Leiar: Hodne tapte i retten, men bør kunne klippa nokon kvar av oss

Ikkje uventa har Merete Hodne tapt saka mot Løgnaslaget. Me vert meir og meir krenka, men retten treng ikkje å ta alt.
Sjølv utan juridisk utdanning var det vanskeleg å sjå korleis frisøren på Bryne skulle kunne vinna gjennom i norsk rettsvesen med eit søksmål for å bli kalla nazifrisør av halvaldrande menn i eit revylag.

Per Inge Torkelsen og Dag Schreiner brukar Merete Hodne som ein rekvisitt, forståeleg nok, men dei kunne ha hatt godt av litt vanleg folkeskikk, skriv Aftenbladet på leiarplass.
  • Leiar
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over fire år gammel

Ytringsfridomen står sterkt i Norge, heldigvis, som eit av dei mest grunnleggande prinsippa me har.

Slik bør det også vera.

Denne avisa vil meina, i tråd med lova og dei innleiande rettsinstansane, at det er feil å nekta ein kunde i ein frisørsalong å verta betjent på grunn av ein hijab.

Les også

Merete Hodne vil kreve erstatning av Løgnaslaget

Den saka går også sin sakte gang i rettsvesenet.

Men det er meir prinsipielle sider med Hodne-dommen som gjer oss betenkt.

Tre poeng nemnd her.

1. Først av alt vert rettsvesenet brukt til å løfta ein tilsynelatande meir og meir altoppslukande debatt om islam.

Er det rett å bruka store ressursar på dette?

Nokre heiar på Hodne, andre på Løgnaslaget, men er det rett å bruka offentlege kroner på ei sak som til sjuande og sist ikkje burde vera verdt verken rettstimar eller sju tusen spaltemeter?

Er det ikkje mogleg å sila ut dei opplagte tøyse-sakene?

No vil nok ikkje Hodne få gå til Høgsterett, men brått finn kjæremålsutvalet ut at ho har ei sak verdt å prøva.

2. Og då er me over på det alvorlege temaet krenking. Me vert alle meir og meir krenka, også i Norge tek me etter til dømes amerikanske og svenske tilstandar.

Kor lågt eller høgt skal me legga lista for å verta krenka i rettsleg tilstand?

Me vonar at rettsvesenet i Norge tek lærdom av Hodne-saka og legg lista noko høgare for kva som skal kvalifisera til ein omfattande offentleg prosess.

3. Til det tredje: Dei aldrande menn i revylaget har spelt godt opp mot rettssaka. For dei har dette vore massiv marknadsføring komplett med fengselsluer og søknad om å få sona i kvinnefengsel.

Det er greitt nok, sett frå deira vinkel. Men å stempla nokon nazist her heime er litt meir enn suppe-nazien frå jødiske Jerry Seinfeld. Me vil helst ikkje ha eit samfunn der Ingebjørg Folgerø er nazi-feminist eller Siri Kalvig er miljø-nazist.

Ytringsfridomen er ein fin ting. Den krev litt alminneleg folkeskikk.

Les også

  1. Skammelig mobbing fra Løgnaslaget!

  2. – Hijab-forbud er hat, sier kvinnen som mener hun diskrimineres

  3. Løgnaslaget angrer ikke nazi-ord

Publisert:
  1. Løgnaslaget
  2. Merete Hodne
  3. Hijab
  4. Siri Kalvig
  5. Jerry Seinfeld

Mest lest akkurat nå

  1. Ny direkterute fra Sola

  2. Derfor er det sommergrønt i Rogaland i januar

  3. Kan få bølger opp mot åtte meter

  4. Koronakrisen: Skiledelsen har kontaktet Northug

  5. Trebarnsmoren stresset hver morgen. Så fant hun løsningen. Fem tips for en bedre morgen.

  6. Styret på elsparkesykkelen knakk i fart: – Det var ekkelt