Vilje til nynorsk

Ved ei rådgjevande folkeavstemning i Sola skulekrins måndag stemde eit klart fleirtal for å halda fast ved nynorsk som hovudmål ved skulen. Det var kanskje litt overraskande, sidan berre 24 av 128 elevar ved skulen i dag nyttar nynorsk. Nå gjeld det berre at denne velviljen til nynorsk vert omsett i praksis.

Publisert: Publisert:

Stadig færre har nynorsk som hovudmål i skulen, og sidemålet er under angrep. Men det finst også vilje til å støtta nynorsken. Foto: Scanpix

  • Leiar
    MÅNDAG 5. SEPTEMBER
iconDenne artikkelen er over åtte år gammel

Me er redde for at dei nynorskvenlege både i Sola og andre stader kjempar i sterk motvind. Dei siste ti åra har nemleg talet på elevar som nyttar nynorsk som hovudmål i grunnskulen på Nord-Jæren falle med 60 prosent, frå 2643 elevar i 2001/02 til berre 1045 i 2011/12. Det er ei dramatisk utvikling, og den er tung og langsiktig.

Den heng sjølvsagt saman med den sterke urbaniseringa i Norge dei siste tiåra. Folk har flytta frå bygdene til byar og store tettstader, der dei har gått over frå nynorsk til bokmål. Samstundes er bygdene sjølve blitt påverka av bykulturen – dialektane blir likare, og mange går over til bokmål, særleg i bygder i nærleiken av byane, som et seg stadig lenger utover. At ingen elevar i Randaberg lenger har nynorsk som hovudmål, er eit frapperande døme på denne utviklinga.

Den gjev seg ikkje berre utslag i at stadig færre vel nynorsk som hovudmål, men også i forsterka angrep på sidemålet. Lenge var det mest den politiske høgresida som gjekk laus på sidemålsundervisninga, men i januar slutta kunnskapsminister Kristin Halvorsen (SV) seg overraskande til eit forslag frå Utdanningsdirektoratet om å tona ned sidemålsundervisninga og fjerna sidemålskarakteren. Det har sjølvsagt vekt mykje harme i Mållaget og blant andre nynorsktilhengarar, og nå har også ei rekkje kjende bokmålsforfattarar skrive under på eit opprop til støtte for sidemålsundervisninga. — Halve språkhimmelen er nynorsk, seier forfattaren Thorvald Steen.

Norsk språk og kultur – inkludert bokmålet – ville bli fattigare utan nynorsk. Derfor er det viktig at en god del skuleelevar framleis vel nynorsk som hovudmål, samstundes som alle må få ein viss kjennskap til språket. Det er ikkje rett å svekka sidemålsundervisninga i skulen, men det går sjølvsagt an å diskutera både karaktergjeving og måten det blir undervist på. Norskfaget er kanskje blitt for stort, men då bør ein heller skjera vekk meir perifere delar av innhaldet, og ikkje gå laus på sjølve språkopplæringa.

Me er glade for den viljen til å støtta nynorsken som er komen til syne den siste tida. Men velvilje hjelper lite om ikkje språket faktisk blir brukt – ofte og aktivt, og i alle slags samanhengar. Der har me alle eit ansvar.

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Kommunen har gjeld til langt opp over ørene: - Uten den lave renta hadde dette vært en økonomisk katastrofe

  2. Stavanger-politiker søker om fritak fra sine politiske verv: – Livet sier «stopp litt nå» til meg

  3. – Trippelen var en kjekk og spennende utfordring

  4. Lærere med hoved­fag klarer ikke løse nye eksamens­oppgaver for mate­matikk i videre­gående: – Vi føler oss maktes­løse

  5. 13 fikk bot på E39

  6. Hytta er 15 minutter hjemmefra: – Veien er kort, men jeg har følelsen av å være langt til fjells

  1. Ledelse