Tafatt skuleplattform

Både Høgre og Venstre har rekna seg som skuleparti. Men nå sit dei altfor stille i båten.

Høgre og Venstre har begge kalla seg skuleparti. Nå syns ikkje skulepolitikken å vera så viktig for dei.
  • Leder
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over fire år gammel

Å ha styrande politikarar som tenkjer langsiktig og legg stein på stein, er prisverdig. At skulen ikkje stadig vekk skal utsetjast for nye politiske markeringar, kan også vera bra.

Lærarmangel

Men i kapittelet om skule i den nye regjeringsplattforma, nærmar vi oss berøringsangst for eitt av dei største problema framover. Det er verken prisverdig eller bra.

For vi kjem til å mangla lærarar. 35400 dei neste ti åra, slo departementet sjølv fast i mars i fjor.

Lærarnorma, som KrF fekk gjennom i statsbudsjettet seint i haust, kjem i tillegg. Den er ikkje eingong nemnt i regjeringsplattforma.

Les også

Ny regjeringsplattform skal fri til KrF

Det er derimot tidleg innsats - at dei som treng ekstra hjelp til å lesa, rekna og skriva, må få det tidleg. Regjeringa vil påleggja skulane å sørgja for ekstra oppfølging til dette. Skular som gjer det dårleg på kartleggingsprøvane år etter år, skal bli pålagt nasjonal hjelp.

Dei vil også ha inn fleire spesialpedagogar.

Størst mangel for dei minste

Samtidig viser overslag frå Statistisk Sentralbyrå at mens vi vil få eit overskot av barnehagelærarar og faglærarar framover, blir lærarmangelen i grunnskulen stor. Og aller størst blir den for dei aller yngste.

Då blir desse tiltaka fort for brannslokking å rekna.

Regjeringa satsar på at masterutdanninga gjer yrket meir attraktivt, dei vil stilla fleire kompetansekrav og satsa endå meir på etterutdanning. Kvalitetskrava gjer det kanskje meir attraktivt på sikt, men i første omgang har det ført til at færre utdannar seg til lærarar.

Les også

Over 550 plasser står tomme på lærerutdanningene

Les også

Isaksen tvinger «gamle» lærere til å sette seg på skolebenken

Grav djupare

Dei må grava djupare. Kva om dei bestemte seg for å gjennomføra seksårsreforma slik den ein gong var tenkt, tilbake i 1997?

Då skulle barnehagelærarane og deira pedagogikk inn på dei minste trinna. Og det skulle leikast, meir enn lesast, i første klasse.

Det blei det fort slutt på. Norske elevar gjorde det for dårleg på Pisa-testane, og læringstrykket i skulen steig. Det blir stadig pressa lenger nedover.

Legg om kursen

Likevel ser det ikkje ut til at vi lærer meir på ti år enn vi før gjorde på ni. Men langt, langt fleire mistrivst i skulen, og langt fleire fell av lasset. Det viser også Pisa.

Å flytta seksåringane tilbake i barnehagen, er ikkje så lett. Men ein kan flytta meir av barnehagen over i skulen, slik det var tenkt.

Det ville kledd dei to gamle skulepartia å vera dei som våga å leggja om kursen.

Les også

  1. Seieren er størst for Erna

Publisert:
  1. Kunnskapsdepartementet
  2. Venstre (V)

Mest lest akkurat nå

  1. Kortvarig tomatlukke for «Geggi»

  2. 270 var med i trekningen for å få kjøpe de 30 boligene. Nå kjemper huseierne for millioner i erstatning

  3. Fra koronaskam til deling av positive tester på sosiale medier: – Overhodet ikke flaut

  4. Ruskeværet torsdag var bare en liten forsmak på det som kommer i helgen

  5. Vekter ble kuttet med kniv på legevakten

  6. – Hver helg gikk jeg i badstue i Giskehallen. Jeg ville ikke lukte mink på fest