Leiar: Rettferd med SV

AFTENBLADET MEINER: SV-landsmøtet opnar fredag. Kan partiet finna att seg sjølv på Gardermoen i kampen for auka barnetrygd?

SV-leiar Audun Lysbakken har blinka ut kravet om auka barnetrygd som eit av dei viktigaste tiltaka for å jamna ut forskjellar i det norske samfunnet. Aftenbladet er skeptisk.
  • Leiar
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over fire år gammel

SV har aldri kome seg på beina igjen etter sine åtte år i raud-grøn regjering.

Der Framstegspartiet har fått lov til å bløma saman med ansvarlege Høgre, enda Sosialistisk Venstreparti i skvisen mellom storebror Ap og drivne Sp.

- Noen må vente til barnetrygden kommer før de kan kjøpe nye støvler til barna

Først og fremst er spørsmålet om SV i det heile kjem seg over sperregrensa til hausten. SV har vore jamleg under sperregrensa på 4 prosent på dei nasjonale meiningsmålingane i seinare år.

Dernest forstår me dei mange i partiet som åtvarar mot å gå inn i ei ny raud-grøn regjering og heller vil ha støtteavtale slik som KrF og Venstre inngjekk med Frp og Høgre i Nydalen.

Blankpussing av profilen

Truleg vil me få sjå eit parti som blankpussar den ideologiske profilen på landsmøtet på Gardermoen denne helga. Me vil få sjå tydelegare profilering av eigen politikk enn den meir pragmatiske haldninga som rådde hos Høgre sist helg: Å gjera flest mogleg til lags for å kunne fortsetja det borgarlege regjeringsprosjektet til hausten.

SV-leiar Audun Lysbakken har vore tydeleg på at han vil stilla fleire og tydelege ultimatum for å kunne gå i regjering denne gongen, men har også ei rekke krav for å vera støtteparti. Elles vil SV gå i opposisjon.

Ei hovudsak for landsmøtet vil vera 35 tiltak for eit rettferdig Norge. Lysbakken vil bruka store deler av landsmøtetalen fredag til å snakka om dei aukande forskjellane i landet vårt.

Aukande forskjellar

Innvandring er som kjent ei av årsakene til aukande forskjellar. SVs viktigaste tiltak i kampen mot Forskjells-Norge er å gjera noko for dei fattige barnefamiliane. Eitt av grepa er å auka barnetrygda markant og å auka ekstra for åleineforsørgjarar og fleirbarnsfamiliar.

SV seier også bastant nei til Ap's kompromissløysing på konsekvensutgreiing av Lofoten, Vesterålen og Senja. Elles er SV oppteke av igjen å bli sjølve skulepartiet. Landsmøtet vil krevja fleire lærarar i skulen med maksimum 15 elevar per lærar frå 1. til 4. trinn og maks 20 elevar per lærar frå 5. til 10. trinn.

Alt dette er krav SV vil ha innfridd dersom det skal vera aktuelt å støtta Jonas Gahr Støre (Ap) som statsminister til hausten.

SV har mista eigarskap til gamle kampsaker og trufaste medlemer undervegs. Partiet gjer avgjort klokt i å finna seg sjølv for å ha ei framtid. Men det er høgst diskutabelt om auka barnetrygd er svaret for SV – og for veljarane.

Les også

  1. Utvalg går inn for gratis barnehage og behovsprøvd barnetrygd

  2. Mindre sosialhjelp til kontantstøttefamilier

  3. Venstre programkomité vil kutte i barnetrygden

  4. Høyre går inn for å beholde barnetrygden

  5. KrFs kontantstøtte-seier under angrep

Publisert:
  1. Barnetrygd
  2. Audun Lysbakken
  3. Sosialistisk Venstreparti (SV)
  4. Politikk
  5. Innvandring

Mest lest akkurat nå

  1. Den mest kunnskapsrike vi kjente

  2. Elsparke­syklist døde etter ulykke – navnet er frigitt

  3. Energisjokket: 7–8 tomatbønder gir opp – andre bytter til fyring med propan

  4. TV 2: Planlegger for lettelser: – Kan bli slutten på karantene

  5. Lillebror er sjefen over storebror: – Jeg får skylden om ting går til helsike

  6. Nå skal foreldrene til Vegard få si sin mening