Traumet 22. juli

AFTENBLADET MEiNER: At 22. juli-angrepet var eit politisk og ideologisk angrep på Ap og AUF, blei tona ned. Vi manglar ennå det ideologiske oppgjeret.

Statsminister Jens Stoltenberg (Ap) klemmer AUF-leiar Eskil Pedersen dagen etter Utøya-angrepet. Bak står justisminister Knut Storberget (Ap).
  • Stavanger Aftenblad
Publisert: Publisert:

«Vi må aldri oppgi våre verdier. Vi må vise at vårt åpne samfunn består også denne prøven. At svaret på vold er enda mer demokrati. Enda mer humanitet. Men aldri naivitet. Det skylder vi ofrene og deres pårørende.»

Orda er frå statsminister Jens Stoltenbergs tale kvelden 22. juli 2011.

Terrorangrepet var eit angrep på oss alle, det var eit angrep på demokratiet. Statsministeren tok rolla han skulle og måtte - som statsmann. Frå statsministerens kontor blei dette tonen i alle talane den første tida etterpå.

Men det var også eit politisk og ideologisk angrep retta mot Ap og AUF. 69 av partiets eigne, unge medlemmer var drepne, mange var skadde, hundrevis opplevde traumet som utspant seg.

Kor skulle ein ta det ideologiske oppgjeret? Kunne ein det, etter rosetoga, etter at Stoltenberg samla landet?

I boka «Arbeiderpartiet og 22. juli» går historikar Hallvard Notaker inn i den spenninga. Mellom partiet i Folkets Hus, og statsmakta i regjering. Ei spenning Ap var vant til å handtera. Byggja samhald og finna løysingar, flytta politikken steg for steg, veke etter veke med pappaperm.

«Det fantes ingen glideskala hvor enheten fra rosetogene kunne utfordres litt eller mye. Kanskje var det nettopp avhengigheten av den brede enigheten som hadde gitt sosialdemokratene kraft, som nå stod i veien for en forløsningskriv Notaker i ein kronikk i VG.

Raymond Johansen, som då var partisekretær, begynte i forsiktige ordelag på eit slikt oppgjer utpå hausten. Det endte i skuldingar frå Per Sandberg i Frp om at Ap prøvde å slå politisk mynt på 22. juli, og gjorde seg til offer. Så køyrde oppgjeret seg fast i partipolitikk. Notaker skuldar ingen for det.

Sju år seinare var dåverande justisminister Sylvi Listhaug minutt frå å utløysa full regjeringskrise med facebookposten «Ap mener terroristenes rettigheter er viktigere enn nasjonens sikkerhet. Lik og del». Påstanden var grov og uriktig, og sette Ap i same tospann med terroristar som Behring Breiviks forskrudde ideologi gjorde.

Det tok dagar før statsminister Erna Solberg forstod kor djupt dette gjekk. Sjølv kalte Listhaug Stortinget ein barnehage, før ho gjekk av.

Krisa, sinnet og sjokket Listhaug-meldinga utløyste, gjorde det intenst tydeleg både kor sterkt traume vi sit igjen med etter 22. juli, og kor uvitande vi samtidig er om nettopp det.

Vi samla oss alle i rosetoga. Så kven skal vi retta oppgjeret mot?

Les også

  1. For kvar tale eg les, blir avstanden til 22.juli større. Var det for store ord for oss?

  2. Berre ei Facebook-setning?

  3. Øyvind Strømmen: «Høgre-ekstremismen kom på nett i 1983»

Publisert:
  1. 22. juli
  2. Terror

Mest lest akkurat nå

  1. Birgitte-saken: Politiet har nytt DNA-funn

  2. Koronasmitten øker igjen på Nord-Jæren – kan bli aktuelt med nasjonale tiltak

  3. Norsar: – Rogfast utsatt for jordskjelv

  4. – Ble stanset av en ung mann med langt, lyst hår, og en dame

  5. Veien åpen igjen etter trafikk­ulykke på E39 ved Sola­splitten

  6. Kamp mot klokken for Viking-spiller