Kjøttkakekrangel for dei friske

KOMMENTAR: Det er ikkje sikkert kjøttkaker med eller utan linser er så viktig for dei som bur på norske sjukeheimar. Men politikarane kan likevel halda fingrane av fatet.

Kjøttkakekrangelen mellom Lan Marie Berg (MDG) og Ketil Solvik-Olsen (Frp) var frisk. Det hjelper ikkje alltid dei sjuke. Foto: Skjermdump frå nrk.no

  • Solveig G. Sandelson
    Solveig G. Sandelson
    Debattredaktør
Publisert: Publisert:

Eg hadde hjernerystelse i fjor. Eg var på sjukehus og sjukeheimar i fleire månadar. Å flytta blikket, for ikkje å snakka om å bevega hovudet, fekk alt til å segla. Og du må nesten sjå litt ned for å få i deg maten din. Det var grenser for kor mange gonger eg kunne klara det, før eg var heilt utmatta av svimmelheit og kvalme.

Då blir det viktigaste at maten ikkje krev for mange bevegelsar å få i seg. For då går det ikkje. Samtidig som det er grenser for kor tung av smør og fløyte dei kunne gjera den, utan at kvalmen tok heilt overhand. Då går det jo heller ikkje. Eller viss nokon prøvde å snakka til meg samtidig. Gjekk ikkje. Likevel var kvar minste ting eg kunne klara å ta kontroll over sjølv, eller finna ein slags ro ved, med på å gjera den augeblinken, eller den dagen, litt betre. Det var viktig. For kva neste dag ville bringa, kunne eg ikkje vita.

Gapet

Nå er eg frisk. Det er så enormt stort gap mellom å vera frisk og å vera sjuk. Det er så enormt stort gap mellom å vera på institusjon og å vera blant dei som klarer seg sjølv. Og det er så enormt stort gap mellom å vera heilt prisgitt andre og sjølv å ha styringa over eigen dag.

Og eg har tenkt at det finst ei bakside av velferdsstaten vår som vi ikkje så ofte snakkar om: Den gøymer det gapet. Den gjer det lettare for oss friske å tru at alt kan fiksast, lindrast, dempast. At livskvaliteten der inne hos dei som er sjuke, kan skruast opp og ned med grep vi lett kan kjenna igjen, vi som er friske. Som å få kosa seg med eit godt måltid mat. Som å få velja kva du vil eta, også når du er på sjukehus eller sjukeheim. Og motsett – som om det ikkje skulle bety noko om ein frå eit rådhus bestemmer kva sjuke skal eta.

Då får ein kjøttkakekranglane blant oss friske. Når byrådet i Oslo har vedtatt eit gradvis meir plantebasert kosthald i alle kommunens kantiner og institusjonar, for å bidra til å få ned kjøttforbruket vårt, og dermed CO₂-utsleppa. Det har ført til linser og bønner i kjøttkakene på sjukeheimane. Mens Frp, med Ketil Solvik-Olsen fremst, meiner folk må få eta kva dei vil, og at det ikkje er noko han som politikar skal leggja seg opp i. Han meiner at dei eldre på sjukeheimane må få velja sjølv.

Eg var glad for at han tok den. Eg kjende brystet snøra seg då MDGs Lan Marie Berg meinte at dette var ein liten ting. For det som er smått for ei som er frisk, kan vera heile forskjellen for ein som er sjuk. Og er du så dårleg at du er på ein sjukeheim eller annan institusjon i Norge, er det nok berre dei veldig små ting du kan ha ein viss kontroll over.

Tapet

Eg vil tru at alle som er der, har opplevd eit massivt tap av kontroll over eige liv. Over eiga helse. Over søvn, appetitt, rutinar og meining. Det kan ha skjedd på eit blunk, eller over mange år. Det i seg sjølv gjer deg utrygg. Å få lov til å ha litt kontroll sjølv, hjelper. Men tapet av helse kan også vera så stort at det overskygger alt anna. Å ha overskot og kapasitet til å klara velja kva ein skal eta, eller bry seg om kva som er i kjøttkakene, kan liggja milevis bortanfor det du kan klara. Du treng pleie. Du treng at nokon tar vare på deg. Ikkje med blomsterkvastar på bordet og persilleduskar på brødskiva. Nei, ved at du får sova, at du får i deg næring, at du får ut igjen det som skal ut. At du får riktig medisin, men ikkje for mykje medisin. At du får hjelp til å kjenna deg trygg.

Av dei som bur fast på norske sjukeheimar, har over 80 prosent demens. Dei har svært ofte andre sjukdommar i tillegg. Det er lunger eller hjarte, revmatisme, diabetes, andre nevrologiske sjukdommar, kreft.

28 prosent av dei som døydde på norske sjukeheimar i 2016, hadde vore der i mindre enn seks månader. Mens gjennomsnittet budde to år på sjukeheimen før dei døydde. Kvinnene som døydde på sjukeheim, var i gjennomsnitt 87,5 år, mennene 85,2. Dei som har demens, lever litt lenger på sjukeheimen enn dei som har kreft eller lungesjukdom. Dei som har kreft, lever i gjennomsnitt 1,5 år etter at dei har fått plass. Dei fleste har fleire diagnosar, men tala er ikkje heilt nøyaktige.

Blikket

Det er stort sett veldig sjuke menneske i veldig høg alder som bur på sjukeheimane våre. For dei som alt har levd lenge med demens før dei kom på sjukeheimen, kan det som set ein ekstra spiss på eit måltid for oss friske, føra til reint kaos. Verda kan vera så uoversiktleg at ein blomsterkvast på bordet, som ikkje var der sist, får heile måltidet til å gå i ball. Ligg det to brødskiver på tallerken i staden for ei, kan ein ikkje lenger klara å sjå at det er mat. Og sjølv for dei som ikkje har demens, kan sjukdom og svekka helse gjera det til eit stort arbeid å få i seg nok mat.

Nei, eg veit ikkje så mykje om å ha demens, eller kreft, eller kols. Men eg veit at ein treng å bli trygga, bli tatt vare på, få hjelp til å halda tak i litt av livet sitt. Og at nokon heile tida ser kva som hjelper deg.

Ikkje ta frå gamle og sjuke den vesle kontrollen dei måtte ha igjen. Ikkje med miljøpolitikk. Men heller ikkje med eit altfor friskt blikk på kva som kan gjera dagen litt betre.

Publisert:

Kommentator Solveig G. Sandelson

  1. – Kva hjelper det å fortelja historia til Artin?

  2. – Kor nært kan du koma folk over heile landet, utan å mista retninga?

  3. – Det handlar om å bli store nok til å klara seg utan SV. Utan å bli ufine mot Ap

  4. «Ingen skal måtta ned på kne for å få vera del av eit fellesskap, Tix»

  5. – Kjøtt­kake­kranglar er for dei friske. Det hjelper ikkje sjuke

  6. Den beste skule­politikken? Gi skulen fred. Gå i karan­tene

  1. Kommentator Solveig G. Sandelson
  2. MDG
  3. Fremskrittspartiet (Frp)
  4. Ketil Solvik-Olsen
  5. Helsepolitikk