Bruk pengar på skulen klokt

Det er klokt å bruka pengar på skulemat. Men pengane kan ikkje tappast frå nødvendig opplæring.

Slik kunne ein lunsjtallerken på Varhaug skule sjå ut i 2015. Foto: Fredrik Refvem

  • Leiar
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over to år gammel

Rådmannen i Stavanger vil ikkje bruka 4 millionar kroner på å prøva ut ei ordning der elevane får mat servert på skulen, sjølv om eit fleirtal av politikarane har bedt om det.

Varhaug som ideal

På Varhaug skule i Hå har dei i mange år hatt eit slikt tilbod. Ein kokk er tilsett på miljøarbeidarpengar, og elevane hjelper til på omgang. Dei serverer brødmat, pålegg, mjølk og frukt. Dei har ikkje kantine, elevane et på skift, ved langbord i mat- og helserommet, og i gangane. Skulen har investert i kjølelager og vaskerom, for rundt 100 000 kroner. Dei aller fleste elevane nyttar seg av tilbodet. I 2015 betalte foreldra deira 14 kroner dagen for maten.

Les også

På Varhaug får dei det til

«At matbyen Stavanger i matfylket Rogaland ikkje har mat til eigne ungar er skammeleg,» uttalte stavanger-politikar Arnhild Skretting (Sp) den gongen, og la til at det i Europa bare er Norge og Albania som ikkje har skulemat.

Må vera gratis

Seinare fekk Sp og Ap i Stavanger med seg både Venstre og Høgre i eit forslag om å prøva ut skulemat etter modellen frå Varhaug. Så langt er det bare Buøy skule som har gjort dette.

Rådmannen har lagt til grunn at ei slik ordning ikkje skal vera foreldrebetalt i område med levekårsutfordringar. Dermed vil det kosta kommunen 4 millionar kroner i året å prøva det ut på tre skular i byen, pengar rådmannen ikkje vil setja av verken nå eller dei fire neste åra.

Det er heilt rett av rådmannen å halda på gratisprinsippet i Stavanger. Forskjellane mellom folk aukar, og heile 10,2 prosent av barnefamiliane i Stavanger har så lite å leva for at dei blir definerte som fattige.

Å la ei ordning med skulemat vera gratis og gjelda alle elevar, ikkje bare dei som treng det mest, er ein god ting. Det er sosialt å setja seg ned og dela eit måltid, og det er tillitsbyggjande at alle får.

Dag Mossige (Ap) føreslår nå at ein gjer dette til ei levekårssatsing, slik at skulemat ikkje går utover skulebudsjettet.

Storhaug bydel har fått 13 millionar over statsbudsjettet til eit levekårsløft, mens Stavangerskulen har kutta i det som var levekårspotten, slik at skulane i område med levekårsutfordringar, får mindre av desse, for at alle skular skal kunna få ein større grunnpott. Rektorane har alt ropt om at det går ut over ekstra opplæring, blant anna til framandspråklege.

Skulen er ein viktig arena for å søkja å utjamna forskjellar mellom familiar, og gi alle barn så godt utgangspunkt i livet vi klarer. Dei treng både god nok opplæring og god mat.

Politikarane må løysa begge deler, men unngå at den eine handa endar med å ta pengar frå den andre i skulen. Det løyser ingenting.

Les også

  1. Skoler i Hillevåg og Storhaug får mindre penger

  2. Skular i Hillevåg og på Storhaug fortviler over pengekutt

Publisert:
  1. Skolepolitikk
  2. Stavanger
  3. Varhaug

Mest lest akkurat nå

  1. Ansatt ved Rovik boas har testet positivt

  2. OL-STUDIO: Her jubler stjernen for gull. Like etter innser hun tabben

  3. Redningsaksjon på Kjerag lørdag kveld

  4. Overlegen norsk seier

  5. 37 ordensforstyrringar natt til søndag - kroppsskade på Kampen

  6. – Vi så et rødt lys styrte i sjøen