Nødvendige millionar

LEIAR: Kjem ikkje kulturlivet snart i gang igjen, legg vi vanane og pengane våre andre stader. Det tapar vi i tilfelle stort på.

Regjeringa, ved kulturminister Abid Raja, gir kulturlivet 900 millionar for å stimulera til aktivitet. Raja tok måndag mot innspel frå bransjen. Foto: Heiko Junge

  • Stavanger Aftenblad
Publisert: Publisert:

20. mars, 2020. Norge hadde vore nedstengt i ei veke. Vi visste omtrent ikkje kor dei andre var. Kva dei gjorde. Kva som var farleg. Kva som smitta. Det var stille i landet. Så begynte artistane å finna saman via nettet. Og finna oss. «La ilden lyse» kom. Med Markus Neby og Frida Ånnevik i spissen, med Staysman, Ane Brun, Maria Mena, Admiral P, og ein heildekka skjerm av heimestudio-artistar.

Sondre Lerche inviterte til konsert frå sofaen, Odd Nordstoga og Ingebjørg Bratland la ut eit stille håp om at det igjen skulle livna i lundar. Kringkastingsorkesteret blei på smittetrygt vis ramma rundt koronakonsertane til nrk.

Det er få månader sidan. Men det var i ei anna verd. For vi var alle heime, og ganske aleine. Artistane klarte å skapa håp, litt lys, ein pustepause frå alt som truga. Og ei viss motstandskraft. For sjølv aleine framfor kvar vår skjerm kunne vi kjenna på eit fellesskap, på at noko blei ved, på at noko var til å kjenna igjen. Det var viktig. Ein av sektorane som er hardast ramma av pandemien leverte livskraft til oss andre.

Nå kan dei ikkje lenger klara samla oss framfor kvar våre private skjermar. Vi er ikkje der lenger. Sjølv om liva våre ennå vil vera prega av pandemien i lang tid, lever dei fleste av oss heilt annleis enn vi gjorde i mars og april. Vi kan gå ut av huset, vi kan treffa folk. Vi kan finna saman reint fysisk. Men kulturlivet ligg i stor grad nede. Dei er avhengige av å samla folk - mange folk - for å tena pengar. Og dei må gjera det nå, før vi legg oss til andre vanar.

At regjeringa kjem med 900 nye millionar som skal få i gang kulturlivet der ute igjen, er difor heilt nødvendig for oss alle. Pengane skal brukast til å dekka gapet mellom inntektene ein konsert eller ei framsyning vanlegvis ville hatt, og inntektene ein klarer få under pandemien. Slik vil ein stimulera til aktivitet, det skal kunna gå an å planleggja og gjennomføra arrangement, sjølv når ein ikkje heilt veit kva grenser smittereglane gir.

Kultursektoren er hardt ramma, og har samtidig hamna i skyggen av andre. Det er urimeleg. At kultur samlar, gir trøyst og mot når tidene er tunge, høyrer ikkje berre festtalane til. Koronalivet i vår viste oss det. Og nettopp fordi kulturen tek oss ut av kvardagen, senkar vi også skuldrene litt, går nærmare, og slepp andres liv og kritikk nærmare innpå oss. Det er eitt av tannhjula i eit demokrati. Både under og etter ein pandemi.

Les også

  1. Forsker: Avlyste festivaler svekker fellesskap

  2. Over femti leverandører og 20 millioner i budsjett – så ble alt avlyst. Hva skjer nå?

Publisert:
  1. Kulturpolitikk
  2. Pandemier
  3. Koronaviruset
  4. Utopiafestivalen

Mest lest akkurat nå

  1. Mann og kvinne fra Jæren til sykehus med alvorlige brann­skader

  2. Ti videregående skoler på rødt nivå fra torsdag

  3. 106 grader øst: – En hyllest til mamma

  4. – De neste dagene vil fortelle oss om vi er på en topp eller ved starten av en stigning

  5. Han gjør livet utrygt for utro i Stavanger

  6. Barnehager og skoler i Stavanger settes på rødt tiltaksnivå – holder stengt onsdag