På tide å slutta å ropa

LEIAR: Dei store partia i Norge er eigentleg einige om innvandringspolitikken.

Den danske sosialdemokraten mette Fredriksen vil ha ro rundt innvandringspolitikken. Kva vil Jonas Gahr Støre?
  • Leiar
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over tre år gammel

Denne veka inviterte det danske partiet Socialdemokratiet til breid samling om dei store trekka i innvandringspolitikken. «Danmark har ikke brug for den blokpolitik og splittelse som historisk har kendetægnet udlændingspolitiken,» heiter det i erklæringa. Dei viser grunnleggjande ordningar som skuleplikt, folkepensjon og gratis helsehjelp til alle, og oppfordrar til at ein også på innvandringsfeltet tenkjer langsiktig på kva som er rettferdig og realistisk, i staden for på kva som er i kvart partis kortsiktige interesse.

Til diskusjon

Dei føreslår at ein bare tar i mot flyktningar som har kvotestatus hos FN, og at det ikkje lenger skal vera muleg å søkja asyl når du kjem til Danmark. Det siste for å stoppa menneskesmuglarar i å tena pengar på å få folk til å leggja ut på farefulle reiser til det landet dei vil ha asyl i. Og for å unngå at desse som treng vern og skaffar pengar, lettare får opphald enn dei som treng vern og ikkje klarer skaffa pengar.

Dei vil at europeiske land skal dela kvoteflyktningar mellom seg, at asyl skal innvilgast mens ein er i mottak i nærområda, og at fleire skal hjelpast der.

Mest roping

Her heime har Ap, sosialdemokratanes systerparti, også tatt bladet frå munnen dei siste dagane. Men ikkje heilt på same måte.

Dei har send sin nye innvandringstalsmann, Masud Gharahkhani ut i media for å snakka varmt og høgt og lenge om ein «streng og rettferdig» innvandringspolitikk.

Så langt har han bare fått det til å høyrast ut som at Ap spring etter Høgre og Frp, og plutseleg ropar høgt om noko dei alle tre lenge har meint.

For i praksis har Ap i årevis stått for ei like streng linje i innvandringspolitikken som Høgre og Frp. Det er stort sett Frps måte å snakka om dette på, dei har protestert mot.

Mot og vilje

Dersom det skal bli meir ro på feltet, må Ap slutta å ropa sånn, og heller samla mot og vilje til å koma med nøkterne framlegg alle dei største partia kan samla seg om.

For det andre må Frp samla mot og vilje til å leggja bort ordbruken dei er aleine om, og dermed la si fremste markeringssak falla, til fordel for langsiktige løysingar på feltet.

Det er ikkje sikkert eit breidt forlik gir den beste politikken på eit vanskeleg felt. Men det ville unekteleg hjelpa om ein får slutt på at flyktningars framtid stadig blir til billege poeng i politiske markeringsbehov.

Les også

  1. Sylvi Listhaug vil vurdere danske asylforslag

  2. Strengere Støre vil ikke settes i innvandringsbås med Frp

Publisert:
  1. Migrantkrisen i Europa
  2. Asyl
  3. Danmark

Mest lest akkurat nå

  1. For 30 år siden skremte denne gjengen vannet av foreldre og rektorer i Sandnes

  2. Slik så det ut ved Vålandstårnet i kveld

  3. Avhørte vitner kan ha husket feil

  4. Kommuuuuuuuuuuuuunen!

  5. Stor test av 15 brød: To får toppkarakter

  6. Bygget Norges billigste sykkel- og gangsti, helt uten byråkrati