Leiar: Kva tener kundane - og kva tener samfunnet på delingsøkonomien?

AFTENBLADET MEINER: Forandring frydar som kjent aldri. Men nokre av framlegga frå delings­økonomi­utvalet er betre enn andre.

Vil delingsøkonomi og frislepp av drosjenæringa tyda eit farvel til den tradisjonelle drosjesjåføren?
  • Leiar
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over fem år gammel

Mange av oss har nytta dei moderne delingstenestene Uber og Airbnb med stort hell.

I Norge er drosjetenesta Uber omstridd.

Mange av sjåførane deira i Oslo er blitt bøtelagde og har fått førarkortet inndrege.

Les også

- La Stavanger bli prøveby for Uber

Dei som leiger ut via overnattingstilbodet Airbnb, har ikkje fått tilsvarande reaksjonar.

Sjølv om naboar har klaga på omfattande gjennomtrekk av gjester og hotellverksemd i private husvære heilt utan løyve.

Les også

Stavanger Taxi uenig i rapport om delingsøkonomi

Uber trugar den tradisjonelle drosjenæringa slik me kjenner ho i Norge.

Airbnb konkurrerer direkte med tradisjonelle overnattingsstadar og er blitt regulert i storbyar som Berlin og Barcelona.

Varm velkomst frå Jensen

Måndag kom delingsøkonomiutvalet med sitt framlegg til finansminister Siv Jensen. Frp-leiaren helsa rapporten hjarteleg velkomen som eit incitament til meir konkurranse og større valfridom for forbrukaren.

Ei samla arbeidstakarside tek tilsvarande sterk avstand frå innhaldet. Fagrørsla, frå LO via YS og Unio til Akademikerne, meiner at det er for lett for delingsøkonomiselskapa å fråskriva seg arbeidsgjevaransvar, skattar og avgifter. I staden får me eit aukande antal menneske som jobbar deltid og utan fast tilknyting til arbeidslivet, meiner fagrørsla.

Les også

Arbeidstakerne refser rapport om delingsøkonomi

Les også

Delingsøkonomien kan bli 80 ganger større

Denne avisa meiner at delingsøkonomien er ein sikker del av vår felles framtid og har mange positive sider.

Viktig med like vilkår

Men me støttar fleirtalet i utvalet som vil ha skatt på korttidsutleige via Airbnb og liknande.

Det handlar mellom anna om like vilkår for dei som skal tilby overnatting til gjester frå nær og fjern.

Dersom du skal tilby korttidshusvære i større eller mindre stil, bør du skatta av inntektene og vera pålagt minstekrav til hygiene, branntryggleik med vidare.

Storbyane våre vil heller ikkje vera tente med at delingsøkonomien tek knekken på hotella, slik me kjenner dei. Me trur likevel ikkje at det siste vil skje, men at hotellbransjen og Airbnb kan leva side om side.

Over og ut for drosjesjåførane?

Når det gjeld drosjenæringa og løyvefritak, er det ingen tvil om at dersom fleirtalsframlegget frå delingsøkonomiutvalet vert realisert, vil talet på tradisjonelle drosjesjåførar stupa.

Uber-sjåførane vil velja å jobba mykje deltid når det er stor trafikk – til dømes om nettene i helgene. Norges Taxiforbund vil fort vera historie.

Då er det endå viktigare at Uber-sjåførane må betala skatt, føra rekneskap og verta kontrollerte på linje med taxisjåføren, slik me kjenner ho.

Samfunnet kan ikkje godta ein tilnærma svart delingsøkonomi som utkonkurrerer tradisjonelt tilsette og arbeidstakarar på heilt ulike vilkår.

Her må me passa godt på.

Les også

  1. Teknologi-tsunamien kommer veltende

  2. Den sukkende mannen

  3. Eirik Faret Sakariassen: «Delingsøkonomien» er usosial og skatteunndragende formidlingsøkonomi - reell deling, derimot...

  4. Delingsøkonomien skal inn i selvangivelsen

Publisert:
  1. Drosjenæringen
  2. Uber
  3. Airbnb
  4. Landsorganisasjonen (LO)
  5. Arbeidsliv

Mest lest akkurat nå

  1. 89-åring ved sykehjem ble ikke lagt om kvelden. Satt i stolen hele natten

  2. Solabuen vant dataspill-VM og rundt fem millioner kroner

  3. Over en million tv-seere så huset deres i beste sendetid

  4. Leggingen måtte utsettes da påfuglen dukket opp i hagen til småbarnsfamilien på Eiganes

  5. Har du sett disse fra E39?

  6. Skuffet Viking-trener: – Skal være gode nok til å holde unna