Altfor naivt, Sandberg

LEIAR: Per Sandbergs ferie i Iran er reine oppvisninga i gjennomført dårleg dømmekraft.

Det er ikkje ei privatsak å gjera sikkerheitsvurderingar når ein statsråd reiser på ferie til eit regime som Iran.
  • Leiar
Publisert: Publisert:
icon
Denne artikkelen er over fire år gammel
iconLeder
Dette er en leder. Lederen gir uttrykk for Stavanger Aftenblads meninger og analyser.

Ein kunne tru det er ein slags favorittsport - å skriva hovudristande leiarar om Frp-politikarar generelt, og om Sylvi Listhaug og Per Sandberg generelt. I tillegg er det sommar, det er nyheitstørke, og store, norske media spring igjen i same retning og samla flokk.

Men likevel

Det er ei sak når utanriksdepartementet i autoritære Iran kjenner til at ein norsk statsråd skal besøkja landet før hans eige, norske departement gjer det.

Det er ei sak når Per Sandberg, privatperson, fiskeriminister i regjeringa vår og Frp-topp, meiner han fint klarer skilja mellom dei tre rollene, og at han dermed kunne reisa på impulsferie til Iran og gjera sikkerheitsvurderingane sjølv.

Les også

Iran gjorde fiskeridepartementet kjent med Sandbergs Iran-reise

PST har påpeika at Iran driv systematisk spionasje mot Norge. Det kan tenkjast dei ville sjå privatpersonen Per Sandberg, på ferie med sin iransk-norske kjærast, som ein muleg måte å få tilgang til sensitiv informasjon om Norge, informasjon som naturlegvis tilflyt statsråd Per Sandberg. Som hadde med seg sin eigen mobil til Iran. Mobilen blir nå sjekka av PST.

Han har innrømma at han har brote regelverket ved ikkje å informera eige departement og Statsministerens Kontor før han alt var på plass i Iran.

Les også

Sandberg: – Jeg burde varslet i forkant

Inga privatsak

Sandbergs kjærast, iransk-norske Bahareh Letnes, omtalar seg sjølv som rådgivar mellom Iran og Norge. Sandberg har tidlegare fått kritikk - ikkje minst blant sine eigne - for å ha deltatt på den iranske ambassaden i Norge sine feiringar av iransk nyttår og nasjonaldag. Sjølv hevdar han det er folk flest i Iran, menneskerettane og kampen for demokratiet som opptek han.

Elles har han dei siste dagane skrudd opp stemmevolumet, og høgrøysta snakka om pressas konspirasjonsteoriar og korrupsjonsteoriar, og om seg sjølv i tredjeperson: Per Sandberg kan fint handtera og skilja mellom sine tre roller som privatperson, statsråd og Frp-topp, og altså på eiga hand gjera nødvendige sikkerheitsvurderingar når han er på privat reise til det brutalt prestestyrte Iran.

Alvorleg, faktisk

Til saman blir dette dessverre ei rein oppvisning i gjennomført dårleg dømmekraft.

Sidan mannen er statsråd, kan den manglande dømmekrafta skada Norge.

Det er faktisk alvorleg. Vi - folk flest - må kunna stola på at alle regjeringsmedlemmer til ei kvar tid forstår at det ikkje er opp til dei som privatpersonar å avgjera kva som godt nok beskyttar sensitiv informasjon om landet vårt.

Det må påpeikast, sjølv om det fører til ennå ein leiar om Per Sandbergs krumspring.

Publisert: