Lykke til i Frankfurt!

LEIAR: At Norge i år er gjesteland på bokmessa i Frankfurt, kan ikkje vera eit problem. For å seia det forsiktig.

Publisert:

Maja Lunde signerer den tyske oversetjinga av Biene under eit arrangement i Köln - på veg til Frankfurt. Foto: Heiko Junge

Leiar

«Med Norge som hovedland i Frankfurt vil vi nå ut med et bredere utvalg norske bøker, flere forfatterskap som gjøres tilgjengelig og kjent for lesere på andre språk,» sa forfatterforeiningas dåverande leiar Sigmund Løvåsen i 2016.

Finland, som heller ikkje kan seiast å ha eit verdsspråk som morsmål, var hovudland i 2014. Det medførte 7770 presseoppslag internasjonalt, og 130 finske bøker blei selde for å bli utgitt på tysk alt før bokmessa hadde starta.

For Norge er dette den største utanrikskulturelle satsinga nokonsinne. Over 100 norske forfattarar er i Frankfurt denne veka. 510 bøker av norske forfattarar har blitt eller blir utgitte på tysk i 2018 og 2019. 85 av forfattarane kjem ut på tysk for første gong i samband med gjestelandsprosjektet.

Staten har spytta i 30 millionar kroner. Samla prislapp er på drygt 50 millionar. Forleggjar Arve Juritzen meiner det er ein dyr fest, at det ikkje kjem norske lesarar til gode, at det ikkje er god business å oversetja, og at dette ikkje skaper noko av verdi. Han er redd lommeboka til kulturminister Grande ikkje er like raust open til neste år, og ber henne kikka nærmare på forhold ved litteraturpolitikken her heime når ho er tilbake frå Frankfurt.

Debatten blei reist av forfattaren Hilde Østby, som i eit essay i Prosa fortalde om hardt arbeid, usikre framtidsutsikter og svært dårleg timebetaling, sjølv som ein av dei heldige forfattarane som har blitt lansert i utlandet. Medianinntekta for norske forfattarar var i 2013 rundt 120 000 kroner. Langt unna ei vanleg, norsk årslønn. Festane, pompen og prakten får ho vera med på, men ho kan jo ikkje godt betala rekningar med det, eller senda den inkluderte hotellfrokosten heim til familien.

At fagfolk som Arve Juritzen og Hilde Østby drar fram kvardagar og knekkebrød mens scenelyset først er på, er heilt på sin plass.

På eit felt som litteratur kjem ein også raskt til store ord, som at det er viktig at vi, frå eit bittelite språkområde, får våre historier, våre liv og våre blikk på verda lest og forstått av andre lands folk. Og at vi får tilgang til å lesa deira. Det er sant. Men det er lett å forstå at kontrasten til knekkebrødet er stor.

Likevel, at Norge deltar på som hovudgjest på den største bokmessa i verda, kan ikkje gjera det verre å vera norsk forfattar. Men det kan sjølvsagt aktualisera korleis heile den norske bokbransjen fungerer. Trine Skei Grande må gjerne ta oppfordringa om å kikka nærmare på det når ho kjem heim.

Publisert: