Dette går ikkje, Siv Jensen

LEIAR: Det finst ei grense for kor lenge ein kan driva med blånekting og aktiv fortrenging. For Siv Jensen er grensa forlengst passert.

Siv Jensen hugsar slett ikkje å ha blitt fortalt om stortingsrepresentant Ulf Leirsteins planar om trekantsex med ein 15-åring. Foto: Junge, Heiko / NTB scanpix

  • Leiar
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over tre år gammel

I 2012 spurde stortingsrepresentant Ulf Leirstein (Frp) ei kvinne i 30-åra om dei to skulle invitera med ein 15-åring i partiet til trekantsex.

Han gjorde det via sms, og NRK har publisert dokumentasjon på dette.

Å ha sex med ein 15-åring er ulovleg i Norge.

Jensen ville ikkje vita

Kvinna seier sjølv at ho ringde partileiar Siv Jensen, som fort avbraut henne då ho begynte å fortelja, og sa at ho ikkje ville vita noko om dette. Ho viste til generalsekretæren.

Tidlegare stortingsrepresentant for Frp, Jon Gåsvatn, fortel at han hadde eit møte med Siv Jensen på hennar kontor om same sak, og fekk same svar. Jensen ville ikkje vita, for jo mindre ho visste om dette, jo betre.

Siv Jensen hugsar ingenting av dette.

Ingen hugsar

Espen Teigen, som nå er justisministarens politiske rådgivar, skal også ha blitt varsla. Han var då generalsekretær i FpU. Heller ikkje han hugsar. Dåverande generalsekretær i partiet, Finn Egil Holm, og assisterande generalsekretær Øistein Lid, er ramma av det same. Dei hugsar ikkje.

Dei skal alle ha blitt informerte.

Om dette faktisk stemmer, er dei lite skikka til jobbane sine. Om dei lyg, likeså. At ein vaksen stortingsrepresentant i partiet du sjølv har eit tillitsverv i, vil ha trekantsex med ein mindreårig i partiet, er ikkje så lett å gløyma. Det burde også vera umuleg å sjå ein annan veg, og det burde vera umuleg å velja å blånekta i ettertid.

Kjent mønster

Siv Jensen har gjort alt dette før.

Det er kjent, blant anna gjennom avdøydde Jon Alvheims biografi, at heile partileiinga i Frp, deriblant Siv Jensen, i lang tid kjende til Søviknes-saka. Dåverande nestleiar Terje Søviknes hadde sex med ei 16 år gammal jente på landsmøtet i FpU. Han hadde sjølv gitt henne alkohol. 16-åringen blei bedt om ikkje å seia noko, og både Søviknes og Jensen snakka usant om saka på tv.

Frps eige granskingsutval etter Trond Birkedalsaka, der Birkedal blei dømt til 7 månaders fengsel, blant anna for å ha filma ein yngre Frp’ar i dusjen, kritiserer Siv Jensen for å ha visst om også denne saka, men likevel offentleg nekta for at ho visste.

Det går eit mønster gjennom Siv Jensens handtering av desse sakene:

Vit minst muleg, gjer minst muleg, og lyg om du må.

Det går ikkje lenger.

Partiet for folk flest må faktisk visa større interesse for å stansa overgrep og trakassering av eigne folk, enn av å redda partiets rykte.

Publisert:
  1. Siv Jensen
  2. Terje Søviknes
  3. Ulf Leirstein

Mest lest akkurat nå

  1. Den britiske koronavarianten er påvist i tre kommuner

  2. Borghild Fiskå er død

  3. Melby: Mutert virus gjør at full stenging av skoler ikke lenger er uaktuelt – men vil unngå det

  4. Dette er den nye tv-serien du skal sjå

  5. Mobil- og bredbåndsnettet skal være tilbake i Sirdal

  6. Da strømmen ble borte i kraftbygda Sirdal