Ryddig av Sandnes

LEIAR: Måndag vedtok bystyret i Sandnes å gi Mona Anita Espedal to millionar kroner i erstatning.

I januar i år gjekk to hundre menneske i fakkeltog i Sandnes til støtte for Mona Anita Espedal (fremst i bildet). Foto: Pål Christensen

  • Leiar
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over ett år gammel

Mona Anita Espedal fekk nåler stukke under beina og ein pinsett eller blyant i øyrene. Høyrsla er sterkt nedsett, og ho har talefeil. Ho blei sparka ned trappa, skambanka, tatt kvelartak på og klint oppetter veggen til ho svimte av, ho blei dunka i bordet, slått med kleshengjar eller belte, stengt inne i eit skap.

Les også

LES OGSÅ: Mona Anita Espedal får to millioner i erstatning fra Sandnes

Ho var ikkje meir enn fem då ho sjølv sa frå til andre vaksne. Men ho var ti før barnevernet snakka med henne aleine. Og det gjekk altfor mange år og altfor mange bekymringsmeldingar frå naboar, barnehagar, skular og besteforeldre til barnevernet i Sandnes, før ho endeleg blei henta ut. Dei var 17 sysken i storfamilien hennar. Alle blei til slutt henta ut av barnevernet.

Mona Anita og broren gjekk til sak mot Sandnes kommune i 2015, men berre broren fekk erstatning. Mona Anita fekk ingenting. Sjølv om Sandnes kommune erkjente skuld i saka hennar, må det kunna dokumenterast at kommunens feil har ført til varige skadar, tilsvarande minst 15 prosent medisinsk invaliditet. Den sakkyndige i saka meinte berre broren hadde slik skade.

Etter at saka fekk medieomtale, inngjekk Sandnes kommune forlik med Mona Anita, og ho fekk 725 000 kroner i oppreisning.

I fjor viste ein ny rapport, frå ein annan sakkyndig, at Mona Anita Espedal har skadar som burde gi henne 1,55 millionar kroner i erstatning.

Les også

LES OGSÅ: Bystyret ville ikke vurdere Mona-saken på nytt

Les også

Skammelig, Sandnes!

Sandnes sa først nei til å behandla saka hennar på nytt, og viste til at det var inngått forlik i saka. Men i samråd med Espedals advokat har dei likevel bestilt ein tredje, uavhengig rapport. Det er denne som konkluderer med at Espedal bør tilkjennast ei erstatning på 2 millionar kroner, ut frå dei varige meina barndommen heime ga henne. Måndag la ordførar Stanley Wirak (Ap) fram saka for bystyret, og fekk erstatninga vedtatt.

Det er ryddig gjort av Sandnes å gjera lang tids urett om til rett. Men det er ennå djupt urovekkjande at sakkyndige kan koma til så totalt ulike konklusjonar, i saker der deira meining tydeleg vil bli tillagt avgjerande vekt. Og når samfunnet så grovt har forsømt barn over så mange år, er det heilt urimeleg at desse sjølv må kjempa så hardt og så lenge for å få erstatninga dei har krav på.

Ennå manglar bindande, nasjonale retningslinjer som kan retta opp dette i alle slike saker, uavhengig av kva kommune ein veks opp i. Mona Anita Espedals sak er ikkje heilt avslutta før dette også er på plass.

Les også

  1. Leder: På tide med et felles nasjonalt regelverk for de aller svakeste

  2. Å, så feigt eit fleirtal på Stortinget!

  3. «17. mai har eg faktisk gode minner fra»

Publisert:
  1. Barnevern
  2. Stanley Wirak
  3. Sandnes kommune

Mest lest akkurat nå

  1. Det røde huset på Madla solgt etter heftig bud­runde

  2. Flere kilometer lang kø ved Mortavika ferjekai

  3. Ruben Smith overtar som sjef for Stavanger Hockey

  4. Nå har over 60.000 fått første vaksinedose i Stavanger og Sandnes

  5. Unge over 18 år flyttes fram i vaksinekøen

  6. Viking-helten: Mot Tripic-comeback på Lerkendal torsdag