Ei fattig løysing

Regjeringa maktar ikkje oppgåva med å reisa eit nasjonalt minnesmerke over 22. juli.

Illustrasjon av Jonas Dahlbergs minnesmerke «Memory wound», vinnarforslaget det ikkje blir noko av.
  • Leiar
    MÅNDAG 5. SEPTEMBER
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over fire år gammel

Minnesmerket Ground Zero i New York opna 13 år etter det fatale terrorangrepet 11. september 2001. Det tok fem år før ein begynte, åtte år med mange tilpassingar og endringar å jobba det fram. Dei som jobba ved Ground Zero, ville ha eit minnesmerke som peika framover. Dei pårørande ville ha ein gravplass å gå til.

Såret i fjellveggen

Hos oss er det bare seks år sidan det grufulle terrorangrepet mot regjeringskvartalet og mot ungdommane på Utøya. Alt i 2012 begynte ein å jobba med å få eit nasjonalt minnesmerke på plass. Jonas Dahlbergs "Memory wound," vann i 2014 den utlyste konkurransen. Han ville hogga ut eit sår i fjellveggen, skriva namna på dei omkomne på den andre sida, og bruka steinmassen til den andre delen av minnesmerket, ved regjeringskvartalet.

Les også

Regjeringen velger omstridt Utøya-minnesmerke

Striden

Sidan har det stått strid. Mange av naboane ville ikkje ha det der. I 2016 saksøkte dei staten. I februar i 2017 kom AUF og den nasjonale støttegruppa for 22. juli med eit nytt forslag. Det var for å unngå det dei kalla ei uverdig rettssak - ei rettssak dei ikkje sjølv var part i. Dei føreslo å leggja eit minnesmerke til Utøyakaia, der terroristen gjekk om bord i ferga, og mange overlevande blei redda i land.

Les også

Regjeringen vil ha et "lavmælt" minnested på Utøykaia 

Slik blir det, kunngjorde kommunalminister Jan Tore Sanner (H) denne veka. Dahlbergs minnesmerke blir ikkje realisert, det blir heller ingen ny konkurranse. Statsbygg får hand om det, og regjeringa vil ha det lågmælt og verdig.

Slett arbeid

Det er trist. Det er slett arbeid frå regjeringa si side, der ein ikkje tidleg nok forsto kor vanskeleg ein slik prosess ville bli, og kor mange i utgangspunktet motstridande omsyn som måtte tas.
Minnesmerke over slike traumatiske hendingar vi ikkje kan få plassert utanfor oss sjølv, er ikkje noko vi har lange tradisjonar for. Eit unntak er minnesmerket på Akershuskaia over deportasjonen av norske jødar under krigen. Det kom opp 58 år etter at det skjedde.

Verken eller

Difor burde ein denne gongen ha sett, lytta og brukt andres erfaringar før ein begynte. Så hadde det kanskje ikkje blitt for mykje for tidleg.
Norske Snøhetta var med på å utforma Ground Zero. Kunstnaren Jonas Dahlberg har også erfaring frå slike prosessar, og tilbaud seg å vera med på å finna løysingar.
I staden endar regjeringa med å gi Statsbygg eit direktiv. Det er verken verdig eller lågmælt. Det er fattig.

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Vårt energisystem er satt på spill

  2. Fikk inn mer penger enn planlagt til minnesmerke

  3. Tre skjørt og bluse-hus nominert til pris

  4. FHI tror tiltak har begrenset effekt mot omikronvarianten

  5. – Det er fryktelig dumt å basere hele sexlivet på et lite organ som funker eller ikke funker

  6. Ett skisenter åpner denne helgen - I Sirdal er det kjørt opp løyper