Ikkje til å forstå

LEIAR: Det var ikkje lett å hjelpa Siw. Men det forklarar ikkje kvifor samarbeid mellom hjelparane var så vanskeleg.

Publisert: Publisert:

Ingen veit om nokon kunne ha redda Siw.

  • Leiar
iconDenne artikkelen er over ett år gammel

Historia om Siw er ei historie om å leva heilt på grensa. Der livsfare blir kvardagen, i eit liv beinhardt prega av rus og psykisk sjukdom. Dei som ville inn til Siw, i det harde miljøet ho var ein del av, tok seg inn, om dørene var låste eller ikkje. Ho blei banka, mishandla og torturert. Ho var sårbar, ho prostituerte seg, ho var ikkje i stand til å ta vare på seg sjølv. Og ho var ikkje lett å hjelpa.

Var ho psykotisk, og andre melde frå, plukka politiet henne opp, køyrde henne til psykiatrisk, der ho blei innlagt til psykosen var over, og Siw igjen kunne bestemma sjølv om ho ville ha behandling eller ikkje, og spasera ut døra. Til neste gong.

Det er klart det ligg ein stor diskusjon i dette: Kor går grensene for når ein skal hjelpa dei som ikkje vil ha hjelp?

Men i Siws historie finst det dessverre langt enklare ting ein først må gripa tak i. Særleg i leiinga i kommunen og spesialisthelsetenesta. For det er så altfor tydeleg at samarbeidet mellom dei som faktisk skulle hjelpa Siw, ikkje fungerte. Når psykiatrisk avdeling må skriva Siw ut, og i journalen er alvorleg bekymra for at ho kan døy av overdose eller bli drepen, held det ikkje å setja fastlegen på kopi når journalen blir send der den skal. Dei må ta kontakt. Dei kunne også tatt kontakt med kommunen, for det finst ein paragraf kommunen truleg kunne brukt, for å halda henne på institusjon. Vidare fanst det ingen plan for Siw, unntatt ein som hadde lege fleire år i ei skuff. Og før den påska Siw døydde, gjekk der ut ei klar melding om at ein skulle innom henne kvar dag, nettopp fordi ein frykta for livet hennar. Det blei ikkje gjort. Og ROP-teamet, som av same grunn skulle sjekka kvar natt, stod berre på utsida. Dei var ikkje inne.

Siw blei funnen død etter den påska. Ingen veit om nokon kunne klart å redda henne akkurat då det skjedde.

Men kvalitetsutvalet i kommunen, som skal gå gjennom slike alvorlege saker, snakka ikkje etterpå med dei som stod Siw nærmast i hjelpeapparatet, og heller ikkje med psykiatrisk. Det verkar som om dei berre tok dødsfallet til orientering.

Altfor mange har gjort så hjelpelaust lite at det ikkje nådde vidare til andre hjelparar. Dei som jobba tettast på, kjende seg ikkje høyrde, og blei ikkje spurde.

Difor er det ikkje dei store, etiske diskusjonane om personleg fridom og ansvar for eige liv, om tausheitsplikt og tvangsbruk som skal tas først. Det er hjelparanes manglande samarbeid. Den eine instansen må gripa tak i den andre, så nokon alltid kjenner og veit at nå er det dei som har ansvaret for å passa på. Det er eit soleklart leiaransvar.

At Kampen-saka, der Jonny Risvik blei mishandla til døde av andre hjelpetrengajande ikkje har vore nok til å få dette til å fungera, er heilt, heilt ufatteleg.

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. To nye korona­smittede i Stavanger lørdag

  2. Hadia Tajik øydelegg for seg sjølv med dette bokomslaget

  3. Prinsesse Ingrid Alexandra (16) tok NM-gull i surfing på Jæren

  4. Bergensere vil ha kraftig kutt i Frode Myrhols superlønn

  5. Birgit Skarsteins søster snakker ut: – Vi satt og gråt på badegulvet i én time

  6. Koronavinteren kommer. Dette er scenarioene Norge må forberede seg på.

  1. Psykisk helsevern
  2. Rusomsorg