ramma. Men også hans eigne tekstar rammar på urett vis. Det er også verd å heva ei stemme mot.

Språket

Etter Debatten den kvelden i vinter, sa Tix til VGTV at det ikkje var språkbruken til Grønneberg han reagerte på, men måten han behandlar menneske på. Det må verkeleg gå ut på eitt, for så vidt eg veit er det berre språkbruken til Grønneberg vi har å forholda oss til, når det gjeld måten han behandlar menneske på.

«Jomfru i nød, spre dine lår, kvelden skal huskes i tusener av år», skreiv Tix sjølv i ei russelåt frå 2016. «Så bli med inn i helvete, hooker en tøs, jeg vil se deg naken, så slipp deg løs» fortsatte han i same tekst.

Men det er jo ganske lenge sidan.

I 2017 var det «Hun sa: Oh baby kom og ta meg en gang til, jeg kan være hvem du vil,» det gjekk i.

I 2018 var byen Bergen, «der alle jentene er våtere enn fiskene i vannet. Brannsår i underlivet, kjører på så hardt vi kan. Alle digge damer, de skal rett inn til Haukeland.»

Hoppar vi til 2020, har det blitt pandemi, også i tekstane til Tix:

«Han er en sykdom, en smitte, en pappagutt fitte, med sykdom i skrittet, det er faren som har gitt det.»

Russelåtlinja han oftast har blitt sitert på, er vel forresten den om at i kveld er det lov å vera hore.

Fellesskap?

I det intervjuet med VGTV, der han oppfordrar oss til å behandla menneske fint, angrar han ikkje på russelåtane. Nei, det er jo dei som har fått han dit han er i dag, seier han. Og russetid tenker han på som ei tid med fantastisk fellesskap.

Jo, jo. Der ein kan hoppa lykkeleg rundt saman og syngja om å ta jenter så hardt og skada dei så stygt at dei må på akutten. Der jenter er jomfruer i nød ein kan be spreia låra så ein får hjelpt dei av med nøden, der jenter står til teneste og tilbyr seg å vera kven som helst for han, eller meir presist baby, jomfru, tøs eller hore. Og der fedre blir overgriparar med eige refreng om smitte i skrittet, det er pappa som har gitt det.

Det er tonedøvt. Ikkje minst av russen sjølv. Dei er myndige menneske, på veg over i eit slags vaksenliv, dei har stemmerett og lov til å køyra bil og greier.

Tix er 28. Sjølv står han for det han har gjort tidlegare, seier han. Men viss nokon oppriktig kjenner seg tråkka på, så vil han beklaga. Altså eigentleg ikkje. For han har aldri meint å såra nokon. Og grunnen til at han fortsatte då han først hadde begynt, var fellesskapet han såg dette skapte. Før han begynte, handla russelåtar om at vi er betre enn deg, vi er rikare enn deg, du får ikkje henga med oss, fortel han til NRK nå i mai. Det positive med å la tekstane handla om sex, er at då er plutseleg alle med, meiner Tix. Det er iallefall tonedøvt.

Urett

For tekstane hans, som skapar sånn eit fellesskap, gjer det ved å tråkka halvparten av menneska her på jord ned til ein slags ting som kan brukast og skadast, anten som babe, jomfru, tøs eller hore. Det kan dei syngjast om så det ljomer i dette fantastiske fellesskapet han meiner russetida er. Og nei, det er ikkje formildande at også unge menn blir til skritt ettersom tekstforfattaren blir meir erfaren.

Eg bryr meg i grunnen ikkje så mykje om det der med å beklaga eller ikkje, ta avstand eller ikkje. Det er meir det med å kjenna igjen urett, også når den ikkje rammar deg sjølv.

For eg vil påstå at den eine halvparten av menneska på jord betaler ein ganske høg pris for å ta del i det der fellesskapet.

Det kan vera vanskeleg å heva stemma og bryta eit fellesskap. Særleg viss du skal gjera det mot eit samstemt kor. Særleg viss det betyr å forstyrra stemninga. Som ein svær russefest er. Som sympatien for ein modig mann som fortel si historie offentleg er. Som feiringa av ein underdog i ein internasjonal Grand Prix-finale er.

Russelåtar er jo berre til for tull og vas og fest og fyll. Sikkert. Men det kunne jo vera greit å få til det der med tull og vas og fest og fyll og fantastisk fellesskap utan å gjera jenter til horer.

Ingen skal måtta ned på kne for å få vera del av eit fellesskap, Tix. Ein må behandla menneska fint.

Publisert:

Kommentator Solveig G. Sandelson

  1. – Kva hjelper det å fortelja historia til Artin?

  2. – Kor nært kan du koma folk over heile landet, utan å mista retninga?

  3. – Det handlar om å bli store nok til å klara seg utan SV. Utan å bli ufine mot Ap

  4. «Ingen skal måtta ned på kne for å få vera del av eit fellesskap, Tix»

  5. – Kjøtt­kake­kranglar er for dei friske. Det hjelper ikkje sjuke

  6. Den beste skule­politikken? Gi skulen fred. Gå i karan­tene

  1. Kommentator Solveig G. Sandelson
  2. Andreas «TIX» Haukeland
  3. Melodi Grand Prix
  4. Russetid
  5. Mobbing