Leiar: Lite naudsynt å fjerna K-en

AFTENBLADET MEINER: Du veit det har vore eit godt Ap-landsmøte når den største kampsaka stod om symbol og bokstavar.

Hadia Tajik hadde rett då ho åtvara mot å fjerna K-en, skriv Aftenbladet på leiarplass.
  • Leiar
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over fire år gammel

Arbeidarpartiet ser eit tydeleg høve til regjeringsskifte til hausten, fyrt opp av Senterpartiets framgong. Men alt tydar på at dei to partia må ha eit støtteparti. Då snakkar me KrF eller SV.

Sett mot KrF og partitaktisk er det heilt uforståeleg at eit knapt fleirtal på Ap-landsmøtet gjekk for å fjerna K-en frå KRLE-faget.

Les også

Ap-enighet om Lofoten og asylbarn - K-en fjernes fra KRLE

Les også

Hangeland: - Mye av det som gjør Norge-laget så sterkt, har de siste årene blitt satt under press i politikken og av krefter utenfra

Les også

Ap-landsmøtet: Alle skal med, men nokon skal definitivt ned

Eller kanskje ikkje så uforståeleg likevel, avstanden mellom grasrota i Ap og KrF er langt større enn mellom Ap-leiar Jonas Gahr Støre og KrF-leiar Knut Arild Hareide. Det kan verta ein spanande haust, som kinesarane seier.

Ap-landsmøtet valde å overkøyra si eiga partileiing i K-spørsmålet. K-en står for kristendom i faget som elles heiter religion, livssyn og etikk.

Her vel me å støtta KrF-leiar Knut Arild Hareide når han er skuffa over landsmøtevedtaket i Folkets Hus i Oslo laurdag.

Å kutta kristendom i skulen og gjera Norge til eit livssynsnøytralt samfunn er ikkje oppskrifta på eit meir fleirkulturelt, mangfaldig og pluralistisk samfunn. Det vitnar meir om negative haldningar.
Tvert imot bør KRLE vera eit fellesfag med utgangspunkt i norsk historie og tradisjonar, der elevane lærar etisk refleksjon, kunnskap om ulike livssyn og ikkje minst kristendommen.

Den kristne kulturarven har ei særstilling i det norske samfunnet.

Nestleiar Hadia Tajik har stått fram som feminist og muslim, ho omtalte Gud som henne og argumenterte til liks med partileiar Jonas Gahr Støre innstendig for å halda på K-en.

K-en berre markerer at kristendommen har ei særleg historie hos oss. Og det er jo sant, sa Tajik til landsmøtet fredag.
Partileiinga var samstemd. Det skuldast meir enn partitaktiske omsyn.

Både Tajik og Støre er trygt planta i norsk historie, med høgst ulik bakgrunn.
Arbeidarpartiet har historisk sett vore på kraftig kollisjonskurs med konservative kristne. Me tenker på abortsaka, homofili-spørsmålet og kontantstøtta. Men mange av dei grunnleggande verdiane i Ap og KrF er dei same.
Det verkar lite naudsynt å provosera på K-en.

Likevel er det grunn til å tru at K-en fort vert eit seriøst forhandlingstema til hausten, etter at valutfallet er klart.

Les også

  1. Ap vil endre praksis for unge asylsøkere

  2. Olaug Bollestad: - Hadia Tajik skal få beskrive Gud slik hun vil

  3. Jonas Gahr Støre må håpe på noe som har skjedd én gang på 40 år

Publisert:
  1. Kristelig Folkeparti (KrF)
  2. Knut Arild Hareide
  3. Jonas Gahr Støre
  4. Hadia Tajik
  5. Arbeiderpartiets landsmøte

Mest lest akkurat nå

  1. Mandag morgen går strømprisen til værs

  2. Da PST varslet helsevesenet på Kongsberg i 2018, var det en helt annen sak som vakte mest bekymring

  3. – Utfallet har blitt som det har blitt. Familien har hatt, og har, det tøft.

  4. Slik spredte smitten seg fra tv-kanalen til Sødal bedehus

  5. Seks timer i buss som belønning for «tåblæser-seier»: – Nå dropper vi søvnen

  6. Dugg på frontruta - mann fratatt førerkortet