Blir den gode læraren borte for oss?

LEIAR: Politikarar av ulike fargar har gjennom dei siste tjue åra villa gjera læraryrket meir attraktivt. Skal ein dømma ut frå søkjartala til lærarutdanninga denne våren, får dei det ikkje heilt til.

Har bildet av den gode, verkelege læraren blitt for utydeleg gjennom alle velmeinte, politiske krav?
  • Stavanger Aftenblad
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over ett år gammel

Blant dei mest populære studia i år, er siviløkonom, sjukepleie og rettsvitskap. Sjukepleiaryrket har rykka oss nært innpå livet gjennom koronakrisa, faget i seg sjølv har vunne respekt, det nødvendige i å ha nok helsepersonell har blitt anerkjent.

Det er også nærliggjande å tru at når heile omverda er uroleg og tida usikker, vel ein i større grad utdanningar ein må tru er sikre også i framtida.

Men i år gjeld ikkje det for lærarutdanninga. Der går søknaden ned. Sjølv om det skulle vera innlysande at vi også treng gode, trygge og kvalifiserte lærarar framover. Og mange nok av dei.

Vi manglar alt rundt 3000 lærarar. Og sidan vi er midt i ei omlegging av lærarutdanninga frå fire til fem år, er ingen nye lærarar klare for arbeidslivet i 2021.

Vi har hatt fleire debattinnlegg om situasjonen i Aftenbladet denne veka. Tidlegare utdanningsdirektør Sigmund Sunnanå peikar blant anna på kravet til masterutdanning og minstekravet til karakteren fire i matematikk som forklaringar på nedgangen. Sunnanå meiner masterutdanning burde vera frivillig - noko ein kan byggja på med seinare.

Steinar Larssen, master i spesialpedagogikk, peikar i sitt innlegg på nitidig detaljstyring i skulen, elendige arbeidsforhold, kritikkverdig personalpolitikk, for dårleg lønn, avmakt og passivisering.

Der sjukepleiaryrket har blitt tydelegare for oss, har kanskje læraryrket blitt meir utydeleg gjennom alt dette. Dei står ofte igjen med rolla der dei må forsvara seg, mot testar og måling og politisk velvilje som grip svært detaljert inn i klasserommet.

Den same politiske velviljen har kanskje også gjort utdanninga meir utydeleg for dei som kunne tenkja seg å søkja. Dei må studera lenger, ha betre karakter i matte, gå djupare inn i nokre fag, og velja om dei vil utdanna seg for dei yngste i grunnskulen, eller for dei eldste.

Men det er ikkje sikkert ein veit kva trinn ein helst vil undervisa på, før ein har begynt på studiet. Det er ikkje sikkert krava til fagleg fordjupning går godt saman med kvardagen på små skular, der ein må kunna undervisa i mange fag for å få full stilling.

Kanskje har politikarane enda med å gjera utdanninga for smal og for lang. Og kanskje har bildet av den gode, verkelege, læraren blitt for oppstykka og utydeleg. Både for dei som kunne tenkja seg å bli ein slik, og for oss andre.

Der sjukepleiaryrket har blitt tydelegare for oss, har kanskje læraryrket blitt meir utydeleg
Publisert:
  1. Skole og utdanning
  2. Skolepolitikk

Mest lest akkurat nå

  1. Boligbrann på Stokka

  2. Startet tilbud de savnet selv: – Kjemperespons

  3. Stavanger-ordfører Kari Nessa Nordtun er gravid

  4. Lager butikk av plasten i havet

  5. Oljepolitikken glipper for Rogaland: – Sterkt beklagelig

  6. Sto uten spillere i januar - rykket opp: – Stolt og rørt