Takk for innsatsen

LEIAR: Frivillig arbeid vev liva våre saman. Verdien av det kan best målast i tillit.

I helga blei flotte Tall Ships Races avslutta med fyrverkeri over Stavanger.
  • Leiar
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over tre år gammel

Vi er på verdstoppen i frivillig innsats, ifølgje Rogalands Avis 11. juli. Årleg bidreg 61 prosent av oss - folk i Norge over 16 år - med frivillig innsats for festivalar og organisasjonar. Og vi gjer det meir nå enn for 20 år sidan.

Det er kiosksal og parkeringsvakter for fotballcupen og pølsesal for korpset, det er instruktørar for skiskule og turlag, det er smilande servicejobbing frå hundrevis på Ranglerock og Gladmat og Tall Ships Races. Snart er det Kammermusikkfestival og Kapittel og oppstart for alle idrettslag og korps, mens frivillige frå Røde Kors og Norsk Folkehjelp ennå skal trø til og hjelpa folk ned frå fjell og hei når forma, veret eller skotøyet er for dårleg.

Verdien

Det finst ikkje den festivalsjef og knapt den statsminister eller 17. mai-talar som ikkje priser den norske dugnadsånda og takkar alle frivillige i alle festtalar. Det ligg heilt sikkert eit oppriktig alvor bak kvar einaste takk, men dugnad og frivillig innsats blir likevel ord dei taletrengde blant oss slit ned til klisjear.
Klisjear har det med å vera sanne. Verdiskapinga i frivillig sektor meiner ein låg rundt 125,5 milliardar kroner i 2014. Men viktigare enn pengeverdien er det at dugnaden og den frivillige arbeidsinnsatsen går som ein sterk vev på kryss og tvers gjennom samfunnet vårt. Anten det nå er felles innsats for felles interesse, som i festivaljobbinga, om det er lærdommen i korleis ein får svære arrangement opp og stå, eller om det er dei kvardagslege fellesarenaene ein i idrettslag og korps skapar gjennom vaffelsal og opprydding og planting og gjensidig utveksling av sekkar med dorullar året gjennom.

Tilliten

Og om dugnaden også er frykta, om mange kjenner at det alltid er dei same som dreg lasset, om ein irriterer seg over dei som alltid må ta kontrollen, er alt dette likevel viktig for å sikra at vi ikkje blir framande for kvarandre, at vi ikkje mister av syne gleda over kva felles innsats kan få til - som alltid er større enn bare summen av kvar enkelts nedlagde timar.
Alt dette tettar på sitt kvardagslege vis igjen ein del av skilja mellom folk. Du kan selja pølser saman med muraren, tannlegen, heimesjukepleiaren eller sjefen til naboen. Den felles oppgåva gjer det sosiale enkelt og overkomeleg. Og i det store bildet dannar det ein vev av tillit.

Les også

  1. De forbereder tjuvstarten på Tall Ships Races

  2. Varmen: Tar høyde for at Preikestol-turistene kan gå på en smell

  3. Titusenvis er med på å rydder strender

  4. «Sørlandet» var første skip ut av Vågen

Publisert:
  1. Dugnad
  2. Frivillige
  3. Gladmat
  4. Tall Ships Races

Mest lest akkurat nå

  1. De har vært gift i 70 år: – Jeg tror vi holder oss godt for vi er så gode for hverandre

  2. Disse korona­reglene gjelder nå

  3. Statistikken er klar: Disse navnene var mest populære i 2021

  4. En krig i Ukraina vir­ker mer og mer uunn­gåelig. Og den vil også på­virke Norge

  5. Politiet har en klar formening om hva som var årsaken til ulykken

  6. Tananger snuser på Vin­mono­pol