Dei yngstes kvardag

LEIAR: Sp og KrF ber Stortinget sørgja for at seksåringanes skuledag blir evaluert. Det er på høg tid.

Publisert: Publisert:

Gi førsteklassingane våre ein kvardag dei har aksler til å bera. Foto: Pedersen, Terje / NTB scanpix

Leiar

I 1997 sende vi seksåringane inn i skulen, og gjorde samtidig grunnskulen eitt år lengre. Ein ville gi alle seksåringar det same tilbodet, og ein ville gi dei alle ein leikande start på skulegangen. Tradisjonell sitja-stille-ved-pulten-læring skulle ein venta med, og barnehagelærarane skulle inn i skulen.

Men nei

Det tok slutt nesten før det hadde begynt. I 2001 fekk vi Pisa-sjokket. Det viste seg at norske 15-åringar ikkje kom så høgt på listene i den internasjonale målinga av visse ferdigheiter som ein meinte dei burde.
Vi fekk Kunnskapsløftet. Vi måtte skunda oss å læra barna nok. Snart var seksåringane på plass bak ein pult.

Fleire slit

Difor veit vi ikkje korleis seksårsreforma eigentleg ville fungert. Men vi veit at fleire og fleire barn slit, vi veit at forskjellen mellom jenter og gutar aukar, og vi veit at sjansen for å få ein ADHD-diagnose er større dersom du er fødd seint på året. Det kan tyda på at dei yngste barna, og særleg dei yngste gutane, ikkje er modne for å klara det skulen krev - sitja stille lenge, leika lite, bli målte og testa og vurderte, og forventa å kunna gi seg sjølv smilefjes, strekfjes eller surt fjes, alt etter kor godt dei sjølv meiner å ha oppfylt vekas mange læringsmål.

Les også

Bekymringsmelding for de yngste skolebarna

Trykket

Det er ikkje likt i alle klasserom, men inntrykket er at ein heilt klart ikkje har teke nok omsyn til barns utvikling og modning dei siste tjue åra. Ein har bare prøvd å kompensera for manglande Pisa-resultat med å trykkja meir tradisjonell læring ned over dei yngste.

Forsking viser at norske skulebarn ikkje har lært meir når dei går ut av vår tiårige skule, enn dei hadde då dei gjekk ut av den niårige. Men dei trivst dårlegare, og fagfolk både i skulen og i helsevesenet åtvarar mot kva presset og testinga gjer med barnas mentale og fysiske helse.

Verken KrF eller Sp vil endra tida for skulestart. Men dei vil endra innhaldet, og få inn igjen leiken og omsynet til barns utvikling.
Det er gode tankar, som sannsynlegvis lettare vil få gehør på Stortinget nå enn for få år sidan. Vindane er i ferd med å snu, og det er bra.

For det er på høg tid å ta dette på alvor. Gi dei minste i skulen ein kvardag dei har aksler til å bera.

Les også

Skolen er ikke tilpasset jenter – tvert om!

Les også

Rogaland Sp: Høyre svikter norsk skole

Publisert: