Statleg sommel
AFTENBLADET MEINER: Universitetet i Stavanger klagar på statleg sommel frå Nokut. Det gjer dei heilt rett i.

Universitetet i Stavanger (UiS) har søkt om å få oppretta profesjonsstudium i psykologi. Den søknaden sende dei inn i midten av oktober i 2021. Det tok eit heilt år før dei fekk svar frå statlege Nokut, som er dei som skal godkjenna kvaliteten i høgare utdanningar her i landet. Svaret var ein foreløpig konklusjon, der det kom fram at det låg an til avslag på søknaden.
Dette fekk UiS tre veker på seg til å svara på. Ein så kort frist at ein kunne tru det var ganske små ting Nokut meinte skulle på plass. Det skal blant anna ha blitt peika på for lite forskingskompetanse. UiS tilsette sju psykologar på den tida, alle med doktergrad, ved å ty til eit unntak i lovverket. Nokut brukte fire nye månader på å svara. Dei avslo søknaden. UiS kan søkja på nytt, men søknaden vil ikkje bli behandla før i 2024.
Når utdanningar skal etablerast utanfor dei institusjonane som alt har faget, er det alltid eit spørsmål om ein klarer å gi utdanninga høg nok kvalitet, og setja saman ein breitt nok fagmiljø for å få dette til. Sånn må det vera.
Samtidig er det alltid sånn at dei etablerte institusjonane, som universiteta i Oslo, Bergen, Trondheim og Tromsø kjempar for å halda på sine revir.
Å brøyta seg veg i dette er ikkje lett.
I 1990 hadde Nord-Norge 21 psykologar. I 1991 etablerte Universitetet i Tromsø sitt profesjonsstudium i psykologi, og har seinare utdanna 45 psykologar i året, i 2021 var det samla talet 700. Tre år etter at dei er ferdig utdanna, jobbar 80 prosent ennå i landsdelen. I 2021 var UiT sitt studium dessutan det mest ettertrakta i landet.
Også frå psykiatrien ved sjukehuset vårt er erfaringane at å utdanna spesialistane sjølv gir meir stabil arbeidskraft. Folk blir.
For psykisk helsevern er også i vår region under sterkt press. Kommune og sjukehus konkurrerer om dei same psykologane, barne- og ungdomspsykiatrien ved SUS har aldri hatt så mange innlagde som dei hadde i 2022.
Vi støttar UiS i å jobba hardt for å få på plass eit profesjonsstudium i psykologi også her. Det må sjølvsagt ha høg nok kvalitet. Men det er heilt urimeleg at Nokut skal bruka eit heilt år på å finna ut om det er det, for så å gi universitetet tre veker på å svara ut innvendingane.
Ein kunne tenkt seg eit betre klima å jobba fram eit slikt studium i. Saksbehandlinga frå Nokut vitnar meir om stivbeint og gammaldags byråkrati, enn om vilje til å jobba fram høg kvalitet i viktige utdanningar.