Nitrist frå USAs president

AFTENBLADET MEINER: Joe Bidens historie om USAs ansvar for situasjonen i Afghanistan, er altfor nærsynt og enkel. Dessverre er ikkje det særleg overraskande.

President Joe Biden går, etter å ha orientert om sitt syn på situasjonen i Afghanistan.
  • Stavanger Aftenblad
Publisert: Publisert:

– Vårt oppdrag i Afghanistan var aldri å bygge ein nasjon eller eit demokrati. Vårt einaste mål i Afghanistan var å hindra eit terroristangrep mot USA

Slik oppsummerte USAs president Joe Biden det heile måndag denne veka. Han la til at det klare målet i 2001, då USA gjekk inn i landet, var å ta dei som stod bak terrorangrepet 11. september, og hindra nye terroraksjonar mot USA. Konkret ved å sørgja for at al-Qaida ikkje kunne bruka Afghanistan som base.

– Men amerikanske soldatar kan ikkje og burde ikkje slost eller døy i ein krig som afghanske soldatar ikkje er villig til å kjempa, sa han. Og lot tankane gå til alle USAs folk som har vore i landet, og deira pårørande. Over 200.000 menneske har mista livet i dei tjue åra USA var i Afghanistan. Dei fleste av dei var ikkje amerikanarar.

USA gjekk inn i Afghanistan i oktober 2001, og meinte dei hadde rett til det etter Folkerettens prinsipp om rett til sjølvforsvar. Dei fleste land var einige i det. I desember same år vedtok tryggingsrådet i FN å tillata ein internasjonal styrke i og rundt Kabul, seinare i heile landet. Den operasjonen blei avslutta i 2014. Nato følgde opp i 2015, med opplæring, trening og støtte til afghanske styrkar. Frå 2002 hadde FN også en politisk operasjon gåande, som blant anna følgde med på valprosessar.

Organisasjonen Human Rights Watch har skulda USA for å ha vore altfor opptekne av kortsiktige militære mål, og altfor lite opptekne av å byggja opp demokratiske institusjonar. USAs eigen sjef for gjenoppbygging i landet, John Sopko, kritiserer sine eigne for å vera hovmodige og uærlege, og for å ha sett gjennom fingrane med utbreidd korrupsjon på toppen av regjeringsstyrkane.

Kampane mellom regjeringsstyrkane og Taliban har det første halvåret i år drive nærmare 400.000 menneske på flukt. Totalt reknar ein med at 3,5 millionar afghanarar er fordrivne. Flyktninghjelpen reknar med at meir enn 18 millionar menneske i landet nå har behov for humanitær hjelp. Organisasjonen blir i landet, som er eitt av dei farlegaste landa i verda dei opererer i, og totalt avhengige av bistand. Humanitære organisasjonar som Flyktninghjelpen skal nå få hjelpa fram til dei som treng den, og få dei som styrer - altså Taliban - med på at dei må beskytta sivile, og sleppa hjelpa fram. Samtidig som dei skal kjempa mot at særleg kvinnene får sine heilt grunnleggjande menneskerettar rivne vekk igjen - slik det var då Taliban sist hadde makta.

Bidens oppsummering er altfor enkel, altfor nærsynt, og altfor gjenkjenneleg. Erfaringane frå Vietnam, Irak og Libya burde ha gjort større inntrykk.

Les også

  1. Kabul er Joe Bidens Saigon

  2. Kaos på flyplassen i Kabul – minst sju døde

  3. – Hvorfor har vi en uløselig krig i Afghani­stan?

  4. USA og Nato har ikke lykkes i å gjøre Afghanistan tryggere

Publisert:
  1. Taliban
  2. Al-Qaida
  3. USA
  4. Human Rights Watch
  5. Joe Biden

Mest lest akkurat nå

  1. «Glimt av gammel storhet – og masse rør og rot. Men det viktigste denne kvelden var kanskje ikke kvaliteten på Kristian Valens show.»

  2. Kvinne brukte superlim på naboens elbil-lader

  3. Et enkelt Messenger-spørsmål fra en slektning ble til et mareritt for Rune Nedrebø

  4. Trafikkuhell i Hillevåg

  5. Da hun fikk påvist det arvelige genet, fikk hun valget. For henne var det aldri et spørsmål.

  6. Hadia Tajik-erstatter klar for Stortinget – tre kandidater til maktrolle i Rogaland