Høge forventningar

LEIAR: Når Rogaland Teater tilset ny teatersjef, er regelen at det blir veldig bra.

Glenn André Kaada er tilsett som teatersjef ved Rogaland Teater frå 1. januar 2019.
  • Leiar
Publisert: Publisert:
icon
Denne artikkelen er over fem år gammel
iconLeder
Dette er en leder. Lederen gir uttrykk for Stavanger Aftenblads meninger og analyser.

Eirik Stubø gjekk frå teatersjefstillinga ved teateret vårt til å bli sjef ved Nationaltheatret. Det same gjorde Hanne Tømta.

Både Hanne Tømta og etterfølgjaren, Arne Nøst, var ganske overraskande val som teatersjefar ved Rogaland Teater.

Modig

Arne Nøst var mest kjend som biletkunstnar, musikar og scenograf. Med han som teatersjef har Rogaland Teater dei siste åra sopt inn Heddaprisar - langt, langt fleire enn ein kan rekna med frå eit trass alt lite teater. Samtidig - og det er heilt sikkert to sider av same sak - har han gitt rom og scene til eksperiment som ikkje nødvendigvis har endt opp som veldig godt teater.

Når styret nå skulle tilsetja igjen, var det grunn til å forventa at dei ville satsa ungt og modig. Og det er like stor grunn til å forventa at dei igjen har tilsatt riktig person.

Les også

Glenn André Kaada ny teatersjef

Han er alt vår

Sett frå utsida var også regissør Kjersti Horn eit svært sterkt namn. Som regissør set ho på beste vis sitt klare stempel på alle oppføringar - ho har alltid eit sterkt grep om sitt kunstnariske arbeid.

Men valet falt på Glenn Andre Kaada. Han er vår, alt før han får begynt som teatersjef. Teaterkarriera begynte han i Barneteateret, etter end utdanning har han vore fast tilsett som skodespelar ved Rogaland Teater.

Regidebuten hans, stykket «Perpleks», vann Heddapris som Årets Forestilling i 2014.

Les også

Lovprisa og utskjelt i Oslo

Engasjement og vilje

I intervjurundane styret har hatt med teatersjefkandidatane, skal han ha utmerkt seg i motivasjon, vilje og engasjement, ikkje minst for teateret som kollektiv kunstform.

- Utfordringa er å finna fram til dei som verkeleg har motivasjonen og engasjementet, sa styreleiar Inger Østensjø då tilsettinga blei gjort kjent.

– Teater er jo bare nokon som gjer seg til for nokon som ser på, har han sjølv sagt. For å snakka ned rød fløyel, blankt gull og mektige salar.

Teater trengs

Framleis er teateret ein kunstform der dei som ser på kan ta inn over seg inntrykk, erfaringar og refleksjonar ein ikkje like lett gjer seg utanfor teateret. Nettopp fordi «det bare er nokon som gjer seg til», er det lettare å senka skuldrer og fordommar og kanskje erkjenna noko vi elles ikkje ville erkjent.

Alle byar og samfunn treng eit teater.

All erfaring viser at det er grunn til å ha høge forventningar til vårt eige.

Også når Glenn André Kaada overtar sjefsstolen 1. januar 2019.

Publisert: