Leiar: Ingen grunn til å seia blankt nei til ei offisiell liste over dei mest sentrale norske kunstverka gjennom tidene

Slett ingen grunn til å sabla ned framlegget frå Torbjørn Røe Isaksen heilt utan vidare, meiner Aftenbladet på leiarplass.

AFTENBLADET MEINER: Me vil støtta forslaget om norsk kulturkanon – på dei rette vilkåra. Det må ikkje enda i «oss mot dei».

  • Leiar
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over fire år gammel


Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) leiar programkomiteen som snart legg siste hand på Høgres stortingsvalprogram for perioden 2017-2021.

Der kjem eit framlegg om at Kulturdepartementet skal nedsetja ein såkalla kulturkanon. Det vil seia ei liste over dei mest sentrale norske kunstverka gjennom tidene.

Høyre vil ha en norsk kulturkanon

Best og viktigast?

Kanon er ikkje alltid ladd kanon eller kanon full. I dette tilfellet snakkar me om kanon frå gresk i tydinga rettesnor eller førebilete. I moderne tyding gjerne ei samling av det beste eller viktigaste av verk innan litteratur, biletkunst eller film.

Best og viktigast er sjølvsagt uhyre vanskeleg, for ikkje å seia umogleg å ha nokon fasit på.

Den amerikanske litteraturprofessoren Harold Bloom gjorde omgrepet kjend med mykje omtala og omstridde "The Western Canon" i 1994. Der vart William Shakespeare kåra til gjevast gjennom tidene.

I nordisk samanheng er ideen henta frå Danmark som fekk sin kulturkanon i 2005/2006 – tilfeldigvis parallelt med at karikaturstriden rundt Muhammed-teikningane braka laust. Der enda kanonvalet med 108 såkalla heilt essensielle kunstverk innan alt frå arkitektur til design, biletkunst og teater.

Danmarks kulturkanon

Høgst diskutabelt

Den danske kanonen har vore omdiskutert. Til liks med den nye Danmarks-kanonen frå i fjor med ti verdisaker: Mellom anna kristen kulturarv og hygge.

Me er ikkje samd med kulturpersonane som seier tvert nei og meiner at ein norsk kulturkanon berre er politikarsnakk, marknadsføring av møblerte Høgre-heimar eller generelt umogleg kan føra noko godt med seg.

Forfattaren Erlend Loe viser til eigne røynsler med keisamt litterært pensum i skuleåra. Han meiner at ein eventuell norsk kulturkanon minimum må inkludera Ragnar Hovland og filmen "Mongoland".

Allereie her er debatten i gong, og det meiner me berre kan gagna norsk kulturliv. Lat oss diskutera høglydt og intenst både framlegga til ei slik liste undervegs og ikkje minst den endelege lista. Høyrer Henrik Ibsen heime der, men ikkje Knut Hamsun til dømes?

Alvorlege sider

Høgre-framlegget har likevel langt meir alvorlege sider. Då Frp foreslo tilsvarande for 11 år sidan vart det til dømes blankt avvist av Stortinget elles, Høgre inkludert.

Sverigedemokratane vann heller ikkje gjennom med tilsvarande framlegg i Riksdagen i vårt naboland Sverige for få år sidan, trass eit fromt ønske frå forslagsstillarane om å jakta fram den ekte svenske kulturidentiteten.

Ei liste over det beste av norske kulturverk må ikkje dela Norge i "oss og dei andre".

Fleire leiarar frå Aftenbladet den siste veka

Les også

  1. Drama på sperregrensen

  2. Kongen har et poeng: Det må satses på forebyggende arbeid

  3. En riktig debatt om gatekunsten

Publisert:
  1. Torbjørn Røe Isaksen
  2. Litteratur
  3. Erlend Loe
  4. Henrik Ibsen
  5. Kunstverket

Mest lest akkurat nå

  1. Politibil under ut­ryk­ning kolliderte med Porsche i Hille­våg

  2. Flere blir lagt inn på sykehus. Er vi på vei inn i neste korona­bølge?

  3. Leah Isadora Behn stakk av med influencer-pris

  4. Så vakkert, så vakkert

  5. Sandnes-kvinne får million­erstatning etter feil­behandling på SUS

  6. Stavanger-ost best i Norge