Leiar: Uføre unge i vonlaus fattigdomsfelle

Talet på uføretrygda i alderen 20 til 29 år er nær dobla siste ti år. Over 13.000 risikerer no ei vonlaus fattigdomsfelle.

Unge uføre vert eldre, fattige uføre utan pensjonsrettar.
  • Leiar
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over fire år gammel

Etter eit Frp-landsmøte der det mellom anna handla om å kutta i barnetrygda for å redusera uønska trygdeeksport, kan det vera på sin plass å minna om at ingen vert rike i Norge av å bli ufør i ung alder. Tvert imot vil dei vera dømde til eit liv i fattigdom livet ut og oppleva berre aukande forskjellar og utanforskap målt mot sine jamaldrande i jobb.

Den største veksten ser me i unge uføre under 30 år med psykiske vanskar. Mellom uføre under 39 år skuldast meir enn halvparten av tilfella psykiske lidingar og åtferdsforstyrringar.

Les også

Regjeringen tar unge uføre på alvor

Les også

Politikere setter ung psykisk helse på dagsorden, mens vellykket prosjekt stoppes

Vert du ufør i ung alder, har du ikkje hatt høve til å spara opp pensjon i arbeidslivet.

Dersom du vert ufør mens du til dømes er student, må du difor belaga deg på å vera tilnærma minstepensjonist livet ut. Me snakkar ikkje om noko luksusliv på samfunnets rekning. I realiteten hamnar desse unge uføre i regelen også i eit uoverkomeleg økonomisk uføre og ein vond sirkel der det er umogleg å koma ut av livet på støtteordningar.

Målet er opplagt å få flest mogleg av dei unge uføre ut i jobb, heilt eller delvis, både av omsyn til dei sjølv og av omsyn til samfunnet. Dagens tal på unge uføre er for høgt og ser berre ut til å auka, ut frå tendensen den siste tiårs-perioden. Det handlar om tapte sjansar, liding for den einskilde og redusert bærekraft for fellesskapet.

Me seier oss samde med helsedirektør Bjørn Guldvog i at sjølve løysinga ikkje ligg i å reparera via helsesektoren, men i å førebygga via faktorar som skule, arbeid og økonomi.

Det skal sjølvsagt svara seg å arbeida heller enn å gå på trygd.

I valåret 2017 har Arbeidarpartiet fremma ein såkalla aktivitetsreform for unge uføre. Reforma er tenkt å hindra at unge fell ut av arbeidslivet og å gje fleire ei eiga inntekt å leva av. Nøkkelløysinga har vore å gje Nav eit overordna ansvar for å finna jobbar tilpassa personar med gradert uføretrygd. Kommunane får ei plikt til å sikra denne gruppa – fødd etter 1990 – arbeid.

Men framlegget om å kutta arbeidsavklaringspengar frå fire til to år fall med stort fleirtal på landsmøtet førre månad.

Me støttar hovudtrekka i aktivitetsreforma. Å halvera perioden med arbeidsavklaringspengar ville heller ikkje ha vore eit urimeleg overgrep mot unge uføre. Men gradert uføretrygd og høvet til å tena pengar er eit viktig steg inn i yrkeslivet.

Les også

  1. Listen de er enige om

  2. Mener regjeringen svikter unge uføre

  3. Jonas Gahr Støre må håpe på noe som har skjedd én gang på 40 år

Publisert:
  1. Uføretrygd
  2. Arbeidsliv
  3. Leder
  4. Pensjon

Mest lest akkurat nå

  1. Politiet: «Flere meldinger om trær som har veltet, gjenstander fra hus som rives av i vinden og båter som har slitt seg»

  2. Kjedet seg på skolen - kom i kontakt med 10-åring og ba om nakenbilder

  3. Møt rogalendingene som forlater regjeringsapparatet

  4. – Politiet hadde ikke tid til å komme

  5. Viking-tilskuer utestengt etter rasistiske rop mot Glimt-spiller

  6. Viking-talenter tatt ut på landslaget