Leiar: MDG er draumen me ber på

Miljøpartiet Dei Grøne vil endra Norge. Nett no vil ikkje Norge endrast.

Anna Serafima Svendsen Kvam har skifta til det meir folkelege Anna Kvam. Kan Miljøpartiet Dei Grøne følgja henne? Foto: Siv Dolmen

  • Leder
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over tre år gammel

Meiningsmålingane er ikkje til å koma frå: Miljøpartiet Dei Grøne (MDG) som har hatt landsmøte på Lillehammer denne helga kjem ikkje over sperregrensa.

For tida ser det ut som om partiet kjem inn med ein på Stortinget til hausten, og det vert ikkje Rasmus Hansson frå Akershus, men Une Aina Bastholm frå Oslo.

Les også

Kronprinsessen som trenger olje for å avskaffe «oljå»

Les også

MDGs førstekandidat fikk flertall for å fase ut oljen innen 2032

Les også

Sende støtteerklæring til Trine Skei Grande (V) - no er han aktiv i Høgre

Rogalands-kandidaten Anna Kvam har ingen sjanse til å koma inn.

Ut frå landsmøtet på Lillehammer kan me fastslå at MDG har utvikla seg til å bli eit breiare parti, med meir enn miljø og klima på kartet. Det er prisverdig at dei seriøse partia som melder seg på i stortingskampen, har meir å by på enn ei einskild kampsak.

Hos oss i oljefylket Rogaland slit Miljøpartiet Dei Grøne særleg tungt, av opplagte årsaker.

Før lokalvalet i 2015 såg det ut til at MDG kunne sprenga gamle grenser. Eit lite parti for tilsynelatande særinteresser vart det tredje største både i hovudstaden Oslo og kyrkjehovudstaden Trondheim.

Liknande oppslutning såg me ikkje i sørvest. Vedtaket i helga om å avskaffa oljeverksemda nokre år før partileiinga tilrådde vil neppe skaffa fleire røyster i Rogaland.

Kampen er tøff om dei klimabevisste. Det har vore sagt at MDG er det mest konsekvente av miljøpartia: Alle upopulære kutt har vore dekka inn.

Men SV og Venstre er på jakt etter dei same veljarane, delvis Raudt også. Den som røystar MDG har miljøsaka som si fremste kampsak. Og me ser at miljøengasjementet hos veljarane har falle stort, jamført til dømes spørsmålet om flyktningpolitikk og integrering.

Me meiner at klimaspørsmålet er ei langt større sak enn IS. Miljøpartiet Dei Grøne har ei viktig rolle i norsk politikk. Allereie no har partiet fått spørsmål om klima og miljø høgt på dagsorden, sjølv utan draghjelp frå Paris-avtala. Der LO tek Ap til venstre, tek MDG heile Stortinget minus Frp i rett retning i klimaspørsmål.

Av praktisk politikk vil me tilrå at partiet kvittar seg med ordninga med likestilte talspersonar. Det har gjort partiet annleis, det også, men det er umogleg å sjå korleis Une Aina Bastholm og Rasmus Hansson skal dela landsmøtetalen saman med suksess.

Og elles er det slik at landsmøtet i MDG minner mest om Olav H. Hauge – på godt og vondt: Det er den draumen me ber på at noko vedunderleg skal skje.

Les også

  1. Frp sier at de jobber imot bompenger, noe som er tydelig at de ikke gjør

  2. Frykten tar fra oss nattesøvnen

  3. Frp-parodi på Twitter blir bok

Publisert:
  1. Rasmus Hansson
  2. Une Aina Bastholm
  3. Politikk
  4. Anna Kvam

Mest lest akkurat nå

  1. Ansatt på Kvadrat-butikk koronasmittet

  2. – Mange er usikre på hva som er forskjellen på et privat arrangement og på besøk hjemme

  3. Det røde huset på Madla solgt etter heftig bud­runde

  4. Hvor mye kaffe kan du drikke? Ny stor rapport om koffein i mat, drikke og kosmetikk bekymrer.

  5. Kraftig økning i henven­delser om spill­avhen­gighet under pande­mien. – Den verste fienden er alene­tiden

  6. Tar et flengende oppgjør med BT og Bergen på direkten