Ei likestilt kyrkje

LEIAR: Neste gong ei kvinne blir utnemnt til biskop i kyrkja, spørst det om det blir skrive leiarar om det. For nå er det 50-50.

Kari Veiteberg, ny biskop i Oslo, blir den sjette kvinna i det nåverande bispekollegiet.
  • Leiar
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over fire år gammel

Denne veka blei bymisjonsprest Kari Veiteberg tilsatt som biskop i Oslo, bare dagar etter at ein i Nidaros hadde vigsla sin nye biskop, Herborg Finnset.

Dermed er for første gong kjønnsbalansen blant norske biskopar 50-50. Så drog også leiaren av Kyrkjerådet, Kristin Gunleiksrud Raaum, linjene tilbake til den første blant kvinnene - Hamars tidlegare biskop, Rosemarie Köhn. Ho blei vigsla som biskop i 1993, og det skulle gå nesten ti år før ho fekk selskap av ei anna kvinne i bispekollegiet.

Som i samfunnet rundt

Utviklinga i bispekollegiet gjenspeglar samfunnet, der kvinnene er i fleirtal på fleire og fleire av dei lengste studieløpa vi har. Menn fell frå. To av dei tre kandidatane i siste runde i Oslo var kvinner, kyrkjerådsleiaren er kvinne, preses blant biskopane er kvinne, og domprosten i Oslo, som fungerer som biskop fram til Kari Veiteberg blir vigsla 17. desember, er også kvinne.

At kjønnsbalansen blant biskopane våre er 50-50, er det all grunn til å applaudera. Det signaliserer respekt for enkeltmennesket, og at ein er seg bevisst kva samfunn ein skal vera kyrkje i. Motsatsen er den katolske kyrkja, der menn og bare menn kan ha slike stillingar, og eit kjønn dermed er litt meir verd.

Møter folk

Prestar og biskopar møter folk i avgjerande og sårbare fasar i livet, folk det betyr noko for kva kyrkja måtte meina som treff deira liv. Å sørgja for eit breitt samansett leiarkorps med ulike erfaringar, er difor viktig.
Det vil også bety at Den norske kyrkja på eitt eller anna tidspunkt må jobba aktivt for å sørgja for at nok menn fortset å jobba i høgare stillingar i Kyrkja, og at nok nye menn kjem inn.

Det veit dei nok. Men lett blir det ikkje, dei kan ikkje aleine snu trenden i norsk skule og utdanning, der det er kvinner som blir verande lengst.

Ennå er kvinna likevel underdogen

Lov å ha forventningar

Ennå er kvinna likevel underdogen, den som i Kyrkjas eigne skrifter ikkje alltid blir nemnt med namn. Ennå er det sannsynleg at ein kvinneleg biskop i Den norske kyrkja har møtt motgang og kritikk nettopp fordi ho er kvinne.

Ennå kan ein kanskje lettare sjå for seg at kvinnene går motstraums og kjenner seg igjen i dei mange som ikkje set seg på fremste benk. Det er til og med å forventa.

Les også

  1. For få kvinner i bispekampen

Publisert:
  1. Den norske kirke
  2. Likestilling
  3. Kjønn

Mest lest akkurat nå

  1. Kjøpte rekkehus alene i en alder av 24: – Jeg er ikke noe god på økonomi, men er fornuftig

  2. Full krangel om Norges største gondol til 500 millioner. Bak står Spotify-investorer.

  3. Tidligere proffsyklist Chris Anker Sørensen døde i ulykke: - Uforståelig og ufattelig

  4. – De truet med å sende meg tilbake om jeg ikke var snill

  5. Nyt helgen, for snart vil regnet bøtte ned

  6. Viking-talentene til kvartfinale