Kommunereforma: Ein ynkeleg snuoperasjon frå Ap

AFTENBLADET MEINER: Arbeidarpartiet skal vinna valet i haust og gjer mellom anna pinleg retrett på gamle prinsipp.

  • Leiar
Publisert: Publisert:
Ap-leiar Jonas Gahr Støre har erklært den blå-blå kommunereforma steindaud. No gjeld det først og fremst å vinna valet for han, nestleiar Hadia Tajik og partisekretær Kjersti Stenseng.
iconDenne artikkelen er over fire år gammel

Våren 2013 var nestleiar Helga Pedersen (Ap) på valkamp-turné på Nord-Jæren. Ho sa då at Ap var reie til å bruka tvang dersom ein einskildkommune nektar på samanslåing og tre andre vil.

Les også

Diskuterte tvangssammenslåinger i reformmøte på Stortinget

No tapte dei raud-grøne valet same haust.

Ap-landsmøtet 2015 nedfelte at all samanslåing skal skje friviljug.

Senterpartiet har framgang på alle meiningsmålingar og er garantert regjeringspartnar for Ap ved eit eventuelt regjeringsskifte i haust.

Tydeleg reform-motvilje

Sp vinn mellom anna røyster på å vera det mest akseptable nasjonalistiske partiet me har – og på å seia nei til absolutt alle reformer som dei blå-blå har lansert i si regjeringstid.

Difor ser me at Ap i drygt tre år i opposisjon har gått frå moderat å støtta bruk av tvangssamanslåing til at Pedersen måndag varsla at partiet lovar å reversera eventuelle tvangssamanslåingar etter valet.

Kommunesamanslåingar er inga vinnarsak.

I Aftenposten måndag kunne me lesa om Ap-ordførarane som sakna støtte frå sin eigen partileiar etter at dei har gått i bresjen for samanslåingar lokalt og ofra mykje popularitet på det.

Konsekvent og kjent i Sp

Senterpartiets haldning er konsekvent og fullt ut forståeleg.

Men sjølvbiletet i Ap er at Norges største parti også er sjølve styringspartiet.

Diverre ser me no at ønsket om å styra og forma framtida har vorte erstatta av det meir kortsiktige ønsket om å vinna val.

Me har vore kritisk til kommune- og regionreforma på fleire punkt. Me ser også at innbyggjarane stort sett er nøgde med eksisterande struktur og forstår at veljarane fryktar auka avstand både til politikarane, rådhus og tenestar ved samanslåingar.

Den grøne landsbyen i midten

Med mogleg unntak av Sp er det brei politisk semje om at mange norske kommunar er for små, og at talet burde ha vore redusert. Men dersom alle samanslåingar skal skje utelukkande frivillig, vil det skje svært lite.

Les også

Frp-leder støtter Sandnes og Forsand

Her i Rogaland har me no den pågåande samanslåinga med Stavanger og dei nye byøyane Rennesøy og Finnøy. Mellom dei skal Randaberg ligga som den uavhengige, grøne landsbyen.

Dersom dagens stortingsfleirtal skulle påstå at dette er ein ulogisk konstruksjon, har alliansen Ap og Sp lova å oppheva vedtaket.

Kommunereforma er då ikkje berre daud som Ap-leiar Jonas Gahr Støre lova i fjor, men sett i revers.

Valgevinsten er openberr, den samfunnsmessige nytta verkar mindre viktig.

Les også

  1. Høyre varsler nye tvangssammenslåinger av kommuner

  2. Norges rikeste kommuner sier nei til regjeringens kommunereform

  3. Sven Egil Omdal om folkeavstemninger: Folkets nei er en distraksjon

  4. Ap-Hansen stopper ikke Sandnes og Forsand

Publisert:
  1. Kommunereform
  2. Randaberg
  3. Helga Pedersen
  4. Jonas Gahr Støre
  5. Frivillighet

Mest lest akkurat nå

  1. Familien på Tasta sparer tusenvis på seine dusjer og middager – her er deres – og ekspertens – strømtips

  2. – Ikke folkeavstemning i Forsand

  3. Støre varsler nye koronatiltak tirsdag

  4. 46-åring omkom i klem­ulykke på Moi – navnet er frigitt

  5. Er det penger å spare på å senke tempe­raturen om natten? Ikke gjør denne varme­pumpe-tabben

  6. Bil i brann på bensin­stasjon på Nærbø