Å gi bort mat skal ikkje kosta

LEIAR: Det er ikkje heilt jul ennå. Men ei slags gladsak mot slutten av november er heller ikkje feil.

Publisert: Publisert:

Ringnes tømmer ut rundt 25 000 liter brus kvar dag. Foto: Terje Pedersen

  • Stavanger Aftenblad
  1. Leserne mener

Det hender jo at politiske vedtak får uheldige og utilsikta effektar. Nei, vi snakkar ikkje om når ein prioriterer og prioriterer bort, gjer eit val, og veit at det går utover noko. Men når ein ikkje ser at det ein gjer på eit felt, rotar det til på eit anna.

Denne gongen er det den omstridte sukkeravgifta det gjeld. I NRK-programmet Matsjokket drar kokk Christer Rødseth med seg KrF-politikar Knut Arild Hareide på industribesøk. 250.000 kilo snop blir kasta her i landet kvart år. Ringnes tømmer ut rundt 25.000 liter brus kvar dag. For industrien betaler avgift på alt som når forbrukar, sjølv om dei gir det bort. Men ikkje på det som går rett i søppelet.

Då bedrifta til Peeter Sormul gjerne ville gi bort 3888 flasker gløgg til dei som kunne trengja det, ville det dermed kosta dei 32.000 kroner. Viss han tømmer det ut, kostar det han ingenting.

Med andre ord lønnar det seg å kasta mat, mens det kostar å gi den bort. Det var sjølvsagt ikkje sånn det var meint, frå dei politikarane som vedtok avgifta.

Om det er ulike meiningar om sukkeravgifta blant dei politiske partia på Stortinget, er dei sjølvsagt ikkje ueinige i at det ikkje kan vera slik.

Finansminister Siv Jensen (Frp) har tatt tak etter å ha høyrt om julegløggen som kunne gå i vasken i staden for til Matsentralen. Avgifta skal bort når ein gir bort mat til dei som treng det. Endringa skal ho få på plass i god tid før jul, til og med.

Hareide, som i mellomtida har vore med og kasta brus hos Ringnes, takkar og bukkar, og anerkjenner det fornuftige i Jensens grep.

Matsvinnet totalt i Norge er på formidable 100.000 tonn i året, i følgje NRK. Matsentralen, som enkelt sagt får inn mat som ikkje kan seljast i butikkane, og deler den ut til dei som treng den, får inn omtrent 3 prosent av dette. Brus, snop og gløgg er ikkje det mest grunnleggjande. Men dei sinnsvake mengdene som blir kasta, kan redda mange barnebursdagar som elles ikkje ville blitt noko av.

At politikarane raskt og samstemt sørgjer for å få omgjort slikt, er sjølvsagt bra. Og i eit politisk klima der vi har vent oss til at kven som helst kan bli tillagt kva som helst, eller at kven som helst gjerne vil ha kred for kva som helst, er det faktisk også befriande at ingen prøver seg på det. Noko blei feil, ingen tenkte det sånn, vi rettar. Og takk for det!

Publisert: