Privatisert etikk

Sjølvbestemt abort er ein viktig kvinnerett. Men det kan ikkje avskjera debatten om nye etiske dilemma.

Publisert: Publisert:

For 18 år sidan forsøkte (f.v.) Kristin Clemet (H), Kristin Halvorsen (SV) og Kristin Aase (KrF) å dra i gang ein ny abortdebatt. Den er minst like aktuell i dag. Foto: Poppe, Cornelius, Poppe, Cornelius

  • Tom Hetland
    Politisk kommentator
iconDenne artikkelen er over seks år gammel

Eg har vore for sjølvbestemt abort heilt sidan den store abortstriden på 1970-talet. Det var nødvendig å få slutt på eit nemndsystem som kvinner opplevde som djupt nedverdigande, og som var utløparen av ei lang historie med moralsk fordømming og overgrep mot fortvila kvinner som var blitt ufrivillig gravide. Her hadde det norske samfunnet mykje å svara for.

Derifrå kan det vera kort veg til hersketeknikkar og hån mot dei som tenkjer annleis eller stiller dei vanskelege spørsmåla.

Dessutan varierte abortpraksisen sterkt frå den eine landsdelen til den andre. Enkelte nemnder var strenge, andre innvilga dei aller fleste søknadene. I eit land der innbyggjarane skal ha lik rett til helsetenester, var slik forskjellsbehandling ikkje lett å forsvara.

Kompromisset

Men eg syntest ikkje spørsmålet var enkelt, for abortmotstandarane stilte vesentlege spørsmål: Skal ikkje også fosteret ha eit rettsvern? Er spørsmålet om å avslutta eit svangerskap berre ei privatsak, eller bør samfunnet framleis halda seg med etiske og juridiske normer for dette?

Resultatet vart eit kompromiss: Kvinna bestemmer sjølv fram til 12. svangerskapsveke. Deretter skal spørsmålet om abort avgjerast av ei nemnd, som har eit sett kriterium å halda seg til. Etter 18. veke skal det "svært tungtvegande grunnar" til for å seia ja til ein abortsøknad.

Dessutan fekk helsepersonell som av samvitsgrunnar er mot abort, rett til å reservera seg mot å utføra sjølve inngrepet, men ikkje mot å tilvisa pasientar til abort. Det har lenge vore eit krav frå abortmotstandarar blant legane, og det er dette den aktuelle striden om reservasjonsrett står om.

Etikken er ikkje enklare nå

Dei etiske problemstillingane omkring det ufødde livet er ikkje blitt enklare med åra. Den medisinske forskinga har gjort store framsteg. Ved tidleg ultralyd, fosterdiagnostikk og gentesting er det nå mogleg å konstatera sjukdom og funksjonshemming hos fosteret på eit svært tidleg tidspunkt i svangerskapet.

Men dermed er det også blitt enklare å velja vekk foster som av ein eller annan grunn er uønskte. I Danmark er talet på barn med Downs syndrom for eksempel blitt meir enn halvert sidan det vart mogleg å konstatera dette i 2006. Kritikarane åtvarar mot eit "sorteringssamfunn" der enkelte menneske er mindre verd enn andre. Også det minner oss om ei mørk fortid.

Ny dimensjon

Abortspørsmålet har altså fått ein ny dimensjon. Det handlar ikkje lenger berre om "å få et barn eller ikke – men hva slags barn", som Kristin Halvorsen skreiv i boka "Abort — en debatt for 90-årene" i 1996.

Boka var eit fellesprosjekt mellom SV-politikaren Halvorsen, Høgres Kristin Clemet og tidlegare KrFU-leiar Kristin Aase. Dei tre Kristin-ane såg at bioteknologien ville reisa nye etiske dilemma, og dei ville vera i forkant og reisa ein debatt som gjekk på tvers av tradisjonelle politiske skiljeliner.

"Jeg ser dette i et videre perspektiv – utover det rent medisinske og ønsket om å befri oss fra sykdom. Det dreier seg om jakten på det "perfekte" menneske. Men samtidig flyttes jo grensene for hva som er "perfekt". Definisjonen på hva som er "vellykket", blir stadig smalere", sa Kristin Halvorsen i 1996. Orda er neppe blitt mindre aktuelle.

Det er heller ikkje Halvorsen. I desember i fjor utpeika helseminister Bent Høie henne til ny leiar i Bioteknologinemnda, eit statleg utval som skal gi råd om bioteknologiske og genteknologiske spørsmål. I eit intervju med Dagen viste Kristin Halvorsen at ho har teke vare på si kritiske innstilling:

"Jeg er svært tilbakeholden til at gravide skal føle seg presset til å teste egenskaper ved fosteret sitt. Screening av egenskaper ved fostre på et tidlig stadium er vi lite tjent med som samfunn", sa Halvorsen til avisa.

Vinnaroppskrift

Men om Kristin Halvorsen står for det same, har utviklinga gått i ei anna retning i partiet hennar. På landsmøtet i fjor vedtok SV etter hard debatt å seia ja til tidleg ultralyd for alle kvinner i offentleg regi – trass i at mange partiveteranar hadde vist til dei etiske dilemma som eit slikt tilbod reiser.

Og i Høgre er Kristin Clemets linje på defensiven. Den tøffaste kampen på landsmøtet i fjor stod om abortlova. Sidan 2001 hadde Høgre hatt på programmet å fjerna alvorleg sjukdom hos fosteret som sjølvstendig abortkriterium etter veke 12. Trass i motstand frå Erna Solberg og Bent Høie vann Høgres kvinnenettverk fram med kravet om å endra programmet slik at Høgre er på linje med dagens abortpraksis.

Norge er neppe eit land med perfekt likestilling, heller ikkje i 2014. Men om det er noko desse sakene viser, så er det at den som greier å vinkla debattar til å handla om kvinners rettar, har funne ei uimotståeleg vinnaroppskrift. Dette argumentet trumfar effektivt både dei etiske innvendingane mot sorteringssamfunnet og spørsmålet om kor langt staten kan gå overfor enkeltmenneske i samvitsspørsmål.

For lettvint

Det er lett å forstå at det er blitt slik. "Strikkepinnesamfunnet", som Erna Solberg kalla det, er ennå langt framme i norske kvinners kollektive minne, og gjer dei på vakt overfor alle forslag som kan tolkast som ei innstramming av retten til sjølvbestemt abort.

Men resultatet er ein allianse mellom størstedelen av venstresida og den liberalistiske høgresida som vil kunna privatisera viktige etiske spørsmål, og som fører til at den debatten dei tre Kristin-ane etterlyste i 1996, i praksis blir lagt død. For det er det som skjer når spørsmålet om kvinners rettar får hegemoni som ramme for diskusjonen, og derifrå kan det dessverre vera kort veg til hersketeknikkar og hån mot dei som tenkjer annleis eller stiller dei vanskelege spørsmåla.

Så lettvint bør me ikkje gjera det for oss.

Derifrå kan det vera kort veg til hersketeknikkar og hån mot dei som tenkjer annleis eller stiller dei vanskelege spørsmåla.

Fem siste fredagskommentarar frå Hetland:

Publisert:

Les også

  1. Ingen blanke ark for Sp

  2. Rettferdige og bandittar – og auga som ser

  3. Når det står om sekund

  4. Varsla Statoil-kutt små risp mot det som kan koma

  5. Pascale Mauclairs tapte ære

  1. Ledelse